Føler du deg trygg på jobb?

Bibliotekarforbundet har laga ei undersøking om vald, trugsmål og tryggleik i bibliotek. Ein fersk svensk rapport viser at det det blir meir av slikt der. Ola Eiksund fryktar liknande resultat her til lands.

Fleire hendingar: Synleg narkotikaomsetting og utagerande ungdomsgjenar er noko av det bibliotek har rapportert om dei siste åra.
Publisert Sist oppdatert

Før han blei leiar i Bibliotekarforbundet, medan Ola Eiksund var biblioteksjef i Arendal, observerte han ei negativ utvikling. År for år blei lånarane meir kravstore, ubehagelege og, i enkelte tilfelle, trugande.

– Etter mi erfaring, og andre si erfaring som eg høyrer rundt omkring, så er det klart at det har skjedd ei stor endring, seier han til Bok & bibliotek.

Men ingen veit kvifor, og ingen har undersøkt omfanget. Ikkje før no. Den 17. september lanserte Bibliotekarforbundet ei nettbasert undersøking for alle som jobbar i bibliotek. Målet er å kartlegga korleis tilsette opplever tryggheita på arbeidsplassen.

Svar på undersøkinga her.

Manglar oppdatert kunnskap

I 2017 skreiv Cecilie Røe og Anne Clementz masteroppgåva Der ingen ville se, at så mye kunne skje – en studie over hvordan konfliktsituasjoner og uønsket adferd fra brukere påvirker arbeidsmiljøet i folkebibliotek. Undersøkingane deira viste at 60% av tilsette i folkebibliotek hadde opplevd konfliktsituasjonar.

«Vi hørte om sjeldne men veldig alvorlige hendelser som for eksempel våpen-trekking, barneprostitusjon i biblioteket og drapstrusler og vold mot de ansatte. Vi fikk fortalt historier om salg av narkotika, og overdoser. Informanter fortalte om brukere som har sex mellom bokhyllene, menn som ser porno på publikumsmaskinene, én fortalte også om en bruker som onanerte foran datamaskinen i barneavdelingen. Det stoppet ikke der. Videre fortalte de om toalett som blir nedgriset av avføring, møbler som har flydd veggimellom og barn og unge som går helt berserk fordi det ikke går som de vil med dataspillingen,» skreiv dei to i ein presentasjon av arbeidet sitt i Bok & bibliotek året etter.

– Det har gått åtte år sidan masteroppgåva, seier Ola Eiksund. – Og det er heilt klart at ting har endra seg også i det ganske korte tidsperspektivet. Vi har rett og slett ikkje oppdatert kunnskap. Og så er vi ute etter forklaringar.

Forverring i Sverige

Forklaringar, ja.

«Det blir forventa at biblioteka skal fanga alle ballane samfunnet mistar, trass i at dei ikkje har ressursar nok til å handtera sitt eige lovpålagte oppdrag», skriv DIK-leiar Anna Troberg i føreordet til den svenske fagforeininga sin siste rapport om arbeidstilhøva i bibliotek Samhällets sista utpost? som blei lansert 18. september.

Forbundsleiar Ola Eiksund.

Biblioteka blir pressa frå fleire hald, er hypotesen der. Når velferd og andre samfunnstenester blir bygd ned, står biblioteka att og må handtere verknadene. Samstundes krympar ressursane til biblioteka.

DIK har gjennomført slike undersøkingar annakvart år sidan 2015. Men her i landet har ingen gjort noko tilsvarande før no.

Den svenske rapporten viser at sosial uro, vald og skadeverk «fortsätter att öka». Dei siste to åra har 95 prosent av folkebibliotekarane i Sverige opplevd sosial uro. 82 prosent har erfaringar med skadeverk, 57 prosent har opplevd valdsame situasjonar og 47 prosent svarar at narkotikahandel har gått føre seg i tilknyting til biblioteket. 36 prosent av dei svenske folkebibliotekarane har opplevd krenkingar og 13 prosent har motteke trugsmål. Ein skilnad samanlikna med DIK sine tidlegare undersøkingar er at fleire respondentar skriv at dei mistenker gjengrekruttering på biblioteket.

Det dei vil finna ut

– Kva gjer dette med dei som jobbar i bibliotek? Det er det vi vil veta, seier Eiksund.

– Korleis opplever dei tilsette det? Skjer det hyppigare? Har dei opplevd det sjølve? Er det eit godt system som kan ivareta dei om det skjer ting? undrar Ola Eiksund, som håpar at flest mogleg vil svara.

Vi møtte Ola Eiksund onsdag 24. september, og han fortel at undersøkinga blei lagt ut seint onsdag ettermiddag veka før.

– Måndag morgon hadde vi fått inn 330 svar. Det er berre fSrå Bibliotekarforbundet sine medlemmer og omfattar nær 30 % av dei som er yrkesaktive.

– Svarfristen er 8. oktober, så kjem vi muligens til å forskyva den ei veke om det blir behov for det. Resultatet blir først lagt fram på tillitsvaldkonferansen vår 20.–21. november, fortel Eiksund, som oppfordrar alle til å dela undersøkinga med dei som har kontakt med publikum – i folkebibliotek, skulebibliotek, UH-bibliotek eller småbibliotek.

– Hovedansvaret for tryggleiken ligg hos arbeidsgjevar, men vi har alle eit ansvar for å seia frå og bidra til å finna dei gode løysingane, seier Eiksund.

Undersøkinga er anonym og tek under ti minuttar å svara på.

Svar på undersøkinga her.

Powered by Labrador CMS