Utradisjonelt samarbeid mot plastforsøpling

Utradisjonelt samarbeid mot plastforsøpling
Eg håpar dette kan inspirere andre, seier fylkesbiblioteksjef Annette Koch etter å ha opna døra for ein renovasjonsarbeidar på friarfot.

Ein ettermiddag på vinteren 2016 banka det på kontordøra til fylkesbiblioteksjef Annette Koch i Møre og Romsdal. Utanfor sto Petter Sandvik, informasjonsansvarleg i renovasjonsselskapet Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR). Han hadde fått ein ide. Som tidlegare journalist visste han at det var like greitt å dukke opp utan avtale – då er sjansen for å bli avvist mindre enn på telefon!

Dette uformelle møtet resulterte i noko som kanskje er det første samarbeidet mellom renovasjonsselskap og bibliotek, om det som er ei av dei viktigaste utfordringane i vår tid.

– Ideen var å sette saman ei vandreutstilling om plastforsøpling i havet, for å få auga opp på folk og vise kva som skjer med naturen som følgje av store mengder med herrelaus plast. Vi hadde mykje informasjon, men trengte nokon som var gode på formidling, og som hadde eit nettverk i fylket. Eg visste ikkje mykje om bibliotek, men eg visste litt om fylkeskommunen og det apparatet dei rår over. Og eg visste at biblioteka er eit lågterskeltilbod som når ut der folk er, seier Petter Sandvik.

 

Ideen som vaks

Annette Koch var med på ideen frå første stund. Ho vart svært glad og overraska over å få ein slik førespurnad.

– Brukarmedverknad er jo i tida, men at den skulle komme frå renovasjonsbransjen var ikkje det første som slo meg. I ettertid ser eg at det var ein glimrande match, seier ho.

Derfrå gjekk det fort: I slutten av mars 2017 var dei første utstillingane på plass i folkebibliotek på Sunnmøre. Då var alle dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre, Ålesundregionen interkommunale miljøselskap (ÅRIM), Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR), VØR, pluss Runde Miljøsenter med på laget. Utover våren og sommaren var utstillinga innom dei fleste av folkebiblioteka på Sunnmøre og nokre bibliotek ved vidaregåande skular. Det sørga fylkesbiblioteket for, gjennom Norsk Bibliotektransport.

– At det vart ein suksess seier noko om kva biblioteka har å tene på å knytte til seg utradisjonelle samarbeidspartnarar, seier Annette Koch.

– Biblioteka har fått mange nye oppgåver, men har knappe ressursar. Då gjeld det å tenkje nytt om formidling. Eit av måla i vår nye fagplan for biblioteka i fylket er at vi skal sjå etter nye kompetansemiljø å samarbeide med. Eg håpar dette kan inspirere andre til å sjå seg om i lokalmiljøet etter spanande og utradisjonelle samarbeidspartnarar, seier ho.

 

Vil skape strandreddarar

Sjølve utstillinga var det Runde Miljøsenter som laga, med mellom anna transportvennlege lettveggar. Formidlings- og besøkssenteret på Runde opna ei langt meir omfattande utstilling om marin plastforsøpling i midten av januar, og det var denne dei brukte som utgangspunkt. I tillegg vart det laga brosjyrar og ein rebus for barn. Ein film om marin plastforsøpling laga av Norsk Polarinstitutt var også tilgjengeleg. – Med alt dette materialet vart biblioteka ein god arena for læring når skuleklasser og barnehagar tok turen innom, seier Koch.

Utstillinga vart toppa med eit stort arrangement ved Atlanterhavsparken i Ålesund i september, der den største akvarietanken vart dekt med symbolske strimlar av plast. Sparebanken Møre kjøpte 400 gratisbillettar til born og unge, og Sunnmøre Friluftsråd, Plastfritt Giske og Ellingsøy Idrettslag bidrog til å skape aktivitetar. Målet var å skape fleire engasjerte «strandreddarar» som kan ta tak i pro-- blemet på sine lokale strender og svaberg. 

– Det har vore ei glede å sjå korleis alle stiller opp for denne saka. Eg må seie at utstillinga har inspirert til fleire slike samarbeid, seier Petter Sandvik.

Vandreutstillinga er utarbeidd på ein slik måte at den vil vere like aktuell om to år, som den er i dag – diverre, kan ein kanskje seie. I 2018 er planen at den skal reise rundt i vidaregåande skular i fylket. 

 

60-Utradisjonelt-samarbeid-mot-plastforsopling På turné. Linn Urke Osnes og Ingeborg Ukkelberg er kommunikasjonsansvarlege i SSR og Årim, to av tre renovasjonsselskap som vart med i samarbeidet. Her er dei framfor delar av utstillinga som Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal sendte ut på turne.