Havna i Dubai representerer Emirata slik dei liker å framstille seg. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Havna i Dubai representerer Emirata slik dei liker å framstille seg. Illustrasjonsfoto: Colourbox

Medlemsrøysting gav nei, men IFLA står fast ved Dubai

Trass i massiv kritikk, trass i at 68 prosent sa nei til Dubai i medlemsrøystinga, og trass i at LHBT+-spørsmål ikkje vil kunna diskuterast ope – IFLA legg neste års verdskongress til Dubai.

Publisert Sist oppdatert

Den 19. juni kunngjorde IFLA at dei hadde gjort avtale med Dubai om å vera vertskap for den internasjonale bibliotek- og informasjonskongressen (WLIC) i 2024.

LES OGSÅ

Norsk PEN: – Alle IFLAs medlemmer må kunne delta

Dubai 2024 – hvem blir egentlig boikottet?

Massiv kritikk mot IFLA etter val av Dubai

Byen er hovudstad emiratet med same namn og den største byen i Dei sameine arabiske emirata. I Dubai er homofili forbode, og kvinner som melder valdtekt, risikerer å bli dømde til mange års fengsel for sex utanfor ekteskap.

­Vil skapa endring gjennom dialog

Etter massiv kritikk kom dei med ein offisiell uttale 21. juni signert då sittande president Barbara Lison og påtroppande president Vicki McDonald. Dei skreiv at IFLA ved å velja ein stad for WLIC verken stør eller sanksjonerer vertskapsregjeringa sin politikk (vår omsetting): «Endring skjer gjennom dialog og kan absolutt ikkje skje om vi ikkje er til stades. Vi kan ikkje påverka om vi ikkje er førebudde på å lytta og forstå, og det krev mot å vera respektfullt ueinige og anerkjenna andre perspektiv.»

Sjølv om medlemmar av LGBTQIA+-fellesskapen (IFLA nyttar så mange bokstavar) kanskje ikkje kjenner det trygt å delta på WLIC 2024, vil det vera andre som for første gong kjenner det trygt å ta del.

Medlemsrøysting gav nei

Kritikken heldt fram, og 5. juli lanserte IFLA- styret ei rådgjevande avstemming blant medlemene. Den blei avslutta 2. august med 37 prosent deltaking. Resultatet vart 68 prosent imot og 27 prosent for Dubai som stad for konferansen. Blant IFLA sine frivillige, som fekk høve til å røysta separat, vart resultatet 49 prosent imot og 43 prosent for Dubai.

Styret heldt trass dette fast ved valet av Dubai. Argumentasjonen var at blant medlemmene som stemte var eit stor fleirtal av dei som røysta imot Dubai frå Europa, Nord-Amerika og Latin-Amerika, medan den største delen av stemmene i Asia, Midtausten og Afrika støtta valet av Dubai.

Nasjonalbiblioteka imot

Nasjonalbiblioteket i Sverige, Kungliga Biblioteket (KB), offentleggjorde 31. juli si avgjerd om å ikkje stilla seg bak avgjerda om å legga kongressen til Dubai. «Avgjerda er uforeinleg med IFLA og biblioteksektoren sine uttalde kjerneverdiar, som inkludering og fri meiningsdanning,» uttalte nasjonalbibliotekaren Karin Grönvall.

Den norske nasjonalbibliotekaren Aslak Sira Myhre fortalde til Klassekampen 9. august at han for første gong hadde brukt stemmeretten sin i IFLA, til å seia nei til WLIC 2024 i Dubai.

– Det å legga denne samlinga til ein stad der LHBT-nettverk ikkje får lov til å ha møter og der enkelte tema ikkje kan settast på dagsorden, er helit uforeinleg med tanken bak IFLA-konferansen, sa Myhre til avisa. – Dette handlar om noko så eksistensielt som at ein stor del av folk i verda mister retten sin til å vera til stades og vera seg sjølv. For ein organisasjon som legg så stor vekt på biblioteket si rolle som verktøy for ytringsfridom og likestilling, burde det trumfa det meste.

Innrømer programsensur

I samband med medlemsavstemminga kom det fram at utanriksdepartement i Emirata i forkant av IFLA-kongressen har gjort det klart at spørsmål knytte til LHBTQ+ ikkje må stå på dagsorden for møtet. I følgebrevet til avstemminga står det:

Før og under synfaringa i Dubai søkte IFLA forsikringar om at det ikkje ville vera til hinder å inkludera diskusjon om tenester til LGBTQ+ brukarar på konferansen. Etter nokre veker fekk vi informasjonen om at Dei sameinte arabiske emirata er forplikta til å styrka fremjinga av menneskerettar og har etablert eit «National Human Rights Authority».

Men den 25. mai 2023 slo Utanriksdepartementet fast at grunnlova og lovene i Emirata gjer at Dubai ikkje kan tilby ein plattform for LGBTQ+ Users Special Interest Group til å diskutera emne knytte til rettferd og inkludering av LGBTQ+-samfunna på konferansen.

Bibliotekforeininga stiller ultimatum

Norsk Bibliotekforening vil ikkje oppmoda medlemane sine til å delta, skreiv dei i ei kunngjering på engelsk signert leiar Vidar Lund «med mindre Emirata sine styresmakter går offentleg ut og stadfestar at ytringsfridom og borgarrettar for kvinner, LGBT+ og minoritetar kjem til å bli respekterte.»

– Det finst veldig mange andre land som driv med spanande bibliotekutvikling, men som ikkje har like store demokratiutfordringar. Emirata kjøper seg til ein image som ikkje stemmer med røynda, sa Vidar Lund til Bok & bibliotek då vi som første norske medium omtalte saka den 23. juni.

Den svenske bibliotekforeininga skriv på si nettside at dei har vedteke å boikotta konferansen og ikkje vil gje stønad til medlemer som normalt ville reist. •

Powered by Labrador CMS