Aslak går av
Frå 1. januar 2026 sluttar Aslak Sira Myhre i stillinga som Nasjonalbibliotekar for å gå inn i konsernleiinga i energiselskapet Lyse, der han skal ha ansvar for kommunikasjon, myndigheitskontakt og strategi.

Kraft og forvalting av naturressursane har oppteke han i mange år og er noko han har hatt lyst til å jobba med lenge, seier Myhre til Stavanger Aftenblad.
– No har eg vore nasjonalbibliotekar i elleve år, og dette er eigentleg ein jobb eg kunne hatt livet ut. Men det trur eg ikkje er sunt.
Frå bøker til breiband
For Myhre er ikkje skiftet berre eit karrieresteg, men også eit livssteg.
– Eg har på ein måte fått ny sivilstatus. No har eg vaksne born, og det opnar for ein ny type kvardag. Eg kjem til å bu både i Oslo og Stavanger, men får meir tid i heimbyen enn før.
Også kona og hundane kjem til å vere meir i Stavanger enn før, seier han.
Han er stolt over å ha gjort Nasjonalbiblioteket meir synleg. Ifølge intervjuet med Aftenbladet inneber bransjebytet litt sorg og mykje forventing.
– Eg er enormt heldig som har fått jobba så mange år med forvalting av kulturarven vår. Eg er stolt av at Nasjonalbiblioteket har blitt meir kjend, og at fleire brukar tenestene der og i folkebiblioteka over heile landet, fastslår han.
Kongens ja
Som nasjonalbibliotekar er Myhre utnemnd av Kongen i statsråd. For å kunne byrja i ny jobb må han få ja frå både kulturministeren og kongen.
– Ministeren har sagt det er greitt, så no håpar eg kongen òg seier ja, seier han til Aftenbladet.
Kulturminister Lubna Jaffery seier til Aftenbladet at Myhre har fylt rolla som nasjonalbibliotekar med kunnskap, formidlingsevne og stort engasjement.
– Han har bidrege til å synleggjera norsk litteratur, kulturarv og kulturhistorie, og til å utvikla Nasjonalbiblioteket som institusjon. Eg vil takka han for godt samarbeid gjennom mange år, og ønsker lykke til med nye utfordringar i ny jobb, seier Jaffery.
Imponerte i prosessen
Konsernsjef Rosalie Poen i Lyse er tydeleg på kvifor Myhre fekk jobben. Etter to månadar med intervju, testar, samtalar og referansesjekkar, var han rett og slett best.
– Han imponerte oss gong på gong. Han er skarp, forstår kva vi held på med, og hadde gode refleksjonar om korleis han kan bidra, seier ho.
Eitt sitat frå referansane gjorde spesielt inntrykk:
– Det var ein som sa om Myhre at «han kan møte kongelige og ministre i det ene øyeblikket, og i neste sekund snakke like naturlig med hvem som helst».