Anne, den modige

Anne, den modige

«You ask me how I feel
I said my heart was like a wheel
Why don’t you listen to it sometime
I’ve walked upon the moors
On many misguided tours
Where Emily, Anne and Charlotte
Poured their hearts out
And what did they know
What could they know about love
Or anyone know about love.»

Kate & Anna McGarrigle (1982)

Slik lyd verset i den fengande pop-låten «Love over and over» av Kate og Anna McGarrigle. Midt i dei melodiøse rytmane kjem ei helsing til dei tre Brontë-søstrene: Emily, Anne and Charlotte. Emily Brontë hadde vore representert på pop-listene nokre år tidlegare, med Kate Bush og «Wuthering Heights», men dette er truleg ein av dei få gongane minstesøstera Anne har vore pop. Og denne gongen er det Anne det skal handla om. Ho som nok gjorde minst ut av seg av dei tre, men som var den klart modigaste i val av tema i hovudverket sitt: The Tenant of Wildfell Hall.

«[Hos] meg er smil og tårer omtrent det samme; ingen av dem er begrenset til bestemte følelser: jeg gråter ofte når jeg er lykkelig, og smiler når jeg er trist» (Brontë: 2016: 157), seier den kvinnelege hovudpersonen til Gilbert Markham. Mr. Markham vil kunne karakteriserast som hovudpersonen i boka, sidan det er han som fortel historia, det er likevel ingen tvil om at det er Helen, også kjent som Mrs. Graham, som er vår eigentlege helt i Kvinnen på Wildfell Hall. Det er også i stoffet som er fortalt frå hennar synsvinkel, hennar dagboksnotat og brev, at boka verkeleg lev. Boka er elles særs godt omsett av Peter Fjågesund og med eit lærerikt etterord, som eg kjem attende til.

Eg dykka ned i The Tenant of Wildfell Hall denne påsken og løfta ikkje hovudet før etter tre dagar, då boka var ferdiglesen. Eg hadde leseabstinens. Kva skulle eg lese no? Heldigvis ramla eg over ei bok av Jane Austen som eg ikkje hadde lese før, Mansfield Park. Og eg vil dvele litt ved Austen, for det er interessant å kikke på Anne Brontë frå Jane Austens synsvinkel. Eg er ein stor fan av Jane Austen, og synst både bøkene og karakterane er geniale. Men dei handlar alltid om det same: korleis skal den kvinnelege hovudkarakteren bli godt gift, og såleis lukkeleg. Det er alltid krise på ulike plan, før trådane vert samla til slutt og alt ser ut til å gå godt for vår kvinnelege helt og ikkje fullt så godt for dei mindre sympatiske karakterane i boka. Anne Brontë, på si side, inviterer oss inn i eit ekteskap etter at den første gleda har lagt seg. Ho viser oss ei bakside som for samtida var høgst sjokkerande, ikkje minst då det vart kjend at det stod ein kvinneleg forfattar bak verket. Vår kvinnelege hovudperson Helen gifter seg med den manipulerande Arthur Huntingdon. Mr. Huntingdon er den type mann som ikkje nektar seg noko. Han forsvinn til London, somme tider eit halvt år om gongen og let Helen vere aleine heime med eit nyfødt barn. Der lev han eit utsvevande liv i månadslange fyllekuler finansiert på kreditt og omgitt av ei rekke tvilsame kompisar. Mr. Huntingdon innleiar til og med eit seksuelt forhold med ei gift kvinne, medan ho er gjest i heimen deira. Eg trur ikkje eg kjem på noko område kor vår kvinnelege hovudperson ikkje vert fornedra av mannen sin. På eit punkt seier ho: «[W]ill you let me take our child and what remains of my fortune, and go?»(Brontë 2016: 360). Det får ho sjølvsagt ikkje lov til, då det vil bringa skam over mannen, og endå større skam over ho sjølv. Helen rømmer likevel til slutt og tek dekknamnet Mrs. Graham og fortel at ho er enke. Det er her forteljinga i boka vår startar, der den mannlege hovudpersonen og forteljaren Gilbert Markham meir eller mindre mot sin vilje vert dratt mot Mrs. Graham. Og etter kvart får han kjennskap til forhistoria, den vår kvinnelege hovudperson gjer alt ho kan for å halda skjult for omverda. 

Det er fyrst i dei seinare åra The Tenant of Wildfell Hall har blitt løfta fram og fått den statusen den fortener. Kvifor vart boka gløymt og neglisjert i så mange år? Det anerkjente litteraturoppslagsverket Verdens litteraturhistorie (Hertel:1988) gir oss nokre svar. Både Charlotte Brontë og Emily Brontë får kortfatta og informative artiklar om hovudverka sine, medan minstesøster Anne nærmast vert forbigått. Om henne står det i eit lite oppslag i margen: «fulgt av Annes The Tenant of Windmill Hall (1848) om den ulykksalige broren» (Hertel: 1988: 146), og det er alt som står. Merk at til og med tittelen på hovudverket til Anne Brontë er skrive feil, det skulle vore The Tenant of Wildfell Hall. Ei hovudkjelde for at Anne så lenge har vore i skuggen hjelper Peter Fjågesund oss å finne i sitt glimrande etterord av den norske utgåva. Saman med dårleg omtale i samtida, så gjekk storesyster Charlotte aktivt inn for å få boka gløymt. Interessant nok selde boka svært godt, heile fyrsteopplaget vart rive vekk i løpet av få veker. Publikum vart kan hende pirra av den negative kritikken? 

Charlotte Brontë skriv følgande i forordet til 1850-utgåva av Emily Brontës Wuthering heights. «The Tenant of Wildfell Hall» by Acton Bell, had likewise an unfavorable reception. At this I cannot wonder. The choice of subject was an entire mistake. Nothing less congruous with the writer’s nature could be conceived. The motives which dictated this choice were pure, but, I think, slightly morbid…» (Brontë: 1994: 9) Og slik held ho fram. I løpet av ei dryg halvside begår Charlotte Brontë karakter-drap både på forfattarsøstera sjølv, men også på hovudverket hennar som alt i alt var «an entire mistake.» Om søstera skriv ho «she hated her work». Det som var eit sjokkerande verk for samtida, var tydelegvis også for mykje for ei fornuftig storesøster.

I Verdens litteraturhistorie står det at boka til Anne handlar om broren Branwell. Dette er ei forenkling, men broren Branwell levde skandaløst og svært lite tenleg for resten av familien. Han misbrukte både alkohol og narkotika og innleia dessutan eit forhold til ei gift prestefrue. Det kan vere at Charlotte følte at Anne retta søkelyset mot ein skandale ho sjølv helst ville la vere å tenkje på. Boka har i dei seinare åra blitt løfta fram som ein av dei første verkelege feministiske romanane. Dette mellom anna fordi Anne Brontë så kjøleg og presist skildrar dei praktiske og kjenslemessige konsekvensane av utruskap, sett frå ein kvinneleg synsvinkel. Men også fordi Mrs. Graham, slik ho er representert i starten av boka, er ei viljesterk kvinne som vågar snakka mot vedtekne maskuline sanningar. 

Emily Brontë skriv om kjærleik som er sterkare enn døden i Wuthering Heigths og Anne Brontë skriv sannferdig om eit djupt destruktivt samliv i The Tenant of Wildfell Hall. Den eine søstera Emily døydde 30 år gamal, medan Anne døydde 29 år gamal. Ingen av dei hadde noko kjærleikserfaring som er kjent. Likevel gir dei seg i kast med store tema og med ei veldig kraft. Og eg må seie det kjennest sant, sjølv om det til tider kan vere ekstremt. Eg vil la Anne avslutte det heile. I sitt korte liv rakk ho den vesle gleda av å kunne skrive eit etterord til andreutgåva av hovudverket sitt. Her forsøker ho å imøtegå noko av kritikken boka hadde blitt møtt med og skriv: «Jeg ønsket å fortelle sannheten», […] «for sannheten formidler alltid sin egen moral for dem som er i stand til å motta den. Men ettersom den kostelige skatten altfor ofte befinner seg i bunnen av en brønn, kreves det litt mot å dykke etter den.» (Fjågesund: 2016: 614.) 

 

Kjelder
Brontë, Anne (2016): The Tenant of Wildfell Hall. London: Vintage Books.
Brontë, Anne (2016): Kvinnen på Wildfell Hall; oversatt og med etterord av Peter Fjågesund. Oslo: Bokvennen.
Sekundær litteratur:
Brontë, Charlotte (1850): Biographical notice of Ellis and Acton Bell I Wuthering Heigths av Emily Brontë (1994). London. Penguin Books.
Fjågesund, Peter (2016): Etterord I Kvinnen på Wildfell Hall av Anne Brontë. Oslo. Bokvennen.
Hertel, Hans (red.) (©1988): Verdens Litteraturhistorie: Redaksjon; Hans Hertel; Billedredaksjon Hans Hertel i samarbeid med Bodil Bierring. Oslo: Gyldendal.
McGarrigle, Kate (1982): Love over and over I: Love over and over av Kate & Anna McGarrigle. [London]: Polydor. Tekstutdrag henta frå elektronisk kjelde: https://genius.com/Kate-and-anna-mcgarrigle-love-over-and-over-lyrics [Lesedato 06.05.2018]