Podkasten Bok & bibliotek

Episode #31: Ministerintervju og samtale om litteraturformidling 

Med Lubna Jaffery, Anne Torill Stensberg, Monica Gundersen Mitchell og Tore Renberg.

Engasjerte: Høyr scenesamtalen med (frå venstre) moderator Siri Lindstad, biblioteksjef på Sølvberget i Stavanger Anne Torill Stensberg, forfattar Tore Renberg, Monica Gundersen Mitchell frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Publisert Sist oppdatert

Endeleg er podkasten Bok & bibliotek tilbake! Det blir mykje lydstoff framover som eg håpar fell i smak. Etter ein litt stille periode har eg no heile tre episodar liggande klare for publisering framover. 

Først i denne episoden er det eit intervju med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Deretter blir det panelsamtale frå Bibliotekmøtet 2024 som blei halde i Haugesund 17. til 19. april i år i regi av Norsk Bibliotekforening. 

Du kan høyra episoden med her:

Eller så finn du den der du vanlegvis finn podkastane dine. 

I intervjuet med statsråden gjentek ho det ho sa frå scenen på Bibliotekmøtet og har sagt fleire andre stadar i det siste: Leselyststrategien kjem før sommaren! Dette er noko av grunnen til eg syns intervjuet med henne og scenesamtalen passa så godt saman, for i samtalen kjem det mange kloke innspel og tips om dette med å skapa leselyst – og ein god diskusjon om lyst-omgrepet kopla til lesing. 

Siri Lindstad leier samtalen, som hadde overskrifta «Vi må snakke om litteraturformidling». Det blei rett og slett gøyal, tankevekkande og til tider rørande samtale og diskusjon med eit panel beståande av biblioteksjef på Sølvberget i Stavanger Anne Torill Stensberg, Monica Gundersen Mitchell frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, forfattar Tore Renberg og allereie nemnte Jaffery.

God lytting!

Powered by Labrador CMS