Reisebrev frå Steinkjer: HISTORIER PÅ VEG


Dei sit tett i tett. 14 forventningsfulle elevar frå 3. og 4. klasse har benka seg på puter inne i bokbussen. I dag skal dei ikkje låne bøker.

Av Helga M. Jenshus

 

Bokbussen er omgjort til ein intim og litteraturrik teatersal på hjul, - i dag skal elevane få ”levande” forteljingar.
Ellen Forteljar tenner kubbelyset på i staken, og det blir heilt stille. ”Øyvind hett’n, og gret da’n vart fødd…” 20 minutt med Bjørnson, Egner og sjølvopplevde historier går fort. Det er ei lun og behageleg stemning, dei fleste lever seg inn i historiene – smiler, kjenner med. Dei blir litt stuss når Ellen bles ut lyset - ”Var det ikkje meir?”

Det er ikkje noko nytt at ein bokbuss kan brukast til meir enn å låne ut bøker, men det er første gongen at bokbussen i Steinkjer, Busselini Bokini, fungerer som teatersal. Det er ikkje direkte oppgangstider for bokbussen, og for eit par år sidan vart bokbussdrifta her på Steinkjer redusert til annakvar veke, 50% stilling. Lell klarer vi å yte service til 9 skolar, 1 SFO, 19 barnehagar, 5 eldre/sjukeinstitusjonar + eit par stoppar på bygda. Det seier seg sjølv at det ikkje er lange stunda bussen står på kvar plassen, men utlånet er bra. Vi har eit godt samarbeid med skolane, noko som er heilt nødvendig da sjåføren er åleine i bussen.

Da det er ordinær bokbussdrift berre annakvar veke, hadde bussen og sjåføren ledig kapasitet annakvar veke òg. Det måtte vi utnytte. Verdal og Steinkjer bibliotek gikk i lag og søkte om midlar frå Statens bibliotektilsyn (no ABM-utvikling) for å lage eit teaterprosjekt i bokbussen. Vi ville levandegjere litteraturen og fekk med oss Ellen Fjerdingen, forteljar og drivar av forteljeteatret Fortæl meir. Pengar fekk vi, og da var det berre å setje i gang. Prosjektet fekk namnet Historier på veg – akkurat det det vart.

Turnéplan
Tilbodet gikk til 3. og 4. klassane rundt om på skolane i Verdal og Steinkjer. Turnéplan vart laga, og vi sendte ut brev til alle skolane og inviterte oss på besøk. Alle takka ja, og når turnéen var omme, hadde vi hatt 81 forestillingar inne i bussen, og 3 på biblioteket i Steinkjer.

Vi valte å ikkje trengje flest muleg inn i bussen, og hadde om lag 10-12 elvevar på kvar forestilling. Vi hadde lagt opp til at vi skulle ha ein kort samtale om tema med elevane i etterkant av forestillinga, og da var det greitt at alle kunne komme til ordet.

Vi sydde svarte gardiner og hengte opp framom bøkene for å skape ein roleg og lite forstyrrande atmosfære. Vi sette lys med 5 40w lysspottar med filter, og la filleryer på golvet for gjere det varmare. Vi kjøpte inn stableputer som elevane sat på. Vips – så var bokbussen ominnreidd til ein intim og koseleg teatersal. Det måtte gjere det enkelt, bokbussen skulle jo vere seg sjølv anna kvar veke òg.

Vi ville gjere bokbussen sitt tilbod meir levande og allsidig og gjere erfaringar med ei meir aktiv formidling. Det er ei positiv oppleving å lytte til gode historier, og det gir ei auka interesse for litteratur. Det har vi stor tru på. Vi ville stimulere til leselyst.

I tillegg ville vi gjere bokbussen meir synleg og utvikle samarbeidet mellom Steinkjer og Verdal bibliotek. Vi er dei to einaste kommunane i Nord-Trøndelag som har bokbuss i drift, og vi vil gjerne behalde det tilbodet.


Vennskap, rettferd og fattigdom
Tema var vennskap, rettferd og fattigdom. Ellen brukte gamle historier, eventyr, sagn og song. Kvar forestilling vara i om lag 20 minutt. Så tok vi utgangspunkt i det ho hadde fortald og fekk elevane til å fortelje om korleis dei meiner ein venn skal vere, om kva dei syntest var urettferdig, om det går an å vere rik på andre område enn pengar og olje, og mykje anna. Dette kan den som vil lese meir om på heimesida vår;
www.steinkjer.folkebibl.no/historier_pa_veg/ Her ligg òg prosjektrapporten.

Historier på veg vart eit svært vellykka prosjekt. Ein ting er at vi kan seie å ha nådd fleire av måla vi sette oss. Lell er det tilbakemeldingane i bussen og den positive responsen vi har fått undervegs som ligg til grunn for ei slik stadfesting. Bokbussen kan forvandlast til ein flott, liten teatersal, med god atmosfære. Elevane er nok
understimulerte på å lytte til gode historier, så vi kunne ha drive med dette som eit heilårsprosjekt.

Etter at vi var ferdige med turnéen Historier på veg, hadde vi framleis meir pengar att. Ikkje like mykje som vi hadde brukt, men lell nok til å tenke ein ny teater-i-bussen-turné. Sjølv om vi kunne ha fortsett med forteljeteater for ei ny aldersgruppe, ville vi prøve ut ein annan teaterform. Meir fysisk teater for eldre elevar. Det var ikkje lett å finne ein skodespelar som var tilgjengeleg nokre timar annakvar veke, men vi fann nåla i høystakken. Tor Wibe frå Verdal er frilansskodespelar, og han ville gjerne vere med på dette prosjektet.

Bokormen som ikkje kunne lesa heiter stykket, og det er nyskrive til denne turnéen i bokbussen av forfattaren Torvald Sund. No er det 7. klassane i Verdal og Steinkjer som får besøk, og vi har planlagt å ha 40 forestillingar. No er vi halvvegs i turnéen, og skal halde fram etter jul. På www.steinkjer.folkebibl.no/bokormen/ er det meir å finne om denne delen av prosjektet.

I eit større perspektiv – kor mykje er 220.000,-? Vel – eg skal ikkje fabulere, men vi synest vi har fått til mykje med dei pengane. 120 forestillingar som når ut til 3 alderstrinn i 2 kommunar. Gode historier, teater med høg kvalitet – levande kultur- og litteraturformidling ut til elevane. Der dei er, men ikkje inn i gymsalen. Slik kan bokbussen òg brukast. Med stort hell.

 

Helga M. Jenshus er prosjektleiar for Historier på veg