Kulturytring 2025
Løft biblioteka på Kulturytring
NOKU inviterer no Kultur-Norge til å finna på noko kult i drammen 23.–25. juni. Sett bibliotekspørsmål på kartet – bli ein del av programmet! oppfordrar Drammensbiblioteket.

Det er i år tredje gong kulturytring finn stad. Arrangør er som alltid NOKU (Norsk Kulturforum) i tett samarbeid med mellom andre Drammen kommune. Drammensbiblioteket sine scener er viktige arenaer. Festivalen kombinerer debatt, kunnskap, kunst og kultur og samlar kultursektoren i Norge til tre dagar med diskusjonar og kulturarrangement. Kulturytring blir arrangert dei åra det er val, og kan beskrivast som kultursektoren sitt svar på Arendalsuka. Der kulturpolitiske spørsmål ofte druknar i det store mylderet i Arendal, tilbyr Kulturytring ein arena for å løfta viktige tema som bibliotekpolitikk.
«Vi ønsker at biblioteksektoren setter sitt preg på festivalen med et sterkt program. Derfor oppfordrer vi alle våre kolleger i bibliotekene til både å delta og melde inn egne debatter og andre arrangementer», skriv Drammensbiblioteket i ei pressemelding og nemner lesepolitikk eller spørsmål rundt beste praksis i bibliotek som moglege tema, eller noko heilt anna.
Drammensbiblioteket er opne for samarbeid med andre bibliotek om utvikling av arrangement knytt til biblioteksektoren. Kontaktperson på Drammensbiblioteket er Øyvind Svaleng – oyvind.svaleng@drammen.kommune.no.
Fristen for å melda inn program er 1. mars kl. 12.00. Les elles meir på kulturytring.no