Noko nytt til Riley-fansen
Lorna Cook er aktuell med Den glemte datteren, første bok i det Bonnier Norsk Forlag sjølv kallar «en storslått ny serie».

Romanen var ein av dei store snakkisane under bokmessa i London og er alt seld til over 15 land, skriv forlaget i ei pressemelding. Visst nok blir serien boka er ein del av omtala av agentar og forleggarar internasjonal som arvtakaren til Lucinda Riley sin De sju søstrene. Det er vel rimeleg å anta at dei også seier det til kvarandre internt på Bonnier-kontora. Boka kjem 2. oktober.
Ifølge redaksjonssjef André Nilsen i Bastion (eit imprint under Bonnier som også gjev ut Jojo Moyes sine bøker på norsk) er desse bøkene det naturlege steget vidare for dei som saknar å vere i romanuniverset til Lucinda Riley.
Internasjonal lansering
På morsmålet til den britiske forfattaren heiter boka The distant daughter. Den er seld til over 15 land og får parallell lansering internasjonalt, noko som sikkert er lurt for å få merksemd, for eksempel frå Bok & bibliotek.
I boka blir notid og fortid vovne saman, og Cook byr på kjærleik, dramatikk og løyndomar – alt det ei stor familiesaga skal romma, skriv forlaget.
Den glemte datteren er første bind av fire i serien Husets hemmeligheter, som følgjer familien Trelenna på tvers av kontinent og generasjonar. På forfattaren si nettside kan vi lea at den allereie er inne på topp Kindle Top 50-lista både i USA og Storbritannia.
Ho skriv også under pseudonym
Lorna Cook er busett i Essex. Ho arbeidde tidlegare som journalist og PR-rådgjevar og debuterte i 2019 med Den glemte landsbyen, som selde over 150 000 eksemplar i England og sikra henne The Romantic Novelist Association’s debutantpris. Sidan har ho etablert seg som ei av dei mest lovande stemmene innan feelgood-sjangeren og historiske romanar (igjen ifølge Bonnier som gjev ut bøkene hennar her til lands).
I tilleg til å skriva historiske romanar under eige namn, skriv ho også samtidsforteljingar under pseudonymet Elle Cook.
Forfattaren bur ved kysten i Essex saman med mannen sin og deira to døtrer. Når ho ikkje diktar opp historier og karakterar, sit ho etter eiga fråsegn som oftast med eit glas vin i den eine handa og ei god bok i den andre, noko som gjer det litt vrient å bla om sidene. Men når ho les favorittforfattarane Kate Morton, Lucinda Riley, Liz Fenwick, Jenny Ashcroft, Iona Grey og Holly Miller, set ho frå seg glaset, kan vi lesa på heimesida hennar.