Norge har fått sin eigen språkmodell – takk vera biblioteka
I dag tidleg lanserte Nasjonalbiblioteket den norske språkmodellen Borealis 2. Kva betyr det for deg?
Banebrytande i verda! Ingen andre land har ei liknande satsing! Ein heilt spesiell merkedag! Ein språkpolitisk merkedag! Ein sensasjon internasjonalt!
Dei høge kvinner kappast om å finna formuleringar som kunne få den fullstappa Målstova i NB sine lokale i Oslo til å skjøna kva for ei storhending dei var med på; kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffry, digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet Hilde Lovett, fagdirektør Heather Broomfield i KI Norge, og direktør Hildegunn Vada frå Sigma2 AS, som forvaltar den nasjonale infrastrukturen for tungrekning og datalagring i Norge og steller med den norske superdatamaskina Olivia i ei nedlagd gruve på Nordfjordeid. Sidan den blei starta opp i fjor sommar, har store delar av reknekrafta gått til NB sine KI-utrekningar.
Dette er Borealis
Borealis er namnet på NB sine norske språkmodellar. Borealis 2, som blei lansert i dag, er ikkje ein generell kunstig intelligens – det er ikkje ei «Universal Singing and Dance Machine» som ChatGPT, Gemini og Claude, som NB sin IT-sjef Wilfred Østgulen formulerte det – ikkje ein brei, allsidig KI som skal kunna svara på kva som helst. I staden er dei laga for å vera gode på avgrensa, spesifikke oppgåver innanfor norsk språk: omsetting, samandrag, analyse av stemning eller haldningar i ein tekst (sentimentanalyse), søk etc., gjerne som byggeklossar i journalsystem, saksbehandlingssystem og andre fagsystem.
Den er trena på tekstar frå NB sine eigne samlingar av digitaliserte norske aviser. Dette er gjort mogleg på grunn av avtalen som kom i stand mellom NB og Kopinor like før jul i fjor. Staten har lova 45 millionar kroner i året i kompensasjon til rettshavarane i Mediebedriftenes Landsforening (MBL). Norge er først i verda med å få på plass en slik avtale.
Bibliotek deler, og KI-modellar er ikkje noko unnatak. Kven som helst skal kunna bruka Borealis-modellane fritt og køyra dei på eiga datamaskin eller server, i staden for å senda data til utanlandske selskap. Tekstsamlinga modellane bygger på heiter Aurora – saman med Borealis blir det «Aurora Borealis», nordlyset.
– Meir magekjensle enn eingeniørfag
IT-sjef ved Nasjonalbiblioteket Wilfred Østgulen presenterte arbeidet under pressekonferansen i dag. Han kalla det krevjande og uføreseieleg:
– Eg er vant til at IT er eit ingeniørfag, der vi lærer metodar og der det vi gjer er deterministisk. Vi programmerer noko, testar det, hvis det ikkje funkar retter vi det, og så funkar det.
I dette arbeidet, har derimot nesten ingenting av det dei gjer eit svar på førehand, sa han.
– Det er meir handverk, erfaring og magekjensle enn det er ingeniørfag. Det einaste vi veit, er at vi bruker opp reknekrafta vår, for å seia det sånn, og vi kan ikkje sjekka det før vi har trena modellane ferdig. Dette er et interessant arbeid, men veldig ulikt mykje av det vi har vore vant til.
Betre NB-tenester
Samtidig med Borealis 2, lanserer Nasjonalbiblioteket nye tekniske hjelpemodellar («embeddingmodellar») for andre som bygger digitale løysingar, og lova oppdaterte tale-til-tekst-modellar og modellar tilpassa samisk i løpet av hausten.
I eit lesarinnlegg på Kode24.no forklarte Østgulen i april kvifor slike mindre, norske modellar kan vera nyttige sjølv om dei internasjonale KI-selskapa har mykje kraftigare system: Dei er gode nok til avgrensa oppgåver som å omsetta mellom bokmål og nynorsk, sortera tekstar eller finna nøkkelinformasjon, og kan brukast trygt av verksemder som ikkje vil at sensitive opplysningar, til dømes pasientjournalar eller rettsdokument, skal sendast ut av landet.
For Nasjonalbiblioteket sjølv kan Borealis gjera det lettare å søka i dei digitaliserte samlingane og gjera gamal norsk tekst forståeleg for folk i dag. Desse mindre modellane er svært viktige supplement – ei norsk løysing for oppgåver der kontroll, personvern og lågare kostnad er viktig.
Ein personleg refleksjon
Nasjonalbibliotekar Åse Wetås sa det godt på karakteristisk nøkternt vis då ho opna lanseringa: «Nasjonalbiblioteket sitt oppdrag handlar om å forvalta kulturarven vår for notida og framtida og å legga til rette for eit opplyst offentleg ordskifte.» Det er ikkje berre Nasjonalbiblioteket si oppgåve. Det er alle bibliotek si oppgåve.
I tida som kjem, vil aviser og tidsskrift fløyma over av artiklar om Borealis, Aurora og norsk KI. Og vi som er i bransjen, veit det: Dette er bibliotek på sitt beste.
Dette er berre den seinaste gevinsten av hundreår med bibliotek- og arkivarbeid, frå katalogar i bokform, via kartotekkort, til katalogpostar og databrønn. Samling av kunnskap og informasjon. Systematisering og deling. Lagring av medium som har blitt gjort rikare med metadata. Verifisering av kjelder.
Det å sjå denne pressekonferansen med bibliotekbrillene på, fekk meg som skriv til å tenka på i alle fall to ting.
For det første: Det er mindre enn to veker sidan eg møtte ein anleggsingeniør som delte sin ungdoms draum: Å bli bibliotekar. «Det må vera ein så roleg og avslappande jobb, gå der og setta på plass ei bok, sitta og lesa, slå av ein prat med dei som kjem innom ...», sa ho – i fullt alvor.
Ingen av Bok & bibliotek sine lesarar kjenner seg att i dette. Likevel er det slik mange framleis ser for seg bibliotekarbeidet.
Biblioteka har eit imageproblem. Men neste gong du møter nokon som ser deg som ein papirnostalgisk ludditt som putlar rundt i samfunnet si randsone, kan du jo nemna Borealis.
For det andre: Kven blir flinkast til å ta i bruk denne teknologien i det daglege bibliotekarbeidet?
Klar, ferdig, gå!