MONOTONI Teknologi Lokaldemokrati: Kommunen- vår nye fiende?


- Dei neste ti –femten åra vil dei offentlege tilboda og jobbane våre kome under sterkt press, noko som også gjeld sjølve folkestyret. Problemet er at vi ikkje heilt forstår det enno. Og at nesten ingen vil snakke om det.

Av Anders Ericson

Dette oppsummerer ein av leiarane av Stortinget si eiga Makt- og demokratiutgreiing, professor Per Selle.

Per Selle er ikkje nådig når han karakteriserer politikarane på det nye tusentalet:

- Folkestyre og demokrati er populære tema i syttendemaitaler og andre offisielle samanhengar, kanskje meir populært enn på lenge. Men jo oftare ein høyrer desse orda, jo meir er det eit teikn på at innhaldet, sjølve demokratiet, er under press. Lokaldemokrati er vel den mest populære varianten av alle, men der står det også dårlegast til med innhaldet. For kva handlar lokaldemokrati om når vi kan slå fast at lokalpolitikarane avgjer mindre og mindre? spør Per Selle.

- Dei argaste kritikarane til Maktutgreiinga står for eit anna demokratisyn. Dei som har hegemoniet i samfunnsutviklinga i dag meiner det vesentlege er å sikre individuelle rettskrav til ulike offentlege ytingar. Dette har regjeringar og Storting sett i system gjennom ei rad lovendringar dei seinaste åra. Mens det vi tradisjonelt har tenkt på som demokrati har gått ut på at folk på ein eller annan måte skal styre seg sjølv, blir konsekvensen av dette nye synet at en ekspertise skal styre. I Maktutgreiinga gjorde vi ei eiga undersøking der vi intervjua leiarar og det ein må kunne kalle elite innan både privat og offentleg sektor. Ingen av desse, med unntak av delar av kulturområdet og kyrkja, viste interesse for demokrati i tydinga reelt folkestyre. Her ser vi ei reell ideologisk forskyving. På sikt vil dette få store følgjer for kva som vil skje med oss.

Auka profesjonalisering
- Noko av dette syner seg alt i kommunepolitikken. Det er til dømes blitt vanskelegare å vere lokalpolitikar og lekmann. Med den auka profesjonaliseringa og høge krava til kompetanse er den tidlegare balansen mellom ekspert og lekmann svekt. Maktmiljøa misbrukar nærheitsprinsippet, dette prinsippet som føreset likskap og fellesskap ved forhandlingsbordet.

- Sett frå mottakaren si side er rettane til velferd blitt tydelegare. Vi får individuelle, rettsorienterte tenester. Desse rettane er noko ein har og får som individ. Dei tidlegare rettane var gjerne generelle, slik som barnetrygd og pensjon, mens dei nye er utforma slik at brukarane kan gå til klageorgan eller rettens veg for å få gjennomslag. Det heiter framleis at tilbodet skal vere det same over alt, men det blir ikkje mogleg å oppnå dette i alle kommunar, fordi dei får altfor lite midlar frå staten. Og slik blir staten, lov- og rettsgjevaren, venen din, mens kommunen, som berre delvis klarer å innfri retten du har til tenester, blir fienden. Kommunesektoren er pressa frå to sider; både frå staten og frå innbyggjarane, meiner Selle.

- Rettsleggjeringa av tenestetilboda, kombinert med statsdirigering, fører samtidig til avpolitisering lokalt. Når kommunen blir redusert til iverksetjar for staten får lokalpolitikarane problem med å grunngje verksemda si. Dei blir sitjande med ansvar, men utan makt. Kommunane blir administrative einingar med sjølvråderett berre i strengt lokale spørsmål. Og dei nyare formene for brukarstyring og lokalutval og så vidare har ikkje ført til auka politisk aktivitet på kommunalt nivå.

Storleik
- Vi ser også at storleik har blitt viktig på ein del felt, særleg der ein kommune har mangel på kompetanse. Den veksande interessa for interkommunalt samarbeid, til dømes mellom bibliotek, handlar om dette. Mange grip også til interkommunalt samarbeid fordi dei trur dette vil spare kommunen for samanslåing i framtida, men dette vil ikkje slå til, for når slikt samarbeid viser seg å fungere vil ein jo samtidig ha prov på at kommunen er for liten. Særleg gjeld dette der dei same kommunane samarbeider på fleire felt.

- Frå 1960- til –80-talet sto likskap i tilboda i sentrum. No er fokus på likskap igjen, men det er ein annan form for likskap. Før snakka vi om utjamning mellom sosiale grupper, men no er det snakk om likskap på individnivå. Språket her innbyr altså til forvirring. Dei individuelle rettane er knytte til nasjonale standardar. Når alle har krav på det same uansett kor dei bor, er tilpassing til lokale tilhøve uønskt. Lokalpolitisk skjønn er i dag eit problem. Poenget i dag er jo å ta knekken på variasjon, for velferden skal vere enkel å administrere, seier Selle.

Selle meiner at lokaldemokratiet sitt største problem er det vi kan kalle systemkapasitet.

- Individuelle rettskrav og pålagde oppgåver skal gje likehandsaming uavhengig av bustad, men det fører til ny ulikskap når dei kommunale budsjetta ikkje strekkjer til. For i eit slikt system vil dei oppnå mest som har ressursar til å bruke media eller råd til å køyre sak, seier han.

Friviljug sektor
Spesialområdet til Selle er den friviljuge sektoren; foreiningar og lag, parti osv.

- Denne sektoren er interessant, fordi vi her ser endringane tidlegare enn i dei meir statiske kommunane. Og her kan vi peike på store både organisatoriske og ideologiske endringar i løpet av dei siste åra. Vi ser tydeleg korleis organisasjonane blir avideologiserte og individ- og aktivitetsretta. Folk melder seg inn for å dekkje nokre konkrete behov, og så går dei like brått ut igjen. Før var det ein samanheng mellom dei lokale laga og den tilsvarande nasjonale organisasjonen, mens i dag blir denne bindinga borte. Det same mønsteret ser vi i politikken, mellom lokallag og partileiinga sentralt. Tidlegare gjekk det verdefulle informasjonsstraumar mellom desse nivåa, men no bryt dette saman. Dermed får også periferien og grunnplanet mindre å seie for samfunnsutviklinga.

- Det som skjer på kommuneområdet må vi forstå utifrå New Public Management-ideologien. NPM er allment akseptert som medisinen som kan løyse alle tenkjelege problem, og denne retninga, med røter i privat næringsverksemd, gjev også retning til den offentlege moderniseringa. Ein del av dette er mål- og resultatstyringa, som skal gje meir forvaltning og tenesteyting for kvar krone. Standardisering og sentralisering blir eitt av resultata.

- Også biblioteka vil merke desse nye tendensane. I dag finst det ein sterk trong hos personalet og lokalpolitikarane til å variere tilbodet etter lokale behov, men samtidig er vi på veg mot funksjonelle, brukarretta løysingar, seier Per Selle.

 

Per Selle var hovudinnleiar på konferansen Økt samarbeid i et nytt biblioteklandskap i Bergen i januar. Han er professor ved Institutt for samanliknande politikk og seniorforskar ved Rokkansenteret ved Universitetet i Bergen.