Fremskrittspartiet sin nye kulturkamp!

piler-red.jpgI sommar har det gått føre seg to kulturkampar i dei Oslobaserte avisene. I den eine kampen har kunstnarar ytra seg mot Fremskrittspartiets populistiske angrep. Og i den andre har ein gjeng unge menn frå kultureliten i Oslogryta ytra høglydte ønskjer om å starte eit paradigmeskifte...

 

Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent, forfatter

piler-red.jpgI sommar har det gått føre seg to kulturkampar i dei Oslobaserte avisene. I den eine kampen har kunstnarar ytra seg mot Fremskrittspartiets populistiske angrep. Og i den andre har ein gjeng unge menn frå kultureliten i Oslogryta ytra høglydte ønskjer om å starte eit paradigmeskifte. Elles i verda så har kinesiske myndigheiter slått enda hardare enn vanleg ned på uighurbefolkninga i landet. Robert McNamara, eit menneske som verkeleg har betydd noko for verda, døydde i juli. Ein psykisk og fysisk øydelagt popstjerne døydde i juni. Same månad bestemte Oslo kommune seg for å vise at kulturpolitikk i Oslo framleis ikkje inneber biblioteksektoren, og utsette bygginga av nye Deichmanske enda lengre enn nokon trudde var mogleg. Og attpåtil har dei siste samtalane som vart gjort med Saddam Hussein blitt lagt ut på nettet for alle til å lese. For å nemne noko.

            Men der eg starta: Fremskrittspartiet har gått til kulturkamp. Først med Asle Toje som skyttergravdebattant. Så med fleire sentrale politikarar som har klaga sin naud over kunstnarane i dette landet.

            På den eine sida angrip Fremskrittspartiet kunstnarar fordi ingen vil stå fram og støtte partiet deira i valkampen. Det er kanskje ikkje så vanskeleg å skjønne kvifor så få vil stå fram og støtte dei. Når eit parti i mange år har skutt mot kunstnarar på ein slik måte som Fremskrittspartiet har gjort (og vice versa), og når partiet ønskjer å føre ein politikk som vil gjere det økonomisk hardare å kunne ha ein profesjonskvardag, så nyttar det ikkje gråte over spilt mjølk. Det neste vil vere at dei klagar over at så få akademikarar støttar dei.

            For min eigen del set eg også store spørsmålsteikn til kvifor kunstnarar skal støtte politiske parti. Kvifor i alle dagar skal ein kunstnar gå ut og seie: Stem på dette partiet, for det gjer eg? Det er politikarane si oppgåve å argumentere for eigen politikk, og det er veljarane sin oppgåve å gå og stemme. Ein kunstnar skal drive med kunst, ikkje valkamp. Kunsten skal tale, kunstnaren halde kjeft, tenkjer eg. Er det ein stad kunstnaren skal ytre seg så er det i kunstverket.

            På den andre sida peikar Fremskrittspartiet på at Giske og kompani har for stor makt i kulturmiljøet i Noreg, og at kunstnarar er redde for å bli fryse ut av det gode selskap dersom dei står fram med kritikk eller gale synspunkt. Kva i alle dagar? Er det noko kunstnarar i Noreg nærast drøymer om, så er det å kunne angripe makta. Poenget er at Giske fører ein politikk som kjem det store fleirtalet av kunstnarar i Noreg til gode. Eg trur mange kunstnarar ikkje ser nokon spesiell grunn til å angripe kulturministeren i Noreg. Dersom dei skulle gjere det, så burde dei i så fall gjort det på grunn av den totalt manglande bibliotekpolitikken Giske fører.

            Om det er nokon som skulle vere redd for å bli skvisa av Giske, så må det vere bibliotekarar. Kulturministeren har gjort ein formidabel innsats for kulturen i Noreg, men han har fullstendig oversett biblioteka. Grunnane til det er nok mange, og kanskje har fagmiljøet og biblioteksektoren òg skuld i dette. Men det er framleis særs skuffande at ein kulturministar frå ein raudgrøn regjering ikkje har kome med noko anna enn ei dvask bibliotekmelding. Kanskje har det vore viktigare for Giske å prioritere den kulturen som får spalteplass, kulturen som media skriv om? For han kan da ikkje verkeleg meine at det står bra til med biblioteka i Noreg? Han kan da ikkje meine at biblioteka ikkje treng pengar, at dei ikkje treng auka prioritering frå statleg hald?  

            Det er sommar, det er sol. Dagbladet blir ei dårlegare avis med sløvare skribentar for kvart år som går. Finanskrisa herjar mens bustadmarknaden perverst nok opplev oppgang att. Og Fremskrittspartiet har framleis ein kulturpolitikk som manglar det som verkeleg kunne satt dei på kartet som eit kulturparti: Styrking av biblioteka!

            Dersom partiet hadde køyrt opp økonomisk styrking av biblioteka som ein av sine fanesaker på kultursida, så trur eg mange ville fått problem med å argumentere mot dei. Fremskrittspartiet ville fått ein heil sektor på si side. Dei ville ha sette kunstnarar i ei verkeleg kattepine: Korleis gå i mot det eine partiet som vil styrke institusjonen som gir kunst til folket gratis? Og partiet ville kunne angripe Arbeidarpartiet for ikkje å ha gjort noko som helst i altfor mange år.

            Innhaldsmessig burde politikken til Fremskrittspartiet vere å få budsjettpostar på statsbudsjettet som ikkje kommunane kunne omgjere til noko anna enn bibliotekpengar. Og dei burde med ein gong trygga økonomien til nye Deichmanske i Oslo, slik at samlinga kunne byggast ut og slik at det ville vere mogleg å tilsette dei beste fagarbeidarane. Og så burde dei heile tida argumentere med at dette, dette er verkeleg kunst til folket.

            Kom igjen, Fremskrittspartiet: Sats på biblioteka! Det er folkeleg, det er enkelt, og de kan angripe Arbeidarpartiet og Høgre for alt kva det er verdt. Drit i kunstnarane, drit i Oslo-eliten som ønskjer sjølvprofilering. Sats på biblioteka! Tenk kor herleg det vil vere å seie: "Dette går ikkje an, det står altfor dårleg til med biblioteka i Noreg. Vi, Fremskrittspartiet, vil endre på dette. Vi skal bygge opp biblioteka, både i hovudstaden vår og overalt i Noreg. Det skal verte eit bibliotekvesen på høgde med kva vi ser i dei andre nordiske landa, og det skal vere opent og tilgjengeleg for folk flest!"

            Åh, eg kjenner det kriblar. Les du dette, Ulf Erik Knudsen?

 

 

- Av Lars Petter Sveen, bibliotekarstudent, forfatter