Frilansjournalist Lene Christensen og juryleiar Helene Uri under tildelinga av PUFFs språkpris 2023.

Språkpris til Bok & bibliotek-artikkel

I fjor blei det heiederleg omtale. I år stakk journalisten Lene Christensen like godt av med sigeren under utdelinga av PUFFs språkpris. "Ein velkomponert tekst på alle vis," var domen frå juryleiar Helene Uri. 

Publisert Sist oppdatert
Ein glad redaktør saman med journalist og prisvinnar Lene Christensen.

Vinnarteksten "Bibliotekaren som ble med i bagasjen" sto på trykk i utgåve 4-23. Teksten, som byrjar og sluttar på Tøyen bibliotek i Oslo, skildrar frilansjournalisten Lene Christensen ferien sin sommaren 2023. Den brukte ho på å dra sin stadig meir utmatta sambuar på ein for han tilsynelatande uendeleg safari blant vakre barokkbibliotek i Europa. 

Men dette er ikkje berre ei reiseskildring. Den inneheld spanande fakta om biblioteka og personane som bygde dei og brukte dei, og ikkje minst  tankevekkande passasjar om kva biblioteka representerer og betyr – då og i dag. Og alt rama inn av ein god dose humor og sjølvironi. 

I tillegg til Helene Uri sat Ståle Johnsen og Bjørg Engdahl i juryen.nVi gratulerer Lene med velfortent heider og ære under Fagpressen sin PUFF-konferanse torsdag 14. mars 2024! 

Powered by Labrador CMS