Debatt: FRI PROGRAMVARE I NORSKE FOLKEBIBLIOTEK

Eg brukar ikkje lage meg mange nyttårsforsett. Ikkje ein gong dei vanlege om å drikke mindre, røykje færre sigarar, ete magrare mat og trimme meir. I år er forsettet mitt å skrive om bruken av fri programvare i norske folkebibliotek; den manglande bruken. Kvifor brukar ikkje biblioteka stort anna enn programvare frå  giganten Microsoft og andre kommersielle aktørar? Kvifor har bibliotekmiljøet så lenge vore blindt ikkje berre for dei pragmatiske og økonomiske, men også for dei etiske og filosofiske sidene knytte til bruken av fri programvare  og opne standardar?

 

Av Finn Sindre Eliassen,
IT-ansvarleg ved Ålesund bibliotek og skribent


Biblioteka her i landet var tidleg ute med å bruke datamaskinar. Bibliotekarane såg at data kunne lette både katalogisering og gjenfinning; seinare også utlån. Dei var også tidleg ute med å bruke Internett. I mange tilfelle var biblioteka så tidleg i gang med data at det knapt nok eksisterte IT-avdelingar i kommunane.  Det var ikkje alltid ei ulempe.  I Ålesund tok vi til med å katalogisere på data i 87; databasert utlån kom i 93; katalogen vart tilgjengeleg på Internett i 95. Og det finst folkebibliotek som var endå tidlegare ute; til dømes Trondheim folkebibliotek.
   Men det meste av dette har skjedd innafor ei proprietær, kommersiell ramme. Det er nesten slik at fri programvare  ikkje eksisterer for norske folkebibliotek. Folk kan stille til val i bibliotekorganisasjonane  - og bli valde! - utan å meine noko om fri programvare. Det bør ikkje vere slik. Det er uforståeleg at det er slik.


Pragmatiske grunnar 

Det er gode  pragmatiske grunnar til å bruke fri programvare  i biblioteka. For det finst mange pålitelege program for maskinen vi har ståande på skrivebordet.   Og sjølvsagt kan vi bruke fri programvare  på tenarmaskinane.  Vi kan surfe på Internett, skrive tekstar, arbeide med rekneark, lage presentasjonar, lese epost og manipulere bilete. Framfor alt kan vi bruke Linux som operativsystem i staden for Microsoft XP. Vi får ikkje berre gjort jobben; vi får gjort han godt. Linux og brukarprogramma er til å stole på. Om vi brukar dei, kan vi også bruke datamaskinane lenger. Vi treng ikkje å bruke så mykje pengar på  hardware.
   Faktisk eksisterer det i dag  eit par integrerte biblioteksystem under lisensen for fri programvare. Det er Evergreen og Koha. Dette siste kjenner eg til. Det  er under full utvikling. Nyleg er det organisert eit norsk brukarmiljø. Koha taklar MARC-formatet. Systemet er mellom anna installert i Nelsonville Library, Athens County, Ohio, i USA. Dette biblioteket har om lag 250 000 titlar og eit årleg utlån på 600 000; om eg minnest rett. Og biblioteksjef Stephen Hedges la ikkje lista lågt då han gjekk over til Koha i 2003. Poenget var ikkje berre å spare pengar, men han ville gi dei tilsette og lånarane eit datatilbod i verdsklasse.
   Men bruken av fri programvare har også  ei  økonomisk side som bør interessere oss sterkare så utpinte som biblioteka no er. Fri programvare er gratis å skaffe seg og fri for årlege lisenspengar. Det betyr ikkje at bruken av slike program er utan kostnader. Det kan vere nødvendig å investere tid og pengar for å tilpasse programma til eigen organisasjon. Tilpassingar som i neste omgang vert gjorde gratis tilgjengelege for andre brukarar. Og opplæring slepp ein ikkje unna.


Filosofiske grunnar

Men i tillegg til dei pragmatiske  og økonomiske grunnane til å bruke fri programvare  finst det  filosofiske grunnar også. Det er grunnar som burde interessere biblioteka i langt større grad enn til no. Fri programvare representerer eit verdigrunnlag og ein tenkjemåte som skil seg avgjerande frå kommersiell programvare. Fri programvare under GPL er fri til å bruke, kopiere, endre og gi vekk. I botnen ligg det synet at kunnskap, intellektuelle landevinningar skal vere fri, opne for alle som vil bruke og forstå. Både miljøet som lagar fri programvare og bibliotekmiljøet er vane med å samarbeide og snakke saman, arbeide hardt og dele fruktene av arbeidet utan å ta betaling. Det har med fridom og demokrati og gjere. Dette er eit verdisyn som skil seg avgjerande frå marknadstenkjinga som elles gjennomsyrar så mykje.
   Det er også slik at regjeringa pressar på for at verksemder i offentleg sektor skal bruke fri programvare. Her er eit par sitat frå eNorge 2009 punkt 3.2: "I løpet av 2009 skal alle nye IT- og informasjonssystemer i offentlig sektor bruke åpne standarder." og "I løpet av 2006 skal alle virksomheter i offentlig sektor ha innarbeidet i aktuelle plandokumenter hvordan de skal gjøre bruk av åpne standarder, tjenesteorientert arkitektur og åpen kildekode." Der står mykje meir om korleis offentleg sektor skal bruke IT.
   Kanskje vaknar bibliotekmiljøet ein dag og  forstår kor viktig spørsmålet om fri programvare er for folkebiblioteka og handlar deretter.  Eg trur det vil skje. Eg set mi von til  dei som no kjem frå skulebenken. Det er dei som må drive det nye fram.     

  
Les heile eNorge 2009 her: http://odin.dep.no/fad/norsk/tema/ITpolitikk/enorge/bn.html