Elisabeth Jensen Lombnæs og rektor Geir Johansen tok imot prisen på vegne av Gamlebyen skole.
Elisabeth Jensen Lombnæs og rektor Geir Johansen tok imot prisen på vegne av Gamlebyen skole.

Årets bibliotek 2022 – bli med på prisutdelinga!

Episode 11 av Podkasten Bok & bibliotek er via fullt og heilt til utdelinga av prisen Årets bibliotek 2022, som gjekk til skulebiblioteket ved Gamlebyen skole i Oslo og blei delt ut av Fritt ord-direktør Knut Olav Åmås.

Publisert Sist oppdatert

Prisen blei utdelt for fullsatt sal på Deichman Grünerløkka torsdag den 12. januar 2023.  I denne episoden får du takketalen til biblioteklærar Elisabeth Jensen Lombnæs og rektor Geir Johansen ved Gamlebyen skole. Deretter kjem Knut Olav Åmås sin tale, der han tar utgangspunkt i sitt eige innlegg som sto på trykk i Aftenposten 29. oktober i fjor «Ro er den nye rocken». Til slutt kjem dei eit intervju med prisvinnarane.•

 

Powered by Labrador CMS