Gebyr til bry

Gebyr til bry
Overdagspengar på biblioteket er praksis over det ganske land. Men det skapar konflikt, stenger folk ute og tek opp verdifull tid, meiner kritikarane. Og no er det fleire bibliotek som tek til å endre på den.

Å få eit straffegebyr for å ikkje levere bibliotekbøker i tide, er om lag like tradisjonsrikt som det å få seg eit lånekort på biblioteket i seg sjølv. Men no møter praksisen motbør verda over, og vert kalla usosial og eit hinder for sjølve kjerneoppgåvene til biblioteket.

 

Lite kunnskap

Det er nesten like mange modellar for overdagspengar som det er bibliotek, men dei alle fleste har ei form for gebyr om ein leverer for seint. Mange har eit lågare gebyr for born, og det er ulikt om ein får låne nye bøker eller ikkje før ein har betalt for seg. 

18-Nina-Stenbro- Nina Stenbro.– Dette er ein praksis som er så utbredt og langvarig, at ein ser på den som sjølvsagt. Men me veit lite om den verkar som forventa, seier Nina Stenbro.

Ho er rådgjevar ved fylkesbiblioteket i Vest-Agder og ein av fleire som engasjerte seg i debatten etter eit innlegg på bloggen Biblioteket tar saka.

– Me treng eit kunnskapsgrunnlag som seier noko om meir enn det økonomiske. Om kva det gjer med biblioteksbruken, omdømet til biblioteket og om relasjonen til brukarane, seier ho.

18-tone-eli-moseid- Tone Eli Moseid.

For det er klart at overdagspengar kan gje biblioteka ei viss inntekt, noko som for mange kan vere viktig i møte med kommunen sitt krav om inntening. Men verkar dei for å halde omløpshastigheita oppe og svinnet nede?

– Det er eit for dårleg verkemiddel for omløpshastigheita, og det har uansett vore ei markant nedgang i talet på purringar dei siste åra på grunn av betre rutinar for å minne på når lånetida er ute og at ein kan forlenge lånet digitalt, seier biblioteksjef ved Tønsberg og Færder bibliotek, Tone Eli Moseid.

 

Rammar dei mest sårbare

18-Dawn-Wacek Dawn Wacek.I USA har overdagspengar vore debattert ei stund, og fleire og fleire bibliotek kuttar ut bøtene. I eit TED-foredrag i desember tok bibliotekar Dawn Wacek frå biblioteket i La Crosse i Wisconsin sterkt til orde for å slutte å krevje slike bøter. Ho peikar særskilt på at bøtene rammar skeivt, då dei går hardt ut ovet dei med låg inntekt hardt, medan dei gjerne ikkje betyr så mykje for dei med betre råd. Samstundes er det gjerne dei som kjem frå låginntektsfamiliar biblioteket er aller viktigast for. Wacek fortel at på hennar bibliotek var det 10 000 personar som var blokkert frå å låne bøker grunna uteståande bøter, og i fattige område i byen var dei heile 23 prosent som var blokkert frå biblioteket.

For denne gruppa kan det gjere at ein sluttar å bruke biblioteket, og det gjeld også i Noreg. 

– Eg har jobba i bibliotek der eg har sett at born som brukar biblioteket mykje har fått lånekortet sperra. Ofte kunne me ha funne ei løysing, men det får me ikkje moglegheita til fordi dei ikkje kjem tilbake, seier Stenbro.

Ho trur gebyra kan skape ein terskel som gjer at folk ikkje vil bruke biblioteket, eller la borna sine bruke det. Det kjenner også Moseid seg att i.

– Me har opplevd at foreldre ikkje vil at borna skal få seg lånekort fordi dei er redde dei vil få bøter for for seint leverte bøker, seier ho.

 

Betre tid

I Tønsberg slutta dei med overdagspengar i august. Moseid ser berre positive effektar.

– Me merkar absolutt ein skilnad. I tillegg til at publikum er veldig positive, har me langt mindre trøkk i skranken, og har betre tid til publikumskontakt og formidling, seier ho.

Då slutten for overdagspengar fall samstundes med andre omleggingar, er det vanskeleg å talfeste den frigitte tida i Tønsberg, men ifølge ei sak om gebyrkutt på Karlskoga bibliotek i det svenske Biblioteksbladet frigav endringa 40 prosent av ei stilling.

Wacek meiner i foredraget sitt også at ein slett ikkje tener på å krevje inn pengane, fordi det kostar meir i ressursbruk enn ein tener inn, og at ein kan frigjere mykje tid for bibliotekarane på å slutte med det. I Tønsberg sender dei no ut to purringar på null kroner, før ein får eit erstatningskrav for boka, då kjem det i tillegg 200 kroner i administrasjonsgebyr. Gebyret vil ifølge Moseid gi om lag dei same inntektene som overdagspengane gjorde før.

 

Uvant

Men praksisen med purregebyr er også så innarbeidd at det kan ta litt tid å venne seg til at dei ikkje blir kravd inn, også for publikum. På biblioteket i Asker slutta dei med overdagspengar i 2015, og har ei liknande ordning som den i Tønsberg. To purringar utan innkrevjing av pengar, så vert det sendt krav om erstatning. Men den kjem av og til overraskande på folk.

18-Siri-Tidemann-Naalsund- Siri Tidemann Naalsund– Me opplever at ikkje alle har forstått at purringane faktisk er purringar, sidan det ikkje følger med gebyr, seier biblioteksjef Siri Tidemann Naalsund.

Ho har ikkje opplevd å få klagar, men nokre tilbakemeldingar om at rekninga kjem overraskande på. Biblioteket tek gjerne imot boka også då, men det må betalast 100 kroner i administrasjonsgebyr til rekneskapsavdelinga i kommunen. Likevel er det ei god ordning, seier Naalsund.

– Det har fjerna diskusjonane som kan oppstå, og konfliktar frå biblioteket. Det skal jo vere ein positiv stad å vere.

Då ho sjølv ikkje var biblioteksjef då ordninga vart innført, vil ho ikkje sei så mykje om korleis utviklinga har vore, men fortel at talet på erstatningskrava auka noko dei første to åra, men no har gått ned igjen. Noko som tyder på at publikum har blitt vane med ordninga. 

 

Framleis vanleg

Diskusjonar til tross, dei fleste biblioteka har framleis overdagspengar. Eit av dei er Deichmanske bibliotek i Oslo, der vaksne får eit gebyr på 100 kroner ved andre purring, mens born får ikkje krav om overdagspengar. Leiar i publikumsseksjonen ved hovudbiblioteket, Annike Selmer, seier dei heller ikkje har planar om å endre praksis.

– Gebyret har ein preventiv effekt, og ein har god moglegheit til å levere eller forlenge lånet før ein får gebyr, seier ho.

Ho peikar på at ein i dag ikkje er nøydt til å betale i skranken, men har gode moglegheiter til å betale på nett. 

– Eg har høyrt om svært få som ikkje ønsker å bruke biblioteket på grunn av overdagspengar, men me høyrer det av og til.

I 2018 sendte Deichman ut krav om overdagspengar for om lag 485 000 kroner. Med kjapp hovudrekning blir det under 5000 rekningar – eller forfalt lån, noko som utgjer under ein halv prosent av det totale talet på utlån. 

 

Amnestidagar

Frå USA fortel Wacek vidare om ulike praksisar for å møte dei som er for seine med å levere inn bøkene sine, og som ynskjer å unngå å betale gebyr. San Francisco Public Library hadde til dømes ein amnestiperiode då alle kunne levere inn bøkene og få purregebyret sletta. På seks veker kom det inn 700 000 bøker, ei av dei var 100 år for sein. Samstundes fekk 5000 brukarar opna bibliotekskortet sitt att. 

Eit hovudargument for å slutte med overdagspengar frå både Stenbro og Moseid er at bibliotekarane ikkje treng vere pengeinnkrevjarar.

– Ein må jo spørje seg om det å måtte fokusere på ubetalte gebyr er det ein kulturformidlar skal drive med, seier Stenbro.

Å sleppe diskusjonar om gamle purregebyr og dårlege varslingsmoglegheiter har gjort arbeidskvardagen lettare på Tønsberg og Færder bibliotek, seier Moseid.

– Det er ubehageleg å gjere folk merksame på at dei skuldar pengar. Og no har me meir tid til å vere ute på golvet og i kontakt med publikum.

Trur du eit betre forhold mellom bibliotekarane og publikum i seg sjølv kan føre til at fleire leverar i tide?

– På direkte spørsmål må eg svare ja. Eg trur det er same tendens som ein ser frå mindre bibliotek. Der personalet har nærare kontakt med brukaren, trur eg noko av effekten blir at brukarane opplever større forplikting til å følge reglane.

Ho seier ho sjølv var skeptisk til å slutte med overdagspengar då ho høyrte at Asker bibliotek gjorde det for nokre år sidan, men at ho no heilt har endra meining.

– Av og til må ein spørje seg kvifor ein gjer noko, og ofte er kanskje svaret at det berre er fordi ein alltid har gjort det.

 

Kva syns de om overdagspengar?

Utanfor Bergen Offentlege bibliotek er det faktisk ingen av dei Bok og Bibliotek spurte som har noko imot overdagspengar, så lenge det ikkje er store summar, og ein har fått purring på bøkene.

 

PhoebePapoi-

 

Phoebe Papoi: Det syns eg faktisk er kjempeflott. Utan faren for gebyr hadde eg kanskje aldri klart å levere nokon bøker tilbake.

 

 

IMG46452-

Nguyen Tran (t.h.): Det er ikkje snakk om veldig store summar, så eg syns det er ok. 

Tiffany Yang (t.v.): Det er forståeleg at det er ei straff for å levere for seint, utan ville nok folk vore mindre bevisste. Men det kunne kanskje vore mogleg å ha andre alternativ, til dømes for folk med dårleg råd. I Taiwan, der eg kjem frå, kunne eg velje om eg ville betale litt for kvar av dei 9 dagane eg var for sein, eller å godta å bli utestengt frå biblioteket i 9 dagar. 

 

Atlebreidde-

 

Atle Kårstad: Eg har måtte betale overdagspengar, det skjer nok mange, og gjer at ein skjerpar seg litt. Eg er så glad i biblioteket, og syns det er eit så bra tilbod, at ei bot er greit. Det er trass alt mi eiga feil om eg må betale det.

 

Maria Pile Svåsand er frilansjournalist.