Podkast om kvardagsmakt i arkiv, bibliotek og museum
Første episode i sesong tre av Podkasten Bok & bibliotek er ein scenesamtale frå Kulturytring 2023 om kvardagsmakt i bibliotek, arkiv og museum.
Arrangementet «Hva skal vi huske, og hva skal vi glemme? En samtale om hverdagsmakt i arkiv, bibliotek og museum» gjekk føre seg under Kulturytring i Drammen i juni og var eit samarbeid mellom Bok & bibliotek og søstertidsskrifta våre Aksess og Museum.
HØYR EPISODEN HER
Eller søk den opp der du vanlegvis høyrer på podkast.
Mangeårig NRK-journalist og kulturkommentator Agnes Moxnes leia samtalen, og i panelet sat førstekonservator Anders Bettum ved Interkulturelt Museum i Oslo, Anette Kure, biblioteksjef i Sarpsborg. Ann Tove Manshaus, rådgjevar i Vestfoldarkivet og koordinator for privatarkiv i Buskerud. Michelle A. Tisdel, forskar og spesialbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket og styreleiar for foreininga INN – Etniske minoriteter i norsk kulturliv, og Silje Dragsund Aase, leiar for Misjons- og diakoniarkivet ved VID vitenskapelige høgskole i Stavanger.
Arrangementet vart støtta av Fritt ord og Norsk tidsskriftforening.