Lesedagen under Arendalsuka 2026

Ein håpefull dag blant lesehestar

Lesedagen under Arendalsuka 2026 var prega av semje om biblioteka si tyding, mellom politikarar, fagforeiningsrepresentantar, bibliotekfolk og forskarar, og sterkt prega av Fellesskuleutvalet sin rapport. 

Klar til kamp: Utdanningsforbundet sin leiar Geri Røsvoll (med mikrofon) lova å kjempa hardt for skulebibliotek og lesemdilar då han deltok i ein panelsamtale under Arendalsuka 2026 saman med Ingeborg Fredwall (ordstyrar), stortingsrepresentant Hege Bae Nyholt (R), Elisabeth Jensen Lombnæs frå Norsk bibliotekforening og stortingsrepresentant Hashim Abdi (Ap).
Publisert Sist oppdatert

Klokka er rundt halv ni, og Arendal er i ferd med å vakna til den tredje av fem konferansedagar.  

På veg til biblioteket og «lesedagen» skimtar eg energiske steg og eit kjend fjes gjennom det smått aukande mylderet. Elisabeth Jensen Lombnæs har vore her sidan i går, fortel ho. Skulebibliotekaren dreg fram ein nyerverva murstein frå veska. NOU 2026: 10 – Fellesskolen som blei lansert dagen før skal koma til å setta preg på det vi får høyra frå scena på Arendal bibliotek onsdag 12. august.

Ikkje overraskande er den synkande lesekompetansen noko av det som blir nemnt først og oftast i rapporten, og auka tilskot til skulebibliotek og bøker er eit fast punkt når utvalet foreslår korleis ein skal ta tak i problemet.

Statusrapport frå Lesekommisjonen

Vel inne på biblioteket startar dagen med eit anna utval oppnemnd av regjeringa: Lesekommisjonen. Leiar av denne (og leseprofessor og leiar av Norsk faglitterære forfatter- og oversetterforening) Marte Blikstad-Balas gjev først ein status på arbeidet dei har gjort.

Før eg år vidare: 31. august er siste frist for å gje innspel til kommisjonen. Eg nemnde i forbifarta for Marte at eg skulle skriva om det i denne saka. «Så bra», sa ho. Då vi så var på veg vidare kvar til vårt, snudde ho seg og ropte: «Det treng ikkje vera langt!» Kommisjonen har fått i oppdrag å skildra korleis barnehagar og skular kan jobba med lesing og foreslå konkrete tiltak. Kan henda er din vesle kreative intervensjon noko fleire treng å høyra om. Klikk på denne lenka og skriv det du vil til kommisjonen – innan 31. august 2026.

Kommisjonen er del av regjeringa sitt Leseløft, fortel Marte Blikstad-Balas frå scena. Utfordringa er veldig samansett, men og veldig enkel, seier ho.

– Det handlar om at vi alle må lesa meir, men løysinga er at alle må dra i same retning samtidig, og det er vanskeleg.

Toåringar med ansvar for eiga læring

Blikstad-Balas har sett mange døme på at folk trur lesekrisa løyser seg om vi berre skaffar nok bøker. Men det stemmer ikkje. Det handlar heller ikkje berre om bøker + tid.

– Barnehageforskinga har overraska meg mest; kor dårleg det står til, og kor få foreldre som prioriterer lesing kvar dag. Det er mange barnehagar som har bøker i kassar på golvet. Men om det skal bli lesing, må ungane sjølv ofte ta initiativ, finna ei bok og gå til ein av dei tilsette og be om å bli lesen for. Og den tilsette må ha tid akkurat då når ungen tek initiativ, fortel Blikstad-Balas og siterer noko førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Oslo Ratib Lekhal sa i panelsamtalen «Leselyst starter i barnehagen» dagen før:

– Er det litt tidleg å måtta ta ansvar for eiga læring når ein er to år, eller?

Samstundes er det kjempekontroversielt å setta av fast tid til lesing i barnehagen kvar dag, fortel Blikstad-Balas. Og i skulen er det ikkje uvanleg at lærarar ikkje veit kva bok kvar elev les. Då kan dei ikkje snakka med elevane om boka. Og når lesinga ikkje går bra, er dei ikkje i posisjon til å spørja kvifor.

– Det er veldig krevjande å velja bøker, det veit alle vi som er lesarar – og så ventar vi at ungar skal klara det kvar gong! Nokon må hjelpa ungane til å bli gode lesarar. Vi må sikra meir djup langlesing. Og vi må sikra at alle vaksne som skal jobba med dette, må kunna noko om det, seier Blikstad-Balas, og etterlyser endringar i utdanningane for skule og barnehage.

– Vi vil koma med mange gode tiltak, men om vi ikkje får dei til å verka saman, kjem det ikkje til å fungera. Vi må bygga ein ny lesekultur saman, sa ho og såg ut over eit rom fylt med folk frå dei fleste romma i den norske bokheimen.

Ein restaurant utan kokk 

I panelsamtalen etterpå spurte moderator Birger Emanuelsen lærar ved Nedenes ungdomsskole i Arendal Monica Røed kvifor det ikkje er nok å fylla skulane med bøker.

– Fordi ungane må læra å lesa dei. Dei er fragmenterte lesarar. Det var ikkje slik for ti–femten år sidan. Då tok eg for gjeve at dei kunne lesa når dei kom på ungdomsskulen. Men no får vi over lesarar som er dårlege lesarar.

Første panel: Marte Blikstad-Balas, Birger Emanuelsen (ordstyrar), Caroline Heitman, Monica Røed og Ingeborg Fredwall.

– Ingen av oss likar å halda på med ting vi ikkje er gode på, slik også for unge lesarar som ikkje får til å lesa. Så det med biblioteket er noko av det viktigaste for meg: At vi får lovbestemt at det skal finnast betjent skulebibliotek, seier Røed.

I panelet sit også instituttleiar og skulebibliotekforskar ved Universitetet i Agder Ingeborg Fredwall. Å gje eit skulebibliotek bøker utan at det følgjer med ein skulebibliotekar, er som å gje ein restaurant matvarer utan ein kokk.

– Tida elevane brukar på biblioteket, må vera kvalitetstid, seier ho.

Forfattar og handballtrenar Birger Emanuelsen supplerer med sin eigen metafor: Det er som å invitera til ei trening der ein fyller banen med ballar, men utan ein trenar. Når det handlar om idrett, forstår alle at ungane treng eit opplegg, ei rettleiing. Men av ein eller annan grunn har vi ei anna tilnærming til lesing.

Informasjons- og marknadsdirektør i Norli Caroline Heitman er også i panelet. Ho haustar samtykkande nikk frå dei andre då ho slår eit slag for teikneseriane. Det blei seld 200 000 Donald-blad kvar veke «då vi var små», minnar ho om. Så teikneseriar har lenge vore viktige for lesinga. Ho kan òg fortelja at lesekampanjen Norli junior, som ho er primus motor for, frå og med denne hausten vil gjera som Sommarles og telja lesetid i tillegg til sider.

På spørsmål om korleis vi skal skapa leselyst i klasseromma, dreg Monica Røed fram klassesett som eit viktig verktøy, med mykje høgtlesing. Då handlar det om leseglede og den felles opplevinga av litteraturen.  

Planlause skolebibliotek

«Bokbransjeonsdagen» på biblioteket er blitt ein fast del av Arendalsuka. Blant organisasjonane som samarbeider med Arendal bibliotek om ei eiga arrangementsrekke finn vi Stiftelsen Lese, Forleggarforeininga, Bokhandlarforeininga, Norsk bibliotekforening, NFFO, Forfattersentrum, NBU, Den Norske forfatterforeningen, Forfatterforbundet og Litteraturhuset i Oslo.

Neste post eg har sett eit oransje hjarte ved i programmet, heiter «Hvordan skal vi få gode skolebibliotek til alle?». Det lovar mellom anna å ta opp kva konsekvensane kan bli dersom det blir realitet av kommunekommisjonen sitt forslag om å slå saman lesemidlar og fjerna øyremerking for skulebiblioteka.

Ingeborg Fredwall har teke over ordstyrarstolen og fått med seg leiar i Utdanningsforbundet Geir Røsvoll, styremedlem i Norsk bibliotekforening Elisabeth Jensen Lombnæs, stortingsrepresentant Hashim Abdi, som sit i Familie- og kulturkomiteen for Arbeiderpartiet, og Hege Bae Nyholt frå Rødt, også ho stortingsrepresentant, og medlem i Utdannings og forskingskomiteen.

Fredwall innleier med å sitera ferske tal som viser at ni av ti skular har skulebibliotek, men at 32% av skulebiblioteka i grunnskulen manglar heilt bemanning. 35% av skulane har sett av ein til fem timar i veka til skolebibliotekrøkt. 70% av skulebibliotekarane har maks fem timar i veka på seg til å gjera jobben. I vidaregåande skule er det litt betre. Der har to av tre bemanning. Men 60% av dei som jobbar i skulebibliotek har ikkje bibliotekfagleg kompetanse. Og berre halvparten av kommunane har ein skulebibliotekplan.

Til kamp for øyremerking

Geir Røsvoll sit i kommunekommisjonen, og då dei leverte første delrapport tidlegare i år, tok han dissens når det gjaldt forslaget om å slå saman tilskotspostar til skulebibliotek og ta dei inn i rammetilskotet til kommunane.

– Heldigvis er det ikkje vedteke endå. Det må jobbast politisk hardt for at dette ikkje skal bli vedteke, sa han, men såg eit lyspunkt i fellesskulerapporten. Den inneheld forslag både til justeringar av skulefinansieringa og om å utvida tilskotsordninga for skulebibliotek og bøker frå 103,2 mill. kroner til 153,2 mill. I år søkte kommunane om totalt 174 millionar kroner til denne ordninga.

Dei øyremerkte midlane utgjer berre 3–5 prosent av inntektene til kommunane, fortel han.

– Vi må kjempa kampen for at det blir varige løysingar, og det betyr lovpålegg.

Hashim Abdi viser til lesemilliarden regjeringa hans har initiert og peikar på at tilskota til skulebibliotek er blitt auka, og at det kan vera klokt å kjempa for å bevara og vidareutviklia ordningane som finst.   

Lombnæs viser igjen til NOU-en i veska og held fram skulebibliotek som nøkkelen og svaret på veldig mange av utfordingane den peikar på. Det er ikkje skulen som er blitt dårlegare. Utfordinga er ei samfunnsutvikling med mellom anna digitalisering og individualisering.

– Eit ekte skulebibliotek kan bidra her, seier Lombnæs og inviterer Utdanningsforbundet til tettare samarbeid. Bibliotekforeininga har lenge kjempa for lovfesting av ein nasjonal standard og bemanningsnorm for skulebibliotek.

– 70 prosent manglar ekte skulebibliotek

Ifølgje Lombnæs viser tala Fredwall siterte i starten at 70% av kommunane i praksis ikkje har ekte skulebibliotek.

– Det er ikkje eit skulebibliotek utan bemanning. Du får ikkje gjort noko på 2 timar i veka. Du må ha full stilling for å realisera det eit skulebibliotek kan vera.

Hage Bae Nyholdt sa at ho lenge har kalla biblioteket den fysiske utgåva av humanisme.

– Og det motsette av gode skolebibliotek, er ganske farleg. Tilfeldige kassar med bøker og dårlege skulebibliotek reduserer respekten for demokrati og kunnskap, sa ho og etterlyste innbyggarengasjement.

– Vi få FAU-ane til å ta affære og marsjera opp folk bak kravet. Og alle lærarane, sa ho og viste mellom anna til Utdanningsforbundet sin 190 000 medlemer.

Forbundsleiar Geir Røsvoll lova at dette ville vera ei svært viktig sak for forbundet hans framover.  

Håpet sin kronologi

Dette er fjerde år på rad at eg som skriv har vore til stades under lesedagen på Arendalsuka. Og eg syns eg merkar ein positiv tendens. Kunnskapsgrunnlaget som viser biblioteka sin samfunnsnytte aukar (og for så vidt også rapportar og forsking som synleggjer det minimale armslag til dei som jobbar i bransjen). Parallelt ser det ut til at dei som tek avgjerdene når prioriteringane skal gjerast og pengane delast, har fått ei djupare forståing av kva biblioteka er og gjer.

Det kan illustrerast med eit anekdotisk bevis frå lenestolen då eg var vel heime frå Arendal. Først var eg innom NRK og såg reportasjen i Dagsrevyen frå dagen før om Fellesskuleutvalet sin rapport, som var aktualisert med ein reportasje frå det vakre og fullt bemanna skulebiblioteket på Kjelsås i Oslo. Så klikka eg meg vidare til ein debatt frå Pollen i Arendal om ytringsklima. Avtroppande AUF-leiar Gaute Skjervø snakka om korleis folk kunne skriva dei verste ting i kommentarfelta, «ting dei aldri ville sagt på eit bibliotek», sa han – tilsynelatande utan å tenka seg om.

Eit anna døme er NOU 2026:10 Fellesskolen. Det står det «skulebibliotek» eller «skulebibliotekar» 38 gongar. Utreiinga siterer òg forsking som viser at «skolebibliotekarene bidrar til opplæringen gjennom sitt arbeid med litteraturformidling, og i utvikling av informasjonskompetanse og kildekritikk hos elevene. Erfaringen viser at økt bemanning og kompetanse i bibliotekene gir økt bruk blant elever, mer lesing og sterkere integrasjon av biblioteket som pedagogisk verktøy i skolens virksomhet.»

Ting har skjedd.   

Bok & bibliotek var til stades på fleire arrangement denne lesedagen i Arendal, mellom anna om bruk av KI i bøker og leseløft i arbeidslivet. Vi kjem tilbake til desse seinare.

 

Powered by Labrador CMS