Utgave: 1/2020
Trøndelag fylkesbibliotek er Årets bibliotek 2019!
Trøndelag fylkesbibliotek har vore nominert for arbeidet som har blitt lagt ned med samisk språk generelt og sørsamisk språk spesielt. Nå er fylkesbiblioteket krona med den gjevaste prisen eit norsk bibliotek kan få!
Trøndelag fylkesbibliotek blei kåra til Årets bibliotek 2019 i skarp konkurranse med Deichman Grünerløkka og Grimstad bibliotek. Dei har ved fylkesbiblioteket i Trøndelag utvida oppdraget sitt til å drive med språkreddingsarbeid til stor inspirasjon for både språkinteresserte, bibliotek, samiske språkmiljø, samiske lesarar og komande samiske lesarar. Dette er av stor og livsviktig betydning for dei små samiske språka i Sápmi. I dette arbeidet samarbeider fylkesbiblioteket tett med språkbrukarar, tolkar, forlag og samiske miljø på ein heilt unik måte. Materialet blir tidvis presentert på ein interaktiv måte slik at ein skaper interesse blant den sørsamiske befolkninga og andre interesserte. Særleg har det vore viktig å nå dei minste som skal vere dei framtidige brukarane av dette utsette språket. – Dette arbeidet passar særleg godt inn i FN sitt år for urfolksspråk. Dette er eit arbeid i verdsklasse, menar juryen.
Årets jury har vore
Vebjørn Rogne, redaktør BOK365
Bente Riise, generalsekretær i Norsk tidsskriftforening
Jo Straube, fotograf
Trud Berg, leiar Stormen bibliotek, fjorårets vinnar
Mariann Schjeide, leiar Norsk Bibliotekforening
Om prisen Årets bibliotek
Årets bibliotek er den gjevaste prisen eit norsk bibliotek kan få. Prisen blir delt ut av Norsk Bibliotekforening, og blir gitt til eit bibliotek som i dei seinare åra har tatt i bruk nye idéar eller utmerka seg gjennom eit godt og effektivt samarbeid mellom dei som brukar biblioteket og dei som arbeider i biblioteket. Prisen er ein kunstgjenstand. Alle typar bibliotek kan bli tildelt prisen. Å bli kåra til Årets bibliotek betyr å få viktig merksemd rundt det gode som skjer i biblioteket. Nominasjon til prisen betyr også at politikarar blir merksame på det som skjer i biblioteket.