ordskifte

Faste stemmer

Skulebibliotekarar eg ikkje har møtt

Nokon blir lesarar trass i mangelfulle skulebibliotek. Denne månaden skriv Oddmund Kårevik om vegen til bibliotekaryrket sett i lys av skulebiblioteka han møtte og skulebibliotekarane han oftast ikkje såg noko til.     

Publisert Sist oppdatert

Fire fagfolk skriv fritt om bibliotek

Johanne Raade, Marie Alming, David Kvamme Høvik og Oddmund Kårevik kommenterer bibliotekfeltet frå kvar sin stad i sektoren.

Denne måneden: Oddmund Kårevik

Bibliotekar med prosjektleiaransvar i Stiftelsen Lese. Tidlegare biblioteksjef og rådgivar i fylkesbibliotek. Særleg oppteken av forskjellen biblioteket gjer i lokalsamfunnet. 

Mitt fyrste skulebibliotek var eit bomberom. 100 % ubemanna. Eg trur ikkje bøkene stod alfabetisk eingong. Dei stod der dei stod. Eg hugsar heller ikkje at me nytta det ofte.

Ein time skulle me dit. Eg trur eg gjekk i 5.klasse. Det var i alle fall i 1990, det er eg heilt sikker på.

Me lånte bøker. Eg hugsar ikkje lenger kva eg lånte. Men kameraten min Eirik lånte ei bok som eg aldri har gløymt.

Dette er eit interessant tilfelle av rett bok til rett lesar til rett tid, utan nokon vaksne involvert i det heile.

Den magiske boka Eirik valde, var Så lenge det er egg er det håp av Rune Belsvik.

Eg trur han må ha begynt å lesa i den fyrst. Men så gjekk me over til å lesa den høgt for kvarandre. Det er nok den mest minnerike høgtlesinga i livet mitt. Les sjølv, så forstår du kor gøy det var.

Frå bomberomskulebibliotek kom eg til ungdomsskulen, og der var det ikkje skulebibliotek i det heile.

Førnemnte Rune Belsvik gjekk på same ungdomsskule som meg mange år tidlegare og har skrive ein tekst mange år etter, etter eit besøk på skulen.

«Eg stokk ved synet av skulebygget. Herregud kor mykje eg tapte her, tenkte eg. Herregud kor mange krefter eg brukte for å dekka meg til.»

Akkurat sånn opplevde eg det også. Når eg tenkjer tilbake på Stord ungdomsskule dei åra eg gjekk der, så ser eg for meg mange små vindauge, det såg ut som eit slags fengsel.

Eg var så usikker.

Kanskje grunnen til at det ikkje var skulebibliotek på ungdomskulen på Stord, var at folkebiblioteket på Kulturhuset var nære? I nyaste rapport av Spørsmål til Skole-Norge rapporterer 1/3 av skuleleiarane at dei ikkje har skulebibliotek sidan folkebiblioteket er i gå-avstand. På Stord måtte me nytta mykje av timen på å gå, så det var kanskje difor me berre var der ein gong i skuleregi i løpet av tre år på ungdomsskulen.

Mi trettifem år gamle erfaring på ungdomsskulen er altså døme på ein slags trend i dagens Skulebibliotek-Norge. Mangel på skulebibliotek, og folkebibliotek som erstatning.

Så har eg kome til gymnaset. Det heitte faktisk gymnas! Og eg gjekk på eit kristent, konservativt internatgymnas i Vest-Telemark. Dei hadde eit lite og koseleg skulebibliotek med lesesal. Og til og med ein bibliotekar i ei lita stilling.

Men bibliotekaren var berre inne i det glasa buret sitt, ho var aldri ute. Det gjekk ikkje an å spørja ho om noko. Så eg spurde ikkje. Det var ingen initiativ til litteraturformidling.  Likevel likte eg rommet og var trekt mot det. Eg kjente meg trygg der. Og eg fekk ei slags litteraturformidling gjennom Boklubbens blad som låg der. Som de hugsar, var bokklubben ruvande stor på 90-talet. Du kunne vinna koppar og pledd og alskens, men i tillegg stod det om mange interessante titlar. Det kunne vera Arundaty Roy, Gudene for små ting, eller det kunne vera klassikarbøker frå Amalie Skram. Eg saug til meg denne informasjonen.

Eg hugsar ikkje at det gjekk an å låna bøker frå dette biblioteket. Men hugsar det var ein del bøker der.

Eg tenkjer på skulebibliotekforskaren Elisabeth Tallaksen Rafste sitt omgrep om biblioteket som porøst sosialt rom, at skulebiblioteket blir ei gråsone på skulen, mindre styrt enn eit klasserom, men heller ikkje like ope og fritt som uteområda. Dette biblioteket blei opplevd slik. Det var ikkje ein bibliotekar å snakka med, men det var likevel eit varmt rom. Det var ryddig der. Og det var eit rom fylt av konsentrasjon og folk som las.  

Mitt neste år var eg aller mest på eit skulebibliotek ingen andre var på – eller meir ein lesesal. For eg gjekk på ein bibelskule og tok ex.phil. og sat der og las. Det eg hugsar best frå det året, var at eg stadig støytte på ein lærar som ville visa meg ulike bibelvers som beviste at homofili definitivt var synd.

Dette var med andre ord eit veldig smalt fagbibliotek.

Det neste året er ei blank side for meg. Delvis i alle fall. Eg studerte engelsk grunnfag på Dragvoll i Trondheim, men eg har ingen minne frå biblioteket. Eg hugsar berre veldig masse glas, og at det var kaldt når eg sat ute på gangen og las Wuthering Heights.

Neste år, 1999, hugsar eg derimot svært godt. På den tida heitte det Høgskolen i Telemark, Notodden. Det var verkeleg ein fantastisk plass på den tida. For eit bibliotek! Utruleg mange kunstbøker. Og fine folk som jobba der. No er eg litt inhabil, for etter kvart fekk eg jobb der sjølv som studentvakt, og det er nok difor eg vart bibliotekar.

Dette var eit aktivt læringssenter med bibliotekarar som var profesjonelle og kunne hjelpa. Ein luksus.

Dette var eit aktivt læringssenter med bibliotekarar som var profesjonelle og kunne hjelpa. Ein luksus.  

Sidan eg ville utdanna meg til bibliotekar, flytta eg til Oslo etter dette og studerte ved det som no heiter OsloMet.

Her har eg to minne frå bibliotek. Det litt sobre biblioteket i same bygg me studerte i. Og det meir kaotiske i det bygget bryggeriet hadde vore. Det lukta sterkare av øl dess lenger ned i kjellaren ein kom. Også her jobba eg etter kvart.

Eg hugsar særleg godt det sobre biblioteket i same bygget som bibliotekarutdanninga. Det var nok fordi eg var skrudd inn på den kanalen. Eg skulle læra noko nytt. Og biblioteket her var på ein måte eit slags bibliotekas bibliotek.

Og det var min karriere med skulebibliotek og læringssenter.

Kva har eg sjølv gjort? Har eg gjort skulebibliotekverda til ein betre plass?

Ja og nei.

Skal eg begynna med nei?

Då eg var barnebibliotekar ved Enebakk bibliotek, fekk me tre eller fire sett med barnebøker tilsendt frå Kulturfondet. I mine fyrste år gjorde eg slik: eitt sett til biblioteket, resten til skulane.

Problemet var at skulane ikkje såg ut til å bry seg. Ein måtte masa på dei for å få dei til å henta bøkene, og når dei henta bøkene, blei dei kanskje tekne inn i samlinga, kanskje ikkje.

Eg prøvde å arrangera nettverksmøte eit par år, men det blei ingen futt. Skulane var ikkje interessert. Eller dei hadde ikkje tid.

Eg gav opp.

Og her er kva eg gjorde etter kvart: Eg tok bøkene sjølv. Eg la inn bøker som formidlingseksemplar i folkebiblioteket si samling. Ikkje alle, så klart, men dei eg visste fenga, og så hadde eg dei med i bokkassar på formidling til klassane. Eg tenkte det var smart, for det var jo elevane som skulle ha bøkene.

Eg er ikkje lenger sikker på om det var smart, for etter kvart såg eg kva som stod i hyllene på to av skulebiblioteka. Det var mykje gamalt.

Me på folkebiblioteket kunne vera ute på to ulike skular i kvar sin ende av kommunen og halda skulebiblioteket ope ein heil dag i veka. Kontakten med skulen og lærarane blei forsterka. Nye samarbeid dukka opp.

Og det er her eg kjem til «ja». Ja, eg gjorde ein ting eg er stolt av for skulebiblioteka i kommunen eg jobba i. I den perioden eg var biblioteksjef, søkte me om midlar frå UDIR, og me fekk pengar til å drifta frå 2019 til 2021. Det var ein kjempestor forskjell at me på folkebiblioteket kunne vera ute på to ulike skular i kvar sin ende av kommunen og halda skulebiblioteket ope ein heil dag i veka. Kontakten med skulen og lærarane blei forsterka. Nye samarbeid dukka opp.

Ved den eine skulen arrangerte me barnebokbad.

Dette var eit samarbeid som fekk fram det beste i samspel mellom folkebibliotek og skule.

Kva skjedde etterpå?

Det som ofte skjer. Når midlane er oppbrukt, blir det mindre aktivitet, mindre opningstid på skulebiblioteket, og terskelen for samarbeid med folkebiblioteket blir høgare.

Tilbake til start. Nesten.

Sjølv blei eg ein god lesar og glad i bibliotek, trass i skulebiblioteka eg støytte på. Me hadde eit veldig godt folkebibliotek på Stord, det gjorde ein stor forskjell for meg. Likevel, det er berre skulebiblioteka som treffer alle barn. 1/3 av skuleleiarar prioriterer bort skulebibliotek. Det er ingen garanti for at denne tredjedelen med barn får oppleva bibliotek i livet sitt. Eg har aldri høyrt ein rektor seia: «Me har ikkje skulebibliotek, men forventar at folkebiblioteket skal vera skulebibliotek for oss». Dette er tause forventningar.

Kvar gong me får vita kor dårleg det står til i norsk skule, så viser ein gjerne noko som fungerer for å vega opp bildet. Som då rapporten om fellesskulen blei lagt fram 11. august. Dagsrevyen valde å byrja med Kjelsås skole, som jobbar godt og målretta med lesing og har ein skulebibliotekar i 100 % stilling og eit skulebibliotek med masse spennande bøker.

Me har løysinga. Det handlar om å gjera det.

Så kanskje nokon om 35 år skriv ein heilt annan tekst enn denne. Det hadde vore tøft.

Powered by Labrador CMS