Intervju med Merete Lie

Sjefen over alle biblioteksjefar

Eg har nett bede den nye bibliotekdirektøren i Oslo gje eit riss av bakgrunnen sin, og det anar meg at ho går litt i forsvar. I tilfelle er det til å forstå. Merete Lie har måtta bruka ein del energi i livet på å få folk til å innsjå at eit menneske frå bank også kan driva med kultur.

Publisert Sist oppdatert

Ikkje er ho bibliotekar. Ikkje er ho litteraturvitar som forgjengaren Knut Skansen. Ikkje er ho dansar med master i Arts Management som hans forgjengar Kristin Danielsen. Ikkje eingong historikar er ho, sjølv om det visst nok var litt hipp som happ om det blei dette eller statsvitskap då ho var ung og skulle velja. Nei, på CV-en til Merete Lie står det ting som tolv år i DNB, to år i Telenor og fleire år som IT-konsulent midt i den store internettbølga. Det siste veldig moro og lærerikt.

– I ganske små selskap med hurtig vokster og spektakulære oppdrag, kan ho fortelja.

Rett nok handla hovudfagsoppgåva i statsvitskap om ei organisatorisk krise ved kulturparnasset Nationaltheatret. Men då det nystarta Litteraturhuset i Fredrikstad søkte leiar i 2012, skjøna dei ikkje kva ho skulle på jobbintervju hos dei for, hevdar Lie. DNB, liksom? Kva skulle eit litteraturhus med det? Dette var ikkje det dei hadde skildra i stillingsprofilen.

– Eg gret meg inn på det intervjuet, fortel Lie. – Og så fekk eg jobben.

Det gjorde ho og var primus motor i oppbygginga av ein solid kulturaktør som i dag får 1,59 millionar over statsbudsjettet, i tillegg til gode gåveinntekter og midlar frå fylke og kommune.

Ho blei der i seks og eit halvt år. Så dukka den verkelege draumejobben opp: avdelingsdirektør for hovudbiblioteket til Deichman. Men større draumar må ha meldt seg, for no har ho altså slutta med det for å bli sjefen over alle biblioteksjefar i Oslo.

Nettsåpe på laptopen

– Ein gamal kongstanke, seier ho om dette med å jobba med kultur. For det kunne så lett gått annleis. Telenor-jobben takka ho ja til fordi blådressane der rakk å tilby henne ei stilling før fotformfolka i Kulturdepartementet eingong hadde fått tusla seg bort til tastaturet for å stadfesta mottak av søknadane ho sendte dit.

Statsvitskap, kultur, historie – interessefelta til Merete Lie stoggar ikkje der, ikkje i dag, og ikkje då ho var i tjueåra. Ho har nemleg alltid også hatt ei stor interesse for teknologi, seier ho og plukkar opp smarttelefonen frå møtebordet framom seg på Deichman Bjørvika. Moglegheitene i ny teknologi stoppar aldri å fasinera henne.

– Eg brukte eit av dei første studielåna mine midt på 90-talet til å kjøpa meg ein barbar PC – eg kjente ingen andre som hadde det då – kopla meg opp med modem og følgde noko som heitte The Spot, som var den første såpeserien på nettet.

Den nettbaserte såpeserien The Spot inviterte Merete Lie og andre som var tidleg på internettballen inn til å sjå og delta i dei daglege aktivitetane til ein gjeng vener i eit strandhus i Santa Monica, California. Serien blei skapt av Scott Zakarin og produsert av Fattal og Collins Agency.

Den var tekstbasert, fortel Lie, og du kunne trykka på ei lenke og høyra lyd, for eksempel av at ein av karakterane drog ut proppen då ho var ferdig i badekaret.

– Desse tinga var eg så begeistra for. Så eg tenkte tidleg at eg skulle jobba med noko som dreidde seg om samfunnsutvikling og teknologi. 

Lesekonkurransar

Men det var også andre impulsar. Faren arbeidde som informasjonssjef i Norske Avisers Landsforbund, mellom anna med pressestøtte. Han var også den som fekk på plass dei store medieundersøkingane om lesevanar som Gallup heldt, fortel ho.

– Han var oppteken av nummer-to-aviser og eit breitt mediemangfald.

– Det var eit ytringsfridomsprosjekt, då.

– Ja, det var han oppteken av, og det snakka vi om.

Mor til bibliotekdirektøren kom frå ein gard i Nord-Noreg og hadde sju år på folkeskule. Ho var heime med ungane til yngstejenta Merete byrja på Grav skole i Bærum.

– Då begynte ho å jobba med rekneskap og gjorde det resten av livet, fortel dottera.

Påskeferiane dreidde seg om å gå på ski på dagane og lesa på kveldane.

– ... sitta stille med kvar si bok i kvar sin stol, mimrar Lie. – Kanskje sjå på påskekrimmen. Eller spela Trivial Pursuit avbrote av litt vaffelsteiking. Eg vaks opp med at ein les, og at det er veldig naturleg at ein ferie og ei helg startar med ein tur til biblioteket. Så den interessa har ikkje lege i foreldra mine sine yrkesval, men det har vore noko vi har drive med.

Det var alltid harde pakkar under juletreet, og første juledag kunne konkurranseinstinktet i familien Lie gjera seg utslag i ein stilleteiande feide om å koma lengst i dei nye bøkene.

– Det var jo ei heilt anna tid med færre distraksjonar.

Stolleik

– Kva drøymer du om i dag der du sit no, i den nye stolen din? spør vi, vel vitande om at den konkrete stolen ikkje er ny. På Deichman Bjørvika der Lie i intervjuande stund har vore leiar fram til for ei veke sidan, er det ikkje faste plassar i kontorlandskapet (sjølv om Bok & bibliotek får inntrykk av at ho og nokre rundt henne har landa litt i denne kroken i 3. etasje). Truleg er altså stolen den same, mens ansvarsområdet no strekker seg ut over alle dei 26 avdelingane til Deichman. Ho lovar også hyppig frekventering av fleire stolar.

– Eg kjem til å bruka mykje tid ute på lokalbiblioteka, sånn at eg både får snakka med dei som jobbar der, og blir litt betre kjent med kvart enkelt bibliotek.

Men så var det denne draumen. Den handlar om å «befeste posisjonen», som ho seier, og verkeleg nå ut.

I verdstoppen: –Vi har tilsette som er verdsleiande når det gjeld bibliotekdrift, seier Oslo sin nye bibliotekdirektør Merete Lie.

– Vi har omdømeundersøkingane som viser at ni av ti kjenner til Oslobiblioteka. Vi veit at vi når veldig mange. Vi veit at vi er godt likte. Ord som «stolt» og «glad» pregar oss. Vi har med meir enn 5 millionar besøkande eit enormt nedslagsfelt i dei 26 biblioteka. Og det eg drøymer om, er at den posisjonen skal befestast, og at vi verkeleg klarer å bruka den inn mot nokre av hovudmålsettingane i strategien vår: å jobba med lesing og leselyst – som viser seg i deltakarar på arrangement knytt til lesing, antal utlånte titlar og sånne ting – og sjølvsagt det som går på å stimulera til deltaking, ta og bruka eit ytringsrom og sørga for at vi bidreg til å halda det så ope som mogleg og ikkje er med på å innskrenka det, gjera at folk føler seg trygge og sikre og kan aktivt delta i samfunnet rundt seg gjennom ytringar, det å lukkast med det … Der er vi jo godt på veg, men det å lukkast endå betre. Det er ein ... Om ikkje ein draum, så eit mål.

Ho dreg fram arbeidet forgjengarane Liv Sætern, Kristin Danielsen og Knut Skansen har gjort med å modernisera Oslobiblioteka.

– Ein har klart å sørga for at biblioteket er veldig attkjenneleg, samtidig som det har modernisert seg. Den utviklinga har vore enormt vellukka, og det har vore ein enorm vokster. Så det å sørga for at vi held den posisjonen, er ein stor jobb i seg sjølv. Og så er det viktig å få organisasjonen endå litt meir med. For det har vore ein hurtig vokster, så vi har nokre veksesmerter, naturleg nok.

Bibliotekplanen som forsvann

I mai kunne vi lesa om det raudgrøne Oslo-byrådet sin nye og ambisiøse bibliotekplan for 2023–2026. Den inneheldt mellom anna planar om åtte nye filialar i byen, og fleire avdelingar for dei yngste ungdomane, etter modell frå Biblo Tøyen. I haust tok Høgre og Venstre over makta, og det nye byrådet drog attende planen.

– Det er kome nokre tydelege signal gjennom Hammersborgerklæringa som det nye byrådet har tiltredd på, og det er ingen løyndom at skule kjem til å få ein viktig plass i bibliotekplanen, seier ho. – Barnehage og skule er enormt viktige for å etablera leselyst og leseglede tidleg!

– Tenkjer du at du får ein betre plan tilbake enn den som allereie låg der?

– Eg må seia at det var ein god plan som låg der, og vi har brukt mykje tid på den. Men eg synest det er heilt naturleg at eit nytt byråd ønskjer å gå gjennom det og sjå om det er noko dei ønskjer å forsterka eller løfta fram endå tydlegare og setta sitt preg på. Så eg er ikkje redd for at det blir en dårlegare plan.

Lojalitet

– Kva ser du etter når du sjølv skal tilsetta nye leiarar?

– Eg ser etter nokon som er tydelege og opne og ikkje er redde for å ta ansvar, eller som er flinke til å ta avgjerder. Og så er det jo viktig at ein er skikkeleg og hyggeleg å jobba saman med. Folk skal trivast på jobb. Det var ein som sa ein gong at du er din kollega sin arbeidskvardag, og det er jo heilt riktig. Så det å tilsetta leiarar som evnar å ta styring og skapa tryggleik og tillit hos dei ein jobbar tett med, og gjera det på ein skikkeleg måte, og på ein hyggeleg måte, synest eg er viktig.

– Som bibliotekdirektør er du posisjonert midt mellom politisk leiing og dei tilsette i di avdeling i kommunen. Kvar ligg lojaliteten din i den posisjonen?

– Foreløpig har eg ikkje blitt utfordra så veldig på det. Eg har vore i denne stillinga i ei veke. Men det er klart at politisk leiing er vår ... Altså, politisk leiar er øvste leiar av den etaten eg er sett til å leia. Det er der både styringssignal og budsjett kjem frå. Og det er viktig å vera lojal til det. Og så er det viktig å peika på konsekvensane av dei avgjerdene og styringssignala som kjem. Så eg tenkjer at min jobb er både å kunna omsetta begge vegar og vera tydeleg på kva dette vil seia, og kva dette betyr for vårt oppdrag, og peika på det eg meiner er viktig. Og samtidig vera lojal mot avgjerdene som kjem.

– De står jo i ein arbeidskonflikt her som blei fastlåst i fjor, der organiserte bibliotekarar ikkje jobbar etter klokka fem på kvardagar, er det sånn?

– Ja, det kom til ein avtale med Fagforbundet, men ikkje med Bibliotekarforbundet. Så vi har ein avtale med den eine fagforeininga og ikkje med den andre, noko som sjølvsagt er veldig uheldig. Det betyr at om du kan jobbe etter klokka fem og fram til klokka sju eller ikkje, er avhengig av kva fagforeining du er organisert i.

– Kva har det hatt å seia for drifta?

– Nei, det har vore eit brokete år i fjor. Vi hadde forhandlingar fram til 1. april, og då vi ikkje kom til semje, styrte vi på Dok 25 (tariffavtalen for Oslo kommune, red.mrk.), og det betydde at ingen bibliotekarar kunne jobba etter klokka fem. Det betydde også at vi hadde litt avvikande opningstider og tenestilbod i ein periode, og så fekk vi på plass ein avtale med Fagforbundet og ikkje med Bibliotekarforbundet. Det er klart at det er ein situasjon som er veldig uheldig, og som vi må sjå på på nytt.

Det endelege redaktøransvaret

– Det er mykje snakk om redaktøransvaret til biblioteksjefane no. Her i Oslo er det vel sånn at his du er leiar på eit av dei 26 biblioteka, så har du redaktøransvaret der, for eksempel når det gjeld programmering. Men det verker som det har vore eit nivå over det, som du har no som bibliotekdirektør, som eigentleg er redaktøren i Deichman.

– Redaktøransvaret ligg hos biblioteksjefen, berre for å seia det, og den uavhengigheita er vesentleg. Deichman har vore redaktørstyrt sidan vi blei etablerte. I starten var det ikkje arrangement og møte. Det har funnest kriterium for kva ein kjøper inn, som går på kvalitet og breidde og aktualitet, men det har vore kuratert. Vi har valt ut det innhaldet kontra at alle kunne tenkja seg å koma med ei veske med bøker og få dei «tagga» og sett på hyllene, for å setta det på spissen. Biblioteket er ikkje ein open plattform der alle kan legga inn eit innhald, vi er eit  redaktørstyrt medium der biblioteket sjølv kuraterer eit innhald åleine eller i samarbeid med andre.

Likt på tvers

– Samlingane har vi jobba med så lenge, at der opplever vi at det er ganske avklart. Møteverksemda brukar vi no tid på og ser korleis vi skal sikra at vi har ei lik praksisforståing på tvers av Deichman. Der har vi også etter kvart mykje erfaring. Vi har mange arrangement, og så er det eit fåtal arrangement som skapar mykje støy ute – som du sikkert tenkjer på – om det er Legatum som ønskjer å ha ein paneldebatt hos oss, eller det kjem eit spørsmål frå ei eller anna kontroversiell gruppe. Men redaktøransvaret ligg her.

– Her ...?

– Her som i biblioteket og til slutt hos biblioteksjefen.

– Ja, som enten her eller på Lambertseter, eller på Majorstua, eller ...?

– Redaktøransvaret blir delegert og utøvd på det enkelte biblioteket. Når det gjeld samlingsinnkjøp, så gjorde vi det også på den måten tidlegare, og no har vi sentralisert det, meir av praktiske grunnar fordi så stor del av samlinga vår er lik frå bibliotek til bibliotek. Og der jobbar vi også, berre så det er sagt, med å sjå korleis vi i sterkare grad kan trekka vekslar på kvarandre sin kompetanse når vi programmerer. For det er mykje å henta på eit breiare samarbeid mellom biblioteka. 

Bibliotekarkompetansen

– Kva synest du om biblioteklova sitt krav om bibliotekfagleg utdanning for biblioteksjefar?

– Det vesentlege er kompetansen totalt sett i organisasjonen, og at ein biblioteksjef har god forståing for bibliotekoppdraget. Knut var litteraturvitar. Eg er statsvitar, og biblioteksjefen før Knut var heller ikkje bibliotekar. Men det har vore ei utvikling som har vist at biblioteka har vore i gode hender, sjølv om du ikkje har hatt bibliotekarkompetanse helt i topp.

I 2021 fekk Deichman Bjørvika den internasjonale bibliotekorganisasjonen IFLA sin pris for Årets folkebibliotek, og utviklinga har halde fram. Vi presenterer Merete Lie for tanken om at ho no er øvste leiar av kanskje verdas beste folkebibliotek.

– Eg tenkjer vi har tilsette som er verdsleiande når det gjeld bibliotekdrift. Dei har bidrege til at vi i Deichman Bjørvika fekk den gjæve prisen året etter at vi opna biblioteket – det er både dei tilsette, det er løysningane vi tilbyr, og måten vi driv biblioteket på. Og så har vi sjølvsagt også ein faktor som heiter gode rom og god arkitektur.

Ho dreg også fram korleis Deichman har utvikla avanserte løysingar som før ikkje fanst i marknaden, med stor grad av sjølvbetening og god digital formidling.

– Det skal vera lett å bli lånar, lett å bruka tenestene våre.

Men godt arbeid skapar forventingar om meir godt arbeid.

– Vi har skapt forventningar om ei tydeleg utvikling. Både den måten vi har utvikla biblioteka på, og den takten samfunnet utviklar seg i, skapar forventningar til at vi skal halda fram med å skapa innovasjon gjennom drifta vår. Det er ein stor jobb å halda ein slik posisjon, og framleis ligga i front.

Naturleg i front

Vi spør om Lie opplever at politikarane ser jobben dei gjer, og gjev gode rammer for arbeidet, og høyrer eit ekko frå DNB-tida slå gjennom i det ho kallar Oslo kommune for «solide og skikkelege eigarar».

– Eg opplever at dei ser og har heia veldig på biblioteka, og at vi har hatt solide og skikkelege eigarar med oss heile vegen. Det å ha denne eventyrlege veksten med dei store voluma av menneske, dei mange romma som vi no har over heile byen, og eit sett av veldig moderne løysningar som møter publikum, det krev at vi held oss der. Og det vil vi jobba med at også skal gje seg utslag gjennom ein bibliotekplan og gjennom vidare satsingar i budsjettet.

Heilt sidan Noregs første folkebibliotek Deichman blei grunnlagt i 1785, har biblioteket vore ein bjøllesau for andre folkebibliotek. For Merete Lie er denne rollen både ønskeleg og naturleg. Den kjem naturleg av at Deichman er så store, meiner ho, og nemner sjølv det felles anbodet rundt kjernesystem og formidlingsløysingar som dei inviterte andre bibliotek til å få opsjon på, og som no er i ferd med å bli implementert i fleire bibliotek rundt om i landet.

– Dette er løysningar som andre har ønskt å ta del i. Det at vi er så store og har hatt ei kraftig utvikling, etablert eit nytt hovudbibliotek, rusta opp, bygd nye lokalbibliotek og utvikla dei gode løysningane, legg oss naturleg i front. Og vi vil gjerne sørga for at både tankegods og løysingssett blir delte på tvers med andre folkebibliotek, avsluttar den nye bibliotekdirektøren.

 

Powered by Labrador CMS