Arrangement
Debatt om Sommarles 27. mai
– Det er noko med Sommarles som ikkje funkar. Og det er på høg tid at vi snakkar om det, skreiv Oddmund Kårevik nyleg i ein kronikk her på bokogbibliotek.no. Så då gjer vi det!
Onsdag 27. mai inviterer Periskop og Bok & bibliotek til debatt og felles idemyldring rundt spørsmålet «Kan Sommarles bli betre?», i lokalet Hvelvet på Sentralen i Oslo klokka 19:00.
I panelet:
Oddmund Kårevik, bibliotekar, tidlegare biblioteksjef i Enebakk. Arbeider for tida som spesialrådgjevar ved Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold, men startar om kort tid i ny jobb som rådgjevar i Stiftelsen Lese.
Ragnhild Malfang, bibliotekar, litteraturformidlar og seksjonsleiar hos Lillestrømbibliotekene. Medforfattar av "Les meg – håndbok i litteraturformidling" og har i fleire år leia IBBY Norge – Barnebokforum.
Tove Stjern Frønes, forskar ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning ved Universitetet i Oslo og styrelem i Stiftelsen Lese. Har sidan 2007 arbeidd med elevar si leseforståing gjennom nasjonale prøvar og PISA.
Christian Goveia Jacobsen, prosjektansvarleg i Stiftelsen Lese med ansvar for Bokslukerprisen. Jobbar òg som utviklar av lærerressursar. Har jobba i Osloskolen i 16 år. Adjunkt med bachelor i sosiologi, engelsk og PPU i tillegg.
Steffen R.M. Sørum, fagleder ved Norsk barnebokinstitutt. Forfatter og førsteamanuensis i skrivekunst med 16 år bak seg som forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur.
Silje Eggum, bibliotekar og teamleder ved fylkesbiblioteket i Vestfold, fylket som skapte og driver Sommerles. Har erfaring som biblioteksjef i Horten og Re, fra skolebibliotek og med barn og unge i svenske bibliotek.
Arne Olav Hageberg (ordstyrar), redaktør i Bok & bibliotek, litteraturvitar med fartstid frå folkebibliotek, tidsskrift, aviser og visescener.
Alle vi som utgjer Bok-Norge, er glade i Sommarles. Men ikkje bare vi, også folk flest, foreldre, lærarar, politikarar, journalistar og – viktigast av alt – ein drøss med ungar. Men Sommarles, denne biblioteka sin største merkevare, har også sine utfordringar.
I fjor stilte barnebibliotekarar ved Skien bibliotek spørsmål ved forbrukskulturen og kostnadane knytt til utdelinga av hundretusenvis med plastpremiar frå Kina.
Andre har problematisert spelifiseringa som kampanjen bygger på. Skapar det ekte leseglede, eller berre stimulering av belønningssenteret for ein speleglad generasjon? Den sterke koplinga til skjerm, med online registrering og sommarlesforteljing som kan lesast på nett, gjer det også vanskeleg for foreldre og born som vil ha ein skjermfri sommar.
I 2025 var ni av dei ti mest lesne bøkene teikneseriar, og sju av desse var frå Nordlys-serien til Malin Falch. Er dette uproblematisk? Er utvalet av bøker som faktisk treff målgruppa godt nok når sju av bøkene på topp ti-lista er skrivne av same forfattar?
Kampanjen har også hausta kritikk for å fokusera for skarpt på kvantitet i staden for kvalitet. Når årets kampanje blir sparka i gang 1. juni er difor lesetid lagt inn som viktigaste poengskapande parameter. Det blir spanande å følga med på kva resultat dette gjev.
Men det finst framleis nok av spørsmål å stilla til kampanjen.
Kvelden blir også eit lanseringsarrangement for utgåve 2-2026 av Bok & bibliotek. Vi inviterer alle som vil til etterfest rundt eit høveleg vasshol. Velkomne!