På Nordisk barnebokkonferanse 2025
Lesing som vaksine mot kriminalitet
To unge svenske menn har utvikla konseptet Read and Exercise. Gjennom høgtlesing, fysisk aktivitet, felles måltid og relasjonsbygging gjev dei kunnskap og håp til ungdommar som ofte berre er eitt feilsteg unna ein kriminell løpebane.

– Det er veldig tungt å få ungdomar til å lesa – det skal vi ikkje lyga om, seier Abdullah Fadhil til dei lattermilde deltakarane på parallellseminaret under Nordisk barnebokkonferanse på Lillestrøm tysdag 23. september.
Men han og kameraten Mohammed Albomnajil (Hamodi) har funne ei oppskrift som ser ut til å fungera betre enn det meste. Bok- og treningsklubben Read and Exercise har alltid tre ingrediensar: «lesa, fika, träna». Dei et saman med ungdomane, dei les høgt saman og dei hentar inn idrettsklubbar som viser ein aktivitet etter lesinga.
Innsikt gjennom lesing
Bøker kan gje innsikt i konsekvensane av å ta dårlege val, seier dei to.
– Vi forsøker å få ungdomane til å forstå kva kriminalitet er gjennom å lesa bøker. Informasjonen som vi gjev gjer at dei blir modnare allereie ved trettenårsalderen og det blir lettare for dei seinare, på gymnaset og i vaksenlivet.

Gjennom å presentera ulike idrettar for ungdomane er det større sjanse for å fleire av dei finn aktiviteten som akkurat dei vil halda fram med. Slik får dei noko positivt å halda på med etter skuletid, noko som sysselset dei så dei ikkje trekker rett ut på gata etter skuletid. For det er ofte alternativet.
Dei har og hatt forfattarbesøk med Sebastian Stakset.
– Han har hatt eit kriminelt liv og ein bakgrunn som har gjort at han har skrive desse bøkene. Og gjennom historien hans freistar vi å få ungdomane til å forstå at lesing er veldig viktig, og kva det inneber å vera kriminell, så dei ikkje hamnar i dei dårlege vanane, seier Abbe.
Ungt entreprenørskap
Read and exercise begynte som ei skuleoppgåve i entreprenørskap på vidaregåande. Dei andre elevane var stort sett opptekne av å utvikla produkt – ting som kunne skapa inntening. Men Abbe og Hamodi gjekk sin eigen veg. Seint i skuleløpet lærte begge (på den harde måten) kor stort handikap det er å ikkje vera god til å lesa. Difor ville dei dela sine eigne dyrekjøpte erfaringar med unge gutar frå eit sosialt og økonomisk sårbart område i heimbyen Norrköping. Ungdommane dei fekk med hadde låg motivasjon og gjekk knapt på skulen, men gjennom bok- og treningsklubben blei sjølvtilliten deira styrkt og dei byrja å prestera betre.

Dei starta med ei gruppe på seks unggutar som følgde opplegget gjennom sommarferien. Då hausten kom og dei seks skulle tilbake til skulen, fekk lærarane hakeslepp. Kva hadde skjedd? Korleis hadde dei plutseleg blitt så gode til å lesa?
– Ungdomane fortalde om oss, og rektor tok kontakt, fortel Hamodi.
Skulen ville at dei to unge leseinspiratorane skulle tilby opplegget sitt for eit heilt klassetrinn.
– Vi hadde ein auke frå seks ungdomar til sytti. Og det var berre vi to som løyste det, og det blei ganske kaotisk. Men vi løyste det, vi løyste det bra, seier han.
Løysinga blei å dela klassen i tre grupper på rundt 25 elevar og køyra seksvekers opplegg for dei. Dette ser ut til å ha blitt malen for arbeidet vidare.
– Relasjonsbygging er viktig
No skal initiativet utviklast til fleire stader i Norrköping og i Stockholm. Ungdommane som først deltok i lesesirkelen, skal sjølve lesa høgt for born i alderen 3–6 år. I tillegg skal Read and Exercise-gutane utdanna og halda føredrag for foreldre i området om kor viktig det er med lesing generelt høgtlesing for barn spesielt.
– Vi har halde fram med same konsept; med same relasjonsbygging, med same fellesskap. Det skal vera gøy! Vi les saman, vi et saman, vi trenar og diskuterer saman. Det er desse metodane vi brukar.
Dei to er opptekne av ikkje å diskreditera lærarane sin innsats. Men dei ser samstundes at dei sjølve har nokre fordelar.
– Lærarane har ikkje tida til å bygga relasjon med 200–300 elever. Men for oss er det ganske enkelt. Aldersforskjellen er 5–6 år, av og til har vi same interesser, som fotball og andre ting. Relasjonsbygginga er viktig, sidan målet er at dei ikkje skal gjera ein masse dumme ting som dei eigentleg ikkje er modne nok til å innsjå konsekvensane av, seier dei to.
Känd från TV och press
Arbeidet har vakse veldig. I dag følger dei opp rundt 500 unge på ulike skular, aktivitetshus og fritidsklubbar rundt om i Norrköping. Det er tydeleg at salen er imponert, ikkje minst då dei to fortel at arbeidet i all hovudsak er frivillig. Begge har andre jobbar for å livnæra seg, sjølv om dei gjerne skulle gjort dette på full tid.

Kan henda blir dei ei råd med det etter kvart – nasjonal TV- og avisomtale og ein stadig større pool med sponsorar borgar for at dette kjem til å veksa endå meir.
Uredd har dei to allereie utvida til også å jobba med pensjonistar og folk i pappa- og mammapermisjon.
Men utsette ungdomar er viktigast – og konseptet er og blir det same:
– Lesing, idrett og mat. Det finst jo ikkje noko viktigare: Kunnskap, trening og noko godt å eta! seier Abbe til den humrande salen.
– Det skal bli betre!
Då forfattaren Pascal Enmans stiftelse i juni for femte gong delte ut prisen Årets läsfrämjare gjekk den til Abdullah Al-Naffakh och Mohammed Albomnaijl.
– Det betyr kjempemykje for oss å bli kontakta av sånne som han og å bli invitert hit, seier dei to. Det er ein stor motivasjon til å kunna halda fram.
– Dei som har vunne prisen før er bibliotekarar, fortel Hamodi og ser oppover auditoriet på kultursenteret som deler nybygg med Lillestrøm bibliotek. – Eg veit ikkje, er det nokre bibliotekarar her?
Store delar av forsamlinga rekker handa i veret.
– De har litt konkurranse no! seier han med glimt i auga.
– Takk for att de lytta! Reisa held fram herifrå. Saman styrker vi framtida. Vi kjem til å styrka framtida og det skal bli betre, både i Sverige, Norge, Danmark og Finnland – overalt i verda! Tack så mycket! avsluttar dei to til rungande applaus.