Hamsuns orientalske reaksjon

20 Hamsun boeker{jcomments on}Den eggande tittelen “Nirvanas bulder” Ronald Nystad Rusaanes har valt, er sluttakkorden i den hamsunske pensumsviska «Skjærgaardsø», eit dikt der diktaren i beste buddhistiske ånd legg for dagen si tru på sjelevandring, ein sentral del av Hamsuns panteistiske verdsoppfatning.

 

20 Hamsun boekerDen eggande tittelen “Nirvanas bulder” Ronald Nystad Rusaanes har valt, er sluttakkorden i den hamsunske pensumsviska «Skjærgaardsø», eit dikt der diktaren i beste buddhistiske ånd legg for dagen si tru på sjelevandring, ein sentral del av Hamsuns panteistiske verdsoppfatning.

Sjølv om Hamsun er den desiderte hovudpersonen i denne fine boka, har boka eit breiare siktemål. Forfattaren omtaler temaet som «den skandinavisk orienterte bølgje mellom 1890 – 1914. Halvparten av boka er såleis vigd til orientalismen hos Strindberg, Gustav Frøding, Selma Lagerløf og ei rekke andre svenske og norske forfattarar, så som Obstfelder og Wilhelm Krag. Det siste hovudkapitlet handlar om dansken Johannes W. Jensen og spenninga hos han mellom Orientens primitivisme og amerikanske skyskraparar.

     På denne måten demonstrerer Rusaanes breidda i den nordiske orientalismen, men denne siste halvdelen er litt uheldig komponert; gjennomgangen av den enkelte forfattaren tilfører ikkje alltid noko nytt til forståinga av fenomenet orientalisme. Denne omtalen skal derfor konsentrere seg om Hamsun.

Det er gammalt nytt at orientalismen er ein viktig del av Hamsuns verdsoppfatning og verdisyn. Danske Thorkild Hansen (i Prosessen mot Hamsun) daterer den typisk hamsunske reaksjonen, sverminga for det enkle, upretensiøse liv, til publikasjonen av I æventyrland (1903), eit standpunkt Rusaanes sluttar seg til. At Hamsuns fascinasjon for den orientalske fatalismen ikkje berre var eit blaff, viser artikkelen ikkje minst «Festina lente» (1928).

     Det er ingen som i same grad som Rusaanes har dokumentert at Hamsuns orientalisme var tidleg utvikla, og at den er ein betydeleg del av hans ideologiske habitus. Allereie under amerikaopphaldet og besøka hos Kristoffer Janson kom han over litteratur av Emerson og andre som lét seg inspirere av indisk filosofi. Det er derfor ikkje tilfeldig at Ylajali i Sult i hovudpersonens draum opptrer som persisk prinsesse, og at Nagel i Mysterier prøver å lokke Dagny Kielland med på hans austerlandske visjonar.

     Nyare diskusjonar om orientalismen har vore knytt til den palestinske forskaren E. Saïds namn. Saïd skulda vestleg orientalisme for å marknadsføre imperialistisk forakt for Austen. Rusaanes ser klart at Hamsuns variant av orientalismen ingenting har å gjere med ei slik kolonialt inspirert nedvurdering. Tvert om er for Hamsun orienten eit konkret alternativ til den vestlege sivilisasjonen, som han m.a. skuldar for å rangere idrettsmannen og «Drøbak-turisten» høgare enn poeten. Hovudfienden for Hamsun er industrialismens klasseprodukt, proletariatet, som forfattarens talerør Ivar Kareno i skodespelet Ved Rigets Port (1893) rett og slett vil gjere ein ende på. Dette viser at Hamsuns reaksjon omfattar meir enn idealet om det enkle liv og at den var utvikla tidlegare enn i I æventyrland.

Men kvifor blir Asia Hamsuns sosiale og politiske ideal? Fordi det er her han finn den underdanige ære-frykta for den absolutte Autoritet. Henrik Wergeland såg frå sin demokratisk-revolusjonære ståstad at Austen, Russland inkludert, var inkarnasjonen av despoti og undertrykking, og for Georg Brandes var den typiske russaren, som Hamsun hyllar for si evne til framleis audmjukt å kunne gå ned på kne for tsaren, ein underdaning pusling som kastar bort livet på vodka og kortspel, kortspel og vodka. Det som for desse to fridomsapostlane var slavesinn, var for Hamsun den fremste dyd. Han framhevar det islamske «absolutte system», som ikkje tillèt at det «holdes møter om og debatteres om». Rusaanes viser at Hamsun er absolutt antivestleg, ja så yttarleggåande konservativ at han (i Reisenovellen «Under halvmånen» (1905) kritiserer sultanen for ikkje å vere despotisk nok!

     Men sjølv den hamsunske erke-reaksjon viser seg å ha sine grenser. Han er betenkt over at den muslimske kvinna så sjeldan viser seg utandørs, og framfor alt er han overtydd om at ho er seksuelt underernært. Dette temaet behandlar han i ei ubetaleleg humor-eske, der han føretar eit fiktivt nattleg ritt på ein «ganger» og kjem til ein kaukasisk gjetar, som forutan ei blind mor har ansvar for sitt harem. Når den eventyrlege ryttaren forlèt staden, får han det for seg at haremskvinnene «så bedende» på han, og han drøymer om skape ei frigjeringsrørsle for kvinnene i Kaukasus! Rusaanes (som Kittang) tar denne episoden for god -dokumentarisk fisk, men fleire indikasjonar i teksten indikerer at den er reint oppspinn.

Orientalismen av den hamsunske tappinga er ein del av det breiare fenomenet eksotismen, som stod særleg sterkt i Frankrike frå og med ca. 1850, og som inneber ei romantiserande -glede over det pittoreske i ein framand kultur. Théophile Gautier drog til dømes ikkje lenger enn til nabolandet Spania for å bli sjarmert av den eksotiske, førborgarlege lokale kulturen.

     Ein vanleg tendens i denne typen subjektiv litteratur er hangen til å projisere eigne tankar og førestillingar inn i omgivnadene, i staden for å formidle konkret erfaring. Eit godt døme på dette er Hamsun, da han er på togreisa sørover frå Moskva, og får auge ein russisk hyrde ute på markene. Han får det for seg at denne ikkje bryr seg det minste om stemmeretten han har i landsbyen sin. Kva han faktisk tenker, får vi sjølvsagt ikkje vite.

     På dette punktet les eg med ei viss undring Rusaanes’ utlegging. Han seier: «I en verden truet av vitenskap og industri, kan hyrden framstå som et symbol for fruktbarhet og grøde. Fortelleren gjør seg til representant for hyrdens verdier og fremtidsplaner,..». Men denne «hyrdens verdier» er for Hamsun, i tillegg til å stå «i uafbrudt telegrafisk Forbindelse med Tingenes Ophav», først og fremst antidemokratiske. Og det er ikkje grunnlag i teksten for at hyrden, slik Rusaanes hevdar, av Hamsun «defineres som et menneske i og av natur,..».

Her er vi framme ved mi hovudinnvending mot Rusaanes’ bok. Han hevdar at hovudtemaet hos Hamsun er motsetninga mellom natur og kultur. Men, som det går fram av den nemnde artikkelen «Festina lente» er det for Hamsun kultur som står mot sivilisasjon. Hamsun kombinerer nemleg orientalismen med den antikapitalistiske samfunnskritikken i den tyske vitalismen. Dei prinsippa som i vitalismen står mot kvarandre, er det stive, mekaniske og døde (industrialisme og sivilisasjon) på den eine sida, og det organiske, levande, materialisert i førkapitalistiske livsformer, nedervde skikkar og enkle økonomiske former, spesielt handel, handverk og jordbruk, på den andre (kultur).

     Naturen er ikkje utan vidare noko gode hos Hamsun. Det går i “I eventyrland” fleire gonger fram at Hamsun ikkje er nøgd med kaukasusmenneskets spontane natur. Denne er nemleg så udisiplinert at det er nødvendig med ein sterk eineherskar, ein tsar med sitt abslutte kommandoord, for å halde orden på tinga. For å seie det med Hamsuns eigne ord: «Men gjælder det å overvinne deres naturlige instinkter, deres forestillinger og deres fordomme skal man næppe komme langt med mildhet. Da er det at befalingen utretter underet, tsarordet». Tilsvarande får skysskaren til Hamsun gjennomgå for at han er «så dum på abstrakte Ting», så som å halde seg til avtalt klokketid.

     Derimot har Rusaanes gode poeng mot Atle Kittangs tese om at boka er eit døme på desillusjon. Kittang hevdar at opplevinga av det vestleginspirerte oljehelvetet i Baku underminerer det mytiske biletet Hamsun har av Kaukasus som eventyrlandet. Baku er berre ein liten flekk av området, og her er ikkje noko teikn til at besøket endar i illusjonstap. Boka sluttar da også med at Hamsun tilstår at han alltid kjem til å lengte tilbake til Kaukasus.

Nå kom likevel Hamsun aldri tilbake til eventyrlandet. Det kan ha hatt å gjere med dei sidene ved området som han som kritisk journalist har merka seg. Han erfarer at hygienen ofte er svært dårleg, han ser fillete og skitne ungar, maten er einsidig, faren for tjuveri, overfall og ran er overhengande, og her og der råder blodhemnen i god gammal stil. Ikkje minst er den permanente, marerittliknande vegglusplaga eit gjennomgangsmotiv. Og den einaste kaukasiaren han kjem i nærkontakt med, skysskaren Kardej, ryk han uklar med, ironisk nok fordi denne manglar vestleg disiplin! Men denne «realistiske» eller journalistiske sida omfattar ikkje den dynamiske politiske gjæringsprosessen som på denne tida prega Kaukasus, med streikekampar og andre harde samanstøytar. Det er m.a. den unge Stalins aktivitetsområde (jf. Simon S. Montefiores bok). Men slikt ville ha forstyrra stabeisen Hamsuns førehavande: å vise at det er den gamle, ekte Orienten som representerer framtida.

     Rusaanes’ bok er tvers gjennom prega av forskings- og formidlingsglede. Men arbeidet har gått litt for fort. Her finst og/å-feil (det heiter f. eks. sant å si), og ifølge (Hamsun) skal skrivast i eitt ord. Og art nouveau heiter ikkje art noveaou!

- Av Jon Langdal

- - - -

Omtalt bok:

Ronald Nystad Rusaanes:
Nirvanas bulder, Knut Hamsun og Orienten

Samum Spinoff Arena 2013, 236 sider

Artikkelen står på trykk i Bok og Bibliotek nr. 5/2013.