Akterutsegla nynorskforakt

Akterutsegla nynorskforakt

– Bibliotekarane har stor innverknad på språksituasjonen i nærområdet sitt, seier leiar i mållaget, Magne Aasbrenn. Då Tore Renberg (bildet) ga ut bok på nynorsk, fekk han kjenne målhaldningane på kroppen. 

Kan populære bøker på nynorsk utfordre nynorskforakta? Det kan sjå sånn ut, ifølge ei rekke bibliotekarar Bok og Bibliotek har snakka med. Men i nokre grupper og på nokre stader sit negative haldningar mot målforma hardt i. 

Framleis er det dei som heller vil lese på både engelsk og tysk før dei les ei bok på nynorsk. Det er haldningar biblioteka kan gjere noko med, meiner mållaget. 

– Bibliotekarane har kanskje større påverkingskraft enn dei sjølv trur. Særskilt er det viktig at biblioteka i nynorskområde viser tydeleg at dei høyrer til den målforma, både i skilting og i utstillingar. Og i bokmålsområda kan dei gjere mykje ved å ha ein tanke på kva bøker dei stiller ut og anbefaler folk å lese, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

 

Selde mindre

Det er lite statistikk på kva målform bokutlånet har, men i ei svært uhøgtideleg undersøking blant sju av dei største biblioteka i landet, svarar alle at dei ikkje tek spesielt omsyn til målform når dei stiller ut bøker, om det ikkje er eit spesielt fokus i utstillinga. Dei fleste fortel også at det er få som ikkje vil lese nynorsk, men det er framleis nokre. 

– Det er litt sånn at eg har forfattarskapen min, den består av titlar. Og så har eg den der nynorskboka, seier Tore Renberg. 

I fjor ga han ut «Du er så lys», som han skreiv på nynorsk. Etter å ha gitt ut 24 bøker på bokmål. 

– Det var jo ein risiko, dette er jo levebrødet mitt. Og til tross for god mottaking, har boka selt dårlegare enn eg kunne venta. Det er nok på grunn av språket, seier han.

Det er vanskeleg å talfeste skilnaden, men han tippar på 15-20 prosent lågare salstal enn om boka hadde vore på bokmål. Likevel var det ikkje berre negative tilbakemeldingar på at han bytte målform.

– I det offentlege, som i avisene og av bokhandlarane og biblioteka, syns eg det var betre motteke enn venta. Dei behandla boka som andre bøker, og tok på alvor det prosjektet det var å byte målform. Men blant folk, særlig i byane på sørvestlandet, har eg blitt overraska over kor djupt nynorskforakta sit, seier han. 

Å utfordre denne forakta var noko av grunnen til at han valde å endre målform då han skreiv «Du er så lys». Bok og Bibliotek har prøvd å utforske om den framleis fins, og på kva måte biblioteka opplever den

Frå biblioteket i Trondheim skriv bibliotekar Liv Vennevik at ho opplever at dei fekk fleire tilbakemeldingar om at folk ikkje vil lese nynorsk før. Fleire av biblioteka melder at det i hovudsak er eldre eller godt vaksne som kjem med den typen tilbakemeldingar no. Så kanskje er nynorskforakta rett og slett i ferd med å døy ut? 

På Deichman seier leiar av publikumsseksjonen Annike Selmer at ho opplever at fleire enn før les bøker på nynorsk, og særskilt etter at Elena Ferrante-kvartetten kom på marknaden (den er omsett til nynorsk). Vidare peiker ho på at unge norske forfattarar som Olaug Nilssen, Agnes Ravatn og Gunnhild Øyehaug har fått fleire til å lese nynorsk utan at språket i seg sjølv vert hovudpoenget. – Og kanskje det er noko av det viktigaste i endringa som skjer, at litteratur på nynorsk går frå å vere nynorsklitteratur til å vere berre litteratur. 

I Stavanger melder biblioteket at somme vel vekk ei bok dei har blitt råda til å lese om den er på nynorsk, og det kjenner Renberg att frå heimbyen.

 

Mindre fuzz

– Eg slutta å vere så veldig høfleg rundt det. Før pleidde eg sei det om ei bok var på nynorsk, det gjer eg ikkje lenger, seier Mariann Schjeide, leiar i Norsk Bibliotekforening og styremedlem i Noregs mållag. 

Som mangeårig biblioteksjef ved Ålesund Bibliotek, i ein by med mange bokmålsbrukarar «omringa» av nynorskkommunar. Ho er klar på at bibliotekarar har eit viktig ansvar for å formidle litteratur på nynorsk. 

– Det er viktig å ikkje lage så stort fuzz rundt det, det er ikkje naudsynt å sei at boka er på nynorsk om det er ei bok du anbefaler på grunn av kvaliteten, der har mange litt å lære, seier ho.

Ho har møtt på mange fordommar mot eiga målform som bibliotekar.

– Det var ei lesegruppe her som søkte råd. Dei las både engelsk og tysk, men då eg anbefalte ei bok på nynorsk, ville dei ikkje lese den. Då vart eg rysta, og sa ifrå om at eg syns det var spesielt, og at dei gjekk glipp av mykje i si litterære danning, fortel ho.

 

Forakt i retrett?

Schjeide har ei oppleving av at å promotere nynorsk litteratur er noko som enten blir møtt av at folk reagerer negativt og blir enda sterkare i den trua si, eller at dei får ei aha-oppleving. Og i likheit med ei rekke bibliotekarar me har snakka med, syns ho nynorskforakta er på retrett. Kanskje særskilt på grunn av at fleire forfattarar som skriv på nynorsk har blitt svært populære dei siste åra. 

– Populariteten til bøker av Anna Gevalda, Edvard Hoem, Elena Ferrante, Agnes Ravatn, Maria Parr og fleire har gjort at det kanskje ikkje er like stovereint å sei at ein ikkje vil lese nynorsk lenger, meiner ho.

Men ho påpeikar samstundes at bøker på nynorsk ofte må vere enda betre enn dei på bokmål for å verte «godkjent» av lesarane og lånarane. Og der må bibliotekarane kjenne si besøkingstid, særskilt når det til dømes er unge som kjem for å låne ei bok dei må lese til sidemålsundervisninga.

– Ein må gje folk noko dei vil like. Gje dei Frode Grytten eller Agnes Ravatn til dømes, det er bøker som ofte ikkje er så lange, og som dei aller fleste likar. Og sjølvsagt Elena Ferrante, eg har høyrt fleire sei at etter å ha lese nokre sider, så legg dei ikkje merke til at den er på nynorsk.

 

Gjekk over

Tore Renberg fortel at målforma i «Du er så lys» vart mindre viktig etterkvart som folk har lese boka. 

– Alle dei negative reaksjonane kom i starten, etter det har eg ikkje høyrt eit kvekk. Så boka har vunne sjølv. Motstanden og hissigheita har minka. Mange seier dei ikkje la merke til målforma etter dei fyrste sidene.

Han har sidan gitt ut ei bok til på bokmål, men lovar at det kjem fleire på nynorsk også.

– No er eg tospråklig. Eg er ein voksen mann, og klarer ikkje skifte for resten av livet, men syns dette var ei så flott oppleving for både meg og språket, at eg vil prioritere å skrive nokre bøker og teaterstykke på nynorsk, side om side med bokmål, seier han. 

 

- Tekst: Maria Pile Svåsand, frilansjournalist. Foto av Tore Renberg: Tommy Ellingsen