Ideologiske amøbar og bibliotekmeldinga

36-StMeld1.jpgdebatt-red.jpgRett før påske rakk Trond Giske å levere frå seg Bibliotekmeldinga. Som bibliotekarstudent var eg nærast yr over eit rykande fersk dokument frå kulturministaren, eit dokument som omhandla yrket og profesjonen eg utdannar meg til. Var det noko som skulle få meg og mine medstudentar til å blusse opp, så måtte det vere dette. Var du ikkje engasjert i fagområdet og profesjonen din no, så blir du det aldri, tenkte eg.

 

Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent, Hio/JBI, og forfatter

 

36-StMeld1.jpgdebatt-red.jpgRett før påske rakk Trond Giske å levere frå seg Bibliotekmeldinga. Som bibliotekarstudent var eg nærast yr over eit rykande fersk dokument frå kulturministaren, eit dokument som omhandla yrket og profesjonen eg utdannar meg til. Var det noko som skulle få meg og mine medstudentar til å blusse opp, så måtte det vere dette. Var du ikkje engasjert i fagområdet og profesjonen din no, så blir du det aldri, tenkte eg.

 

Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent, HiO/JBI, og forfatter

 

Eg må openlyst ha tenkt feil, for eg har enda ikkje høyrt nokon av mine medstudentar seie eit ord om meldinga. Eller enda verre: Eg har ikkje høyrt dei vere frustrert eller arg eller rett og slett forbanna. Mange har venta lenge på bibliotekmeldinga, både innanfor fagmiljøet og i biblioteksektoren. Men ikkje studentane, verkar det som. Da eg spurte ein av mine medelevar om han ville bli med og banke på kontoret til dekan Øivind Frisvold og høyre kva han meinte om meldinga, fekk eg til svar: "Eg har faktisk ingen interesse av bibliotekmeldinga." Det var som å høyre ein kristen seie han ikkje er interessert i Bibelen. Eller nei, det blir feil, da vil vel Giske eller nokon i Nasjonalbiblioteket vere Gud, og da blir bildet noko ute av proporsjonar. La oss heller seie: Det var som å høyre ein fotballspelar seie han ikkje er interessert i fotballen.

            Det er ikkje mange å spele ball med når ein er bibliotekarstudent og engasjerar seg for faget. Eit engasjement som strekk seg utover pensum, oppgåver, og karakterar på vitnemålet verkar nærast framand for det store fleirtalet studentar på utdanninga. Kvifor er det slik? Er det på grunn av manglande kunnskap om kva for ei rolle biblioteket og bibliotekaren har i samfunnet?

 

Eg trur mange av mine medstudentar har store kunnskapar om kva biblioteket er, og kva for demokratisk funksjon det har. Men eg trur også mine medstudentar er ideologiske amøbar: Vi siterer ein floskel om at biblioteka er viktige demokratiske institusjonar, men det betyr ingenting for oss i praksis. Gje meg heller ein Frpar som seier biblioteket bør koste pengar, framfor ein bibliotekarstudent som seier biblioteket skal vere gratis. Førstnemnte har ideologi i botn, sistnemnte har ein jobb og inntekt i sikte.

            Kunnskap burde få ein til å gjere noko, men kva for kunnskap er det da studentane på faget tek med seg? Lærer vi at eit offentleg dokument som skal vere retningsgivande for profesjonen vår ikkje betyr noko? Eller er det berre mangel på stimulans som får oss til å ikkje bry oss?

            For kven er det som utfordrar bibliotekarstudentane? Kva tid blir vi provosert?

            Er det eit tidspunkt vi burde blitt provosert, så er det no. Kulturminister Giske har nett levert frå seg bibliotekmeldinga. Det eit takk og farvel til det vesle håpet om at Arbeidarpartiet skulle gjere noko som helst for biblioteka.

 

Giske og den raudgrøne regjeringa har utsett meldinga i lang tid. Det i seg sjølv vitnar om nedprioritering. Men å utsette meldinga heilt til starten av april 2009, våren før stortingsvalet, er i praksis å seie at ein ikkje har tenkt å gjere noko som helst. Giske er ein politikar som kan spelet, han veit at denne meldinga vil bety ingenting dersom det raudgrøne regjeringsprosjektet fell til hausten. I staden for å lansere tiltak kulturministeren kunne gjort noko med tidlegare i regjeringas 4 år, så slepp han ei blekke han kan pynte seg med utan å løfte ein finger. Og han gjer det fordi han veit han slepp unna med det. Sp og SV har ikkje tatt til ordet for noko som helst. Opposisjonen verker meir interessert i sine eigne partileiarar. Og media, vel, kva skriv dei om biblioteka? Dagbladet har hatt ein serie der etablerte forfattarar har fortalt at biblioteket er ein fin stad. Nok eit stykke grensesprengande journalistikk frå den døyande avisa.

 

Innhaldsmessig er meldinga svak. Det er eit teikn på at venstresida i Ap har vore undertrykt grundig og lenge når kronprinsen deira, Giske, kallar dette for ein revolusjon. For her er det lite av grunnleggande endringar å spore. Den medisinen som biblioteka verkeleg kunne trenge, er det nærast ingenting av: Pengar. Det er sjølvsagt derfor Giske kjem med ei melding, framfor ein statsbudsjettpost. Men det som bekymrar mest, er at det er ingen spor i meldinga på at Giske har høyrt på eller engasjert det breie fagmiljøet i prosessen. Kvifor har han ikkje i større grad inkludert folk utanfor Nasjonalbiblioteket? Dei tilsette ved bibliotek- og informasjonsavdelinga på Høgskolen i Oslo burde har vore sjølvsagte samarbeidspartnarar. I staden har Giske fått heile meldinga skyggeskrive av ein eller annan rådgjevar som står med begge føtene planta innanfor Nasjonalbiblioteket, institusjonen som nærast ikkje har kontakt med resten av biblioteksektoren.

            Det raudgrøne regjeringsprosjektet har ikkje gjort noko for biblioteka. Det kunne ein kanskje ikkje vente når fagmiljø ikkje engasjerar seg i den offentlege debatten, og ABM-utvikling og Nasjonalbiblioteket er kva bibliotekarar sett sin lit til. Kanskje det no er på tide å satse på ein aktiv skolering av dei politiske partia. Jobbe opp i mot kvart enkelt parti, få ein dialog med dei og skolere dei på feltet. Når Folkets Muhjahedin frå Iran greier å få aktiv støtte frå Frp, så burde biblioteka greie det same.

            Eit parti som Høyre, med ideologar som Kristin Clemet og Ine Marie Eriksen innanfor kunnskapsfeltet, kunne vore ein stad å starte.

            Høyre?!

            Ja. Så kunne kanskje vi bibliotekarstudentar også løfte på augebryna.