Frå terrorens tidsalder

Frå terrorens tidsalder

Wisława Szymborska er kanskje den som skildrar terroråtaket 11. september aller best. Diktet «Photograph from september 11» byrjar slik:

 

They jumped from the burning floors–

one, two, a few more,

higher, lower.

 

The photograph halted them in life,

and now keeps them   

above the earth toward the earth.

 

Ho avsluttar diktet med ei utstrekt hand, ei lita trøyst i det vonlause 
eller kanskje eit slags håp:

 

I can do only two things for them–

describe this flight

and not add a last line.

 

 

Kor var du 11. september 2001 rundt kl.15? Eg var på biblioteket kor eg jobba som studentvakt. Og det var heilt tomt. Alle var ein anna stad, alle såg flya som krasja inn i Twin Towers. Bygningar kollapsa, folk hoppa. Det er i denne ettertida romanen Saturday eller Lørdag av Ian McEvan finn stad. Boka vart gitt ut i 2005 og er sett om til norsk av Halvor Kristiansen.

Midt på natta kl.03.40 laurdag den 15 februar 2003, står vår hovudperson Henry Perowne opp av senga. Det er ikkje noko han har for vane, men denne natta kjenner han seg heilt vaken. Så han opnar skoddene og ser ut på det vesle av liv som er i gatene på denne tida. Brått ser han noko han fyrst trur er ein meteor, eit sterkt skinnande element på himmelen. Det lyser opp, og han tenkjer på å vekka kona si Rosalind slik at ho også får dette med seg. Men det er ikkje ein meteor, det er eit brennande fly som flyg lågt over London. Brått har han ingen grunn til å vekkja nokon. Han tenkjer at han eigentleg burde gjere noko, han er lege, nevrokirurg, han har eit ansvar. Perowne tenkjer på dei som sit inne i flyet, dei som allereie er døde og dei som kjem til å døy. Og så gjer han ingenting. Han berre ser på flyet, til det forsvinn frå synsranda.

Slik set Ian McEwan stemninga i Saturday. Det er urovekkjande. Me kjenner på oss at noko kjem til å hende, men me veit ikkje kva. Også etter at Perowne har sett på nattnyheiter saman med sonen som er nyss heime frå spelejobb, og dramatikken delvis vert avkrefta; det var eit postfly som klarte å nødlanda på Heathrow og begge pilotane overlevde, er uroa her. Så var det ikkje dette, men kva er det då? Noko av det McEwan gjer så meisterleg og som gjer boka så spennande er måten Han bygger historia opp på. Det er ei ambisiøs bok. Den går føre seg gjennom eit minnerikt døgn. I underkant av 300 sider om ein dag i ein manns liv kunne fort blitt keisamt, men ikkje her. 

Bakteppet for romanen er tida rett før den vestlege verda bryt ut i «krigen mot terror.» Denne laurdagen boka utspelar seg føregår ein stor fredsdemonstrasjon halden i London. George Bush jr. vil gå til krig og Tony Blair vil gå til krig for å få ende på Saddam Husseins terrorregime. Men folket vil ikkje gå til krig. Dei seige massane på veg ut og i gatene og på veg heim igjen seinare går som ein raud tråd i forteljinga. Vår mann, Perowne, er ambivalent og kan hende ein smule kynisk. -Om det er ein ting han veit, seier han til seg sjølv på eit punkt, -så er det at denne krigen vil bryte ut. Noko av det som har forma synspunktet hans er møte med pasienten Miri Taleb, tidlegare professor ved universitetet i Baghdad. Taleb har sjølv vore utsett for Saddams terrorregime. Han har fortalt tilstrekkeleg for Perowne å legitimere ein krig.

Noko av det eg legg særleg merke til som lesar 13 år etter boka vart utgitt, er diskusjonen mellom Perowne og dottera Daisy som går over fleire sider. Daisy meiner krig er galskap og har store problem med å skjøna farens argument. Diskusjonen vert avslutta slik:

«…Det er en mulighet til å snu situasjonen i et land. Plante et frø. Se om det blomstrer og sprer seg.»

«Du planter ikke frø med krysserraketter. De kommer til å hate invasjonsmakten. De religiøse ekstremistene vil bli styrket. Det vil bli mindre frihet, flere forfattere vil bli fengslet»

«Jeg vedder femti pund på at Irak har pressefrihet tre måneder etter invasjonen og uovervåket Internett-tilgang også. De reformvennlige i Iran vil bli oppmuntret, potentatene i Syria og Saudi-Arabia og Libanon vil bli nervøse»

Daisy sier: «Greit. Jeg vedder femti på at det vil bli et stort kaos, og at selv du kommer til å ønske at det aldri hadde skjedd» (McEwan 2005: 189)

14 år seinare konkluderer denne lesaren med at Daisy vann dette veddemålet.

 

Men den snart komande krigen og krigsprotestane er ei kulisse, den verkelege historia og dramaet i boka kjem mykje tettare på livet sjølv. Mykje tettare enn Perowne kunne sjå for seg då han stod opp midt på natta og såg eit brennande fly. Terroren bankar på husdøra og kjem heilt inn i stova rett før ein lenge planlagt familiemiddag. Og noko er endra for alltid. 

Det tek tid før uroa slepp taket etter at ein har lese denne boka. Det krev å leva med karakterane i ei kjensle av at noko kjem til å hende, lenge før det hender. Og på eit merkeleg vis kjennes det meir ut som ei forløysing enn eit sjokk når det først skjer. Verda vår endra seg etter 11.september. Norge endra seg også etter 22.juli. Mange er merkte for alltid. Etter kvart har det blitt mange datoar. Nye terroråtak. Me klarer ikkje lenger halde talet, det går kan hende ikkje like mykje innpå oss lenger. Men det er uro. Og det er ofte på kveldane eg loggar meg inn på ei nyheitsside og tenkjer før eg får nyhenda opp – har det hendt noko nytt no, einkvan staden? Ein restaurant, eit diskotek, eit konsertlokale, ein trailer inn i ei menneskemengd? Eg pustar letta ut kvar gong hovudsaka er noko eg allereie har lese om. Men eg kjenner meg ikkje trygg lenger. Det er det som er den store forskjellen no, samanlikna med ein gong før, som eg knapt huskar. Det er nettopp dette Ian McEwan skildrar så innmari godt; det vesle livet vårt, i terrorens tid. 

 

 

Primærlitteratur:

McEwan, Ian (2005): Saturday. London: Vintage.

McEwan, Ian (2005): Lørdag; oversatt fra engelsk av Halvor Kristiansen. Oslo: 

Gyldendal

 

Sekundærlitteratur:

Szymborska, Wisława (2005): «Photograph from September 11”; translated by 

Clare Cavangh. Tekstutdrag henta frå elektronisk kjelde:

https://www.poetryfoundation.org/poems/48799/photograph-from-september-11