Afrika i frykt og håp

Afrika i frykt og håp

Dei fleste nordmenn, som underteikna meldar, veit lite om Afrika. Men det er for slike Tore Linné Eriksen har skrive boka Afrika for. Verket er eit velskapt avkom av eit langt forskarliv, og det suverent mest pedagogiske og opplysande oversiktsarbeidet om emnet på norsk til nå.

Boka er ikkje minst også resultat av eit forlagsarbeid i toppklasse (v/redaktør Lars Aase); den er konstruert etter ein innbydande lærebokmal, med mengder av oppfriskande mindre innslag, så som tabellar og kart m/oversikt over slavehandelens reiseruter, oversikter over ressursar og folkegrupper, fotografi og bilete av afrikansk kunst, omtalar av forfattarar og filosofar. Det er ei folkebok, utan fotnotar, og boksidene er delt i to spalter. Ikkje minst er verket uvanleg velskrive, lett og variert i syntaksen og framfor alt klari framstillinga. Her og der får vi attpåtil afrikansk språkleg krydder i form av nedarva ordtak.

Samtidig er den faglege, profesjonellestandarden tatt vel vare på. Linné Eriksen gjer i innleiinga grundig greie for dei metodiske problema eit verk av denne typen nødvendigvis har hatt å streve med. Afrika er ikkje berre det største kontinentet, men er også markert skilt av historiske grunnar mellom det arabiske nord og resten, med sine «kvite» spesialinnslag som Sør-Afrika og Rhodesia. Hovudgrepet til Eriksen verkar fornuftig. Framstillinga hoppar frå land til land og frå tema til tema, men utan å gi vrak på kronologi og periodisering.

Framstillinga av afrikansk oldtid er kort, men svært interessant. Kanskje det mest overraskande er påvisinga av kor sterkt kvinnene stod i det gamle Egypt. Landets rolle i framveksten antikk tenking og vitskap er for akademikarar meir velkjend. 

Rimelegvis gir Linné Eriksen god plass til slavehandelen, både den «innfødde», som eksisterte alt i det tidlege Egypt og i andre afrikanske land, og den europearane stod for, og som Portugal gjekk i spissen for. (Diskusjonane om kor store tap av menneske kolonialismen gjorde seg skuldig i, overser ofte at dei største mannefalla skjedde førkoloniane blei oppretta.) Land som England, Frankrike og Nederland kunne gjerne skryte av sine eigne anstendige politiske institusjonar, men praktiserte på sine plyndretokt på utebane naken og rå vald. Det første åtaket skjedde i portugisisk regi, mot ein marokkansk hamneby tidleg på 1400-talet.  

Eit av dei viktigaste tematiske kapitla heiter «Kolonialisme i ulike utgaver». Afrika var ikkje berre statisk. Vi får m.a. vite at i fleire område var utbygginga av jernbaner «godt i gang før kolonitida». Men kolonimaktene overtok regien, og dei såkalla handelskoloniane som opererte i Afrika sikra seg kontrollen over eksportvarene frå afrikansk landbruk og gruvedrift. Her blei grunnlaget lagt for den einsidige økonomien som framleis plagar Afrika. Seinare kom dei såkalla konsesjonsselskapa, som ikkje var koloniale i ordet, men som i realiteten innebar europeisk monopol på gruver og andre råvarekjelder. Til tider blei afrikansk arbeidskraft drivne inn i «karrige reservater»; arbeidsforholda på plantasjane var blant dei mest skrekkelege. Linné Eriksen er også nyansert: Kolonisystemet kunne arte seg på svært ulike måtar og var ikkje overalt like brutalt. 

Han gjer på den andre sida greie for at sjølvstendekampen ikkje gjorde kål på all kolonialisme. Bistands- og handelsavtalar har vist seg ofte å vere døme på utbyting i nye former, ein «kollektiv nykolonialisme», inkludert liberalistiske krav frå vestlege Verdsbanken, Pengefondet m.m., som tvingar fram lågare toll på import og andre fordelar for utanlandsk kapital.

På dette punktet er forfattaren vel knapp. Litt teori om nykolonialisme kunne ha gjort seg. (Men skildringa av drapet på Lumumba og resten av Kongos tragedie er svært konkret lærestoff om emnet.) Merkeleg er det at Eriksen ikkje nemner det sjåvinistiske franske valutasystemet (eco), som er skapt for å verne om franske interesser i fjorten protesterande afrikanske land. I kolonialisme-kapitla siterer Eriksen, med blikket fullt av ironi, utsegner frå politisk og kyrkjeleg hald - også i Skandinavia - som på det mest paternalistiske vis rettferdiggjorde kolonialismen. Da er det synd at han gløymer at misjonærlandet Norge også støtta den franske Algérie-krigen (1954-61), ut frå omsynet til «vår kristne kultur» (Halvard Lange).

Eit underliggande og uavklart metodespørsmål i teksten er i kva grad den afrikanske miseren, (fattigdomen, despotia), skuldast kolonimaktene, og kor mykje som skriv seg frå afrikanske tradisjonar og strukturar. Linné Eriksen er ingen naivist, Afrika hadde frå gammalt både slaveri og despotiske kongar og høvdingar, og motsetnaden mellom demokrati tendensar og nostalgi har vore skarp også i nyare tid. Eriksen viser m.a. til Kongos Joseph Kasavubu, som etter sjølvstendet drøymde om å gjenopprette «det fordums Kongeriket». 

Kanskje blir forfattaren, som har ein djup respekt for Afrika, vel «patriotisk». Påstanden om at «vi alle» er afrikanarar, fordi mennesket som art oppstod her, er ein refleks av ureflektert moderne evolusjons«filosofi». Det  romerske imperiet, føydalismen og industrikapitalismen oppstod neppe på grunnlag av afrikanske genar! Og den kristne filosofen Augustin var afrikansk berre i geografisk forstand. 

Til tider kunne Eriksen vore meir presis i omtalen av eigedomsforholda dei ulike samfunna. Klarast er han om det gamle Egypt. Enkelte har feilaktig omtalt afrikanske land som føydale, men i eit av kapitla om Etiopia høyrer vi om «storgodsvelde» - eit ord som duftar av føydalisme. Likedan tyr Linné Eriksen innimellom til vage og omtrentlege begrep frå tidas trivialforsking, så som «sosiale forskjeller», «eliter» og «autoritære regimer» i staden for meir presis terminologi. Eit av desse «autoritære» samfunna er til dømes dagens Eritrea, som praktiserer eit statleg slaveri som inneber arbeidsplikt for dei unge til fylte 44 år. Det har Eriksen ikkje funne plass til.

I sluttkapitlet viser forfattaren til at det britiske magasinet The Economist med nokre års mellomrom har kalla Afrika både katastrofalt og løfterikt. Faktorane som gir inntrykk av håpløyse, er fenomen som borgarkrigar, jihadisme, indre flyktningstraumar og militærkupp. På den andre sida er det ei positiv utvikling, ikkje minst på helse- og skolefronten, men også i næringslivet, som i Etiopia. Haldninga til den kinesiske økonomiske innmarsjen, er ifølgje Eriksen dobbel; afrikanarane er håpefulle med omsyn til industriutvikling, men engstelege for tap av eigen nasjonal kontroll. Tilstanden innan høgare utdanning er lite lystig, og stadig er afrikanske land ridd av det Eriksen kallar «evigvarende presidenter». Slike skapnader er vel produkt av korrupsjonskulturen; statlege posisjonar er nøkkelen inn til dei nasjonale pengesekkane. Nkrumahs «sosialistiske» regime i Ghana, som Eriksen gir eit altfor sympatisk bilete av, var eit sørgjeleg døme på nettopp dette. 

Tekstens siste ordspråk seier: «Det er ingen snarvei til toppen av et palmetre.» Men ikkje la innvendingane gjere vegen til den lokale norske bokhandelen lang.

 

Omtalt bok
Tore Linné Eriksen
Afrika Fra de første mennesker til i dag
Cappelen Damm 2019