-Ikkje nok å kunne lese og skrive


-Det er ikkje nok å kunne lese og skrive, eller for den saks skuld ha universitetsgrad. Kva slag forståelse er det Vesten viser når ein sender bombefly og dekker markene med miner i eit fattig, allereie totalt utbomba og minelagt land? Kva signal for problemløysing er det ein da gjev til eit allereie valdeleg samfunn?

Av Marianne Sunde

Den tysk-iranske forfatteren Siba Shakib svarar slik på spørsmål om det er utdanning som skal til for å løyse dei problema Afghanistan står overfor.

-Eg trur ikkje at utdanning løyser alle problema, men utan utdanning kan ein ikkje ein gong starte. Kunnskap gjev makt, og ein grunnleggjande føresetnad for framsteg og utvikling er lik rett til utdanning for jenter og gutar.

Siba Shakib kom nyleg med boka ”Der gud gråter”, ei forteljing om å overleve når det er umogleg. Det er historia om Shirin-Gol. Om eit liv på flukt som barn, seinare med eigne barn. På flukt i bitande kulde og brennande hete. Om eit liv i svolt og fornedring. Det er historia om ei afghansk heltinne. Shirin-Gols draum om å bli lege vert ikkje oppfylt. Men det at ho har lært å lese og skrive kan ingen ta frå henne. Då ho 27 år gammal blir bestemor har ho tross alt lese tre og ei halv bok.

Shirin-Gol trur først at skulegang er vanærande. Saman med foreldre og søsken har ho flykta frå fjella etter at russarane har invadert Afghanistan. For første gong er ho i Kabul. Shirin-Gol vert sjokkert over russerkvinna som tek imot dei, for ho er ikkje eingong tildekka: ”Den nakne kvinnen reiser seg opp, strekker frem hånden, ser faren inn i øynene, holder hånden utstrakt i luften helt til faren hennes på sin side strekker frem hånden og faktisk berører fingerspissene til den nakne kvinnen et kort øyeblikk”.(...) ”Skam og vanære, hundre ganger skam, Gud fordømme alle utroende mumler Shirin-Gol under kledet sitt, og hun føler seg uvel ved tanken på å måtte gå på skolen og måtte bli som den nakne kvinnen”.

Gifta bort
Etter at ho tek til på skulen, forstår ho at det nettopp er utdanning som kan redde landet hennar. Då ho vert gifta bort i bytte mot brorens spelegjeld, seier ho til ektemannen, Morad, at ho ynskjer å halde fram å gå på skule. Først forstår han det ikkje. Då han kjem tilbake etter eitt år som ufrivilleg soldat i hæren der han har måtte kjempe mot motstandsrørsla Mujahedin seier han: ”Du skal bli lege. Lege eller hva du ellers måtte ønske av hjertet. Den eneste grunnen til at vår regjering kunne svike oss og landet vårt og selge det til russerne – elendigheten vår, denne krigen – alt dette kunne bare skje fordi vi er dumme, fordi vi ikke vet noe, ikke forstår noe, ikke kan lese eller skrive, fordi vi tror på dem som stiller seg foran oss og snakker klokt, holder et ark i hånden og sier at fra i dag er dette loven. Vi er en nasjon av blinde. Alle kan gjøre hva de vil med oss”.

Krigen fører familien på flukt til Pakistan. Morad vert skada då han på smuglaroppdrag fell ned ein fjellskrent. Den ”storsinna” pakistanske smuglarleiaren tilbyr Shirin-Gol å hjelpe henne med pengar: ”Hvis du ikke tar pengene mine i dag vil du måtte ta pengene til mange menn i morgen. For din kropp og før eller senere også kroppen til din datter og kroppen til din sønn”. Ho får ei datter som er mørkare enn dei andre barna, og lik sin far, smuglarleiaren. Medan familien framleis oppheld seg i flyktningeleiren i Pakistan, og mannen enno ikkje er frisk etter skaden, blir Shirin-Gol valdteken av tre politimenn. Ho blir gravid, og ber til Gud om at ho ikkje må gjere forskjel på barna. Morad gjer ingen forskjel.

-Eg møtte hovudpersonen i ein flyktningeleir, og har kjent henne i mange år. Når eg har skrive hennar historie, er det ikkje fordi ho er unik, men fordi ho er så typisk. Tusenvis av kvinner i Afghanistan vil tru at eg har skrive deira eiga historie, fordi så mange har opplevd det same. Eg veit ikkje om ei afghansk kvinne som ikkje har lidd., seier Siba Shakib som kjenner Afghanistan godt, og som no lagar film om Shirin-Gol. Ho fortel at ho har endra stader, tidspunkt, namn osb. så det skal vere umogleg for framtidige afghanske lesarar å gjenkjenne hovudpersonen. Boka vart skriven før 11. september 2001, og er blitt ein internasjonal bestselgjar. Boka er utgitt i 16 land, og kom nyleg på norsk.

- Du skildrar også kor vanskeleg livet er for mennene. Shirin-Gols mann let henne fortsetje på skulen og aksepterer dei to barna som ikkje er hans, eit som følgje av at ho sel kroppen sin for å skaffe mat til familien og eit som resultat av trippel valdtekt ? Kor vanleg er han?

-Menn i Afghanistan reagerer ulikt, som menn i Norge ville ha reagert i ein så desperat situasjon. Eg veit om afghanske menn som har drept konene sine etter valdtekt. Men eg veit også om menn som vernar om konene sine etter valdtekt, og som tek ansvar og omsorg for barn som er fødde inn i familien som resultat av valdtekt. Det hadde kanskje mange menn i Norge også gjort, for andre hadde det enda med skilsmisse.

Før, under, etter
-Du har opphalde deg i Afghanistan både før, under og etter Taliban. Korleis er situasjonen no?

- Eit land skal byggjast frå ingenting. Alt er øydelagt. Landets historie, kulturarv, arkiv, bibliotek, museum, skular, sykehus, alt er i ruinar. Der er ingenting. Men likevel har det skjedd store framsteg sidan Taliban fall for to år sidan. I dag går 5.8 millionar barn, jenter og gutar, på skule. Det har aldri før vore tilfelle i Afghanistans historie. Når vi snakker om skule, må vi ikkje tenkje på skule i vanleg forstand. Gløym skulebygningar og klasserom med tavler. Forestill deg skuggen av eit tre, og barn på bakken. Eller eit rom og eit golv. Læraren er ein vaksen som kan lese og skrive. Det finst ingen nasjonal plan, ikkje pensum, elevane har verken bøker, papir eller blyantar. Men dei lærer å lese og skrive, seier Siba Shakib.

-Korleis er kvinners situasjon?
-Amnesty Internationals siste rapport om kvinners situasjon i Afghanistan er dyster lesing. Rapporten viser at problema er omfattande. Brot på menneskerettane er ikkje over sjølv om Taliban har mista makta i Kabul og ikkje lenger avrettar kvinner på fotballstadion. Dei internasjonale tryggleiksstyrkane (ISAF) er berre i området i og rundt Kabul, og utanfor har kvinner liten tryggleik, og overgrep finn stad. Kor omfattande overgrepa er veit vi ikkje, det er ikkje vanleg å rapportere valdtekt i Afghanistan, ei valdteken kvinne er ikkje mykje verdt og kan bli utsett for nye overgrep om det vert kjent. Småjenter vert selde og bytta bort, jenter ned i 8-årsalder vert gifta bort til middelaldrande og eldre menn, jenter dropper ut av skulen i 12-årsaldaren på grunn av ekteskap. Amnesty rapporterar likeeins om omfattande vald mot kvinner i familien og at kvinner begår sjølvmord som følgje av vald. I tillegg er æresdrap eit stort problem.

-Kva er grunnen til at mennene behandlar kvinnene slik dei gjer?

-Fordi dei ikkje har utdanning. Fordi dei også er offer. Kanskje er mannen vaksen opp i ein familie der faren har slått både kone og barn. Ein mann som har hatt ei mor som aldri har gått på skule, som aldri har forlatt heimen, som alltid har vore under press, som ikkje har nokon rettar, som ikkje har nokon verdi - korleis kan han vite at han bør behandle kona si og oppdra barna sine på ein annan måte enn han har sett mor si bli behandla eller sjølv blitt oppdratt? I ein tradisjonell familie, veit dei kanskje ikkje om noko anna. Dei har ikkje kontakt med den delen av verda der dei kan lære at kvinner og barn kan, eller skal, behandlast på ein annan måte.

Radiostasjon
-Du er med på å byggje opp ein radiostasjon i Kabul. Korleis kan media vere med på å bringe kunnskap til folket?

-Der også har ein måtte starte på bar bakke. Vi har gått frå 0 til 180 aviser, 12 radiostasjonar og 2 TV-stasjonar. Folk har ikkje fått høyre nytt på mange år. Gjennom dei nye media forstår dei no at problema dei har er dei same som for folk som bur 1000 kilometer unna. I vår radiostasjon bringer vi folks historier ut til folket. Når til dømes eit nytt bakeri opnar, går vi og intervjuar den nye eigaren, vi spør om kvifor han starta forretninga, kvar han fekk pengar frå, om han har barn, om barna går på skule, kor mange koner han har, om konene går ut av huset, om dei arbeider, om barna går til lege, om han har døtre, om han vil at døtrene skal gå til lege, om han vil at konene skal gå til lege, om han vil at konene og døtrene skal gå til kvinneleg lege, i så fall må vi ha kvinnelege legar, og kvar skal dei kome frå?, viss han vil at konene og døtrene skal gå til kvinneleg lege så må vi sørgje for at jentene får gå på skule slik at vi kan utdanne kvinnelege legar...

- Trass i dei umenneskelege lidingane du skildrar i boka, gjev boka di håp. Afghanistan er no i ein annan politisk situasjon enn den landet var i då handlinga i boka finn stad, men framleis er landet i ein svært vanskeleg situasjon. Er der håp?

- Om ein misser alt, er det ingen som kan ta frå ein håpet. Det erkjente også Shirin-Gol. Når ein snakkar med barn i Afghanistan i dag får ein vite at deira største ynskje er å få gå på skule og få utdanning. Alle afghanske barn har lyst til å bli lærarar, ingeniørar eller legar. Dei ser at det er eit stort behov for utdanna lærarar, fordi det har dei ikkje sjølve, dei vil vere med å byggje skular, vegar og sykehus, og dei vil hjelpe dei skada og dei sjuke. Deira inderlege ynskje er å vere med på å byggje landet, og dei gledar seg til den dagen landet mottek bøker og blyantar i staden for våpen. Visst er der håp. Men for at landet skal ha ein sjanse er det heilt avgjerande at det internasjonale samfunnet følgjer opp og ikkje gløymer Afghanistan, seier Siba Shakib.

 

Siba Shakib
Tysk-iransk journalist, forfattar og filmskapar.
Vann i 1998 tysk menneskerettspris for dokumentarfilmen
”Eine Blume für die Frauen in Kabul”.
Ei av dei få utanlandske kvinner som har reist
og arbeidd i Afghanistan før, under og etter Taliban.
Er engasjert i arbeid for barn og kvinner og har vært med å byggje opp eit kompetanse og utdanningssenter for kvinner, samt ein barneheim i Kabul. Ho har også vore med på å byggje opp ein radiostasjon og arbeider som frivilleg rådgjevar for dei internasjonale tryggjingsstyrkane (ISAF). Boka ”Der Gud gråter” kom i 2000, er utgjeven i 16 land, og kom nyleg på norsk (Ganesa Forlag).
Boka er nå kommet i tredje opplag (totalt: 11.000 eksemplarer)