Arkiva for alle!


I dei siste utgåvene har det pågått ein debatt om arkivas samfunnsmessige rolle. Den toppa seg i dei to forrige utgåvene då riksarkivar John Herstad og ”arkivdirektør” i ABM-utvikling, Gudmund Valderhaug, barka saman bl.a. kring spørsmål som arkiva som ”subjektive” historieforteljarar versus ”objektive” berarar av sanninga. Fleire nyansar blei bore fram av byarkivar i Bergen, Arne Skivenes og Inge Strand, leiar for Arkiv i Nordland. I dette innlegget tar Gudmund Valderhaug til orde for at ”arkiva må utvikle tiltak for aktiv tigjengeleggjering og formidling, ikkje minst på grunn av den nye mediesituasjonen. Denne har skapt både store muligheiter for arkiva og eit stort behov for tilgang til dokumenterbar kunnskap, noko som arkiva verkeleg er i stand til å levere! Samtidig har utviklinga av Internett skapt eit nytt behov for å spreie kunnskap om kjeldekritisk metode.”

Av Gudmund Valderhaug, avdelingsdirektør i ABM-utvikling

 

Då Cortez invaderte Mexico i 1519 hadde han med seg 500 mann, 499 soldatar og ein notarius. Gjennom heile felttoget gjennomførte Cortez eit merkverdig ritual: Før dei gjekk til åtak på ein by, vart det lese opp ein proklamasjon om at all motstand var nyttelaus, og at dersom blod vart spilt ville synda kome over innbyggjarane og deira etterkomarar. Etter at dei hadde sigra, proklamerte Cortez at det erobra området var ein del av det spanske riket. Notariusen si oppgåve var å registrere at desse prosedyrane vart gjennomførte. Kvifor hadde Cortez med seg denne mannen? Kvifor tok han kostnadene med å ha med seg ein ekstra, ikkje-stridande mann, i tillegg til soldatane? Svaret er enkelt: Han trengde nokon til å dokumentere erobringane, på eigne og den spanske kongen sine vegner. Cortez’ notarius sin jobb var å skape arkiv.

Historia om Cortez’ notarius fortel oss noko om arkiva sine funksjonar. Arkiv er makt, fordi dei kan dokumentere kven som har rett(ar) og kven som ikkje har det. I dette tilfelle var det sigerherrane. Dei skapte arkiv for sine formål, for å fortelje sin versjon av historia. Aztekarane sin versjon var ikkje interessant.

I siste utgåve av Bok og bibliotek har tre sentrale arkivfolk kommentert intervjuet med meg i nr. 6-03. Svara deira gir meg høve til å utdjupe og nyansere nokre av dei synspunkta eg gav uttrykk for i intervjuet. Dette er nødvendig, fordi intervjuforma sjeldan gir høve til å utvikle resonnement.

Mitt utgangspunkt for intervjuet var å setje fokus på arkiva sine roller i det norske samfunnet ved byrjinga av 2000-talet. Den samfunnsmessige utviklinga dei siste tiåra – med auka sosial mobilitet og større krav til omstilling for verksemder og enkeltmenneske – og den nye teknologien for produksjon, lagring og distribuering av informasjon, har ført til at samfunnet stiller nye krav til arkiva (og til bibliotek og museum). I ABM-meldinga blir det understreka at arkiva er samfunnsinstitusjonar, oppretta og drivne av samfunnet, og at dei skal fylle visse samfunnsmessige funksjonar. For meg inneber dette at dei må endre sine prioriteringar for å tilfredsstille dei nye samfunnsmessige behova.

Arkiv som samfunnsinstitusjonar
Norske arkiv har tradisjonelt hatt som oppgåve å bevare og gjere tilgjengeleg arkiv for og frå sine eigarar, som (med unntak av arbeidarrørsla) har vore stat eller kommune. Privat arkivmateriale har i liten grad blitt tatt vare på. Tilgjengeleggjeringa har vore passiv, dvs. basert på at brukarane må oppsøke arkiva og bruke materialet på ein lesesal. Men i mange land – også vårt – har arkivinstitusjonar dei siste åra utvida rammene for verksemda til å omfatte aktiv innsamling av arkiv og annan dokumentasjon frå privat sektor, og til aktiv tilgjengeleggjering og formidlingstiltak retta mot nye brukargrupper.

Denne utviklinga har skjedd parallelt med auka internasjonal forsking og debatt om tilhøvet mellom arkiva og det sosiale minnet. Eit dominerande synspunkt i debatten er at arkiva må spele ei meir aktiv rolle i utviklinga av det sosiale minnet. Ei slik rolle føreset på den eine sida at arkiva utviklar bevaringsstrategiar som sikrar dokumentasjon av heile samfunnet, av offentlege og private arkiv som integrerte delar av samfunnsminnet. På den andre sida må arkiva utvikle tiltak for aktiv tigjengeleggjering og formidling, ikkje minst på grunn av den nye mediesituasjonen. Denne har skapt både store muligheiter for arkiva og eit stort behov for tilgang til dokumenterbar kunnskap, noko som arkiva verkeleg er i stand til å levere!

Samtidig har utviklinga av Internett skapt eit nytt behov for å spreie kunnskap om kjeldekritisk metode. Det er to viktige grunnar til dette:

Arkivbrukarar på Internett vil ofte vere menneske utan opplæring i kjeldekritikk. Dei vil trenge opplæring for å tolke dokumenta.

Og det vil aldri bli muleg å digitalisere alt. Formidling over Internett inneber at dei fleste dokumenta blir valde bort og forvist ”til det ytste mørkret”. Dei dokumenta som blir gjort synlege på nettet kan dermed bidra til å forvrenge innhaldet i eit arkiv, fordi brukaren vil fokusere på det som er tilgjengeleg. Formidling over Internett stiller difor spesielle metodiske krav: For å gjere kjeldekritikk muleg, er det nødvendig også å gi opplysningar om dei dokumenta som ikkje er digitalisert og korleis desse heng saman med det digitaliserte utvalet, og kva kontekst dokumenta vart skapt i.

Arkiva har vanlegvis overlate kjeldekritikken til brukarane, men har levert ein del føresetnader i form av innleiingar og administrasjonshistorie i katalogar. Når brukargruppene blir utvida, vil det vere nødvendig å byggje ut denne typen informasjon.

Arkiv som historieforteljar
Inge Strand spør i sin kommentar om arkivdokument er ”informasjon som ålmenta er i stand til å tileigne seg”. Han tar har fatt i eit grunnleggjande spørsmål for alle som ønskjer å drive med arkivformidling. Strand har rett i at bruk av arkiv som historisk kjeldemateriale føreset kjeldekritisk og historisk kunnskap. Men arkiv har også andre bruksområde. Funksjonen som rettsleg dokumentasjon er sentral. Byarkiva i Bergen og Oslo opplever i desse dagar ein straum av forespørslar om dokumentasjon frå tidlegare barneheimbarn som ønskjer oppreising og erstatning for mishandling eller omsorgssvikt. Vidare er arkiva nødvendige som grunnlag for folkeleg kontroll av makthavarane. Men vi må ikkje gløyme at arkiv kan også gi oss opplevingar!

I Nordsjøfartmuseet i Tælavåg er det utstilt ein kopi av eit brev frå ein konsentrasjonsleirfange. Det er det siste brevet som vedkomande skreiv heim. Brevet ber sine spor av sensur og hyppig lesing. Å få lese dette brevet gav meg ei sterk oppleving av fortviling og sakn, men også av det håpet brevskrivaren kanskje ville formidle. Slik er det med ein del arkivdokument: Dei grip oss, dei gir grunnlag for identifisering med menneske frå ei anna tid, dei kan skape ”empati i tid og rom” som Eva Sjögren har uttrykt det. Å bruke slike dokument i ulike formidlingssamanhengar er ein god måte å nå fram til og engasjere nye brukargrupper for arkiva, noko Sjögren har vist i boka ”Historia på riktig! Arkivpedagogik i praktiken” som ho gav ut saman med Catarine Lundström (Skånes arkivförbund 2001).

I ein slik formidlingssamanheng kan arkiva framstå som historieforteljarar på ein ny måte (eit omgrep som for øvrig ikkje mitt, men er brukt både i internasjonal fagdebatt og i ABM-meldinga, sjå kap. 3.3). Det som er mitt poeng – og som ikkje kom klart nok fram i intervjuet – er at arkiva alt er historieforteljarar, anten dei vil det eller ikkje. Ei kataloginnleiing eller ei arkivliste fortel historier, om arkivskaparen eller om arkivet, og dei er faktisk arkivarane sine versjonar. Det kulturhistoriske atlaset til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (www.sffarkiv.no) og Oppslagsverket til Bergen byarkiv (www.oppslagsverket.no) er begge fulle av historier. Mitt poeng er at arkiva må bli seg bevisst at dei er historieforteljarar, og at dei må innta ei ny rolle, ei aktiv og kritisk rolle, der dei gjer merksam på at det finst andre, alternative historier enn den dei fortel.

Arkiva har tradisjonelt vore innretta på å ta seg av individuelle brukarar. Men ein av dei store utfordringane i dag er å nå fram til og engasjere grupper av menneske på ein god måte. Dette kan dreie seg om å utvikle tenester for aktiv tilgjengeleggjering, der grupper av menneske (t.d. skuleklasser) lærer å bruke og tolke arkivmateriale. Og det kan dreie seg om formidlingstenester, der tilrettelagt materiale blir presentert over Internett, i utstillingar e.l. Dersom arkiva skal nå ut til større grupper av menneske, er det nødvendig å utvikle kompetanse og metodikk som gjer at dei kan nå fram til mange. Og det føreset ei aktiv innstilling til oppgåva.

Arkiv som selektivt minne
I intervjuet gjer eg eit poeng av at arkiv representerer eit selektivt samfunnsminne. Det kollektive minnet til eit samfunn eller ei gruppe menneske blir påverka av mange faktorar. Arkiva er ein av desse, og den er viktig fordi arkiva bevarer autentiske, etterprøvelege dokument frå fortida. Men dei bevarer berre ein del av dei dokumenta som ein gong vart skapt. I denne samanhengen blir det viktig å få oversyn over dei mekanismane som har påverka utvalet av bevarte dokument.

Internasjonal arkivforsking har vist at seleksjonsprosessen føregår i fleire trinn: For det første, så er det ikkje all informasjon om dei faktiske hendingane som blir arkivert. Den nederlandske arkivprofessoren Eric Ketelaar kallar denne utvalsprosessen arkivalisering, ”the conscious or unconscious choice (determined by social and cultural factors) to consider something worth archiving” (sjå Archival Science 2/2002). Til ulike tider har det blitt stilt ulike krav til kva som skulle arkiverast, slik at arkiva i varierande grad har dokumentert dei verkelege hendingane.

Det neste steget i seleksjonsprosessen kan skje i samband med kassasjonsbehandling av arkiva. Målet med kassasjonsbehandlinga har vanlegvis vore å fjerne dokument utan rettsleg eller historisk verdi frå arkiva, t.d. dokumentasjon av rutinemessig saksbehandling, ”det kvardagslege”. I offentleg verksemd i vårt land er denne prosessen styrt av kassasjonsreglar godkjende av Riksarkivaren. Men kassasjonsreglar og kassasjonsvurderingar vil vere kulturelt og sosialt betinga, prega av samfunnet sine verdiar og normer.

Når eit arkivmateriale ikkje lenger er i bruk hos arkivskaparen, kan det grovt sett skje to ting. Anten blir arkivet overført til ein arkivinstitusjon, eller det blir liggjande ubrukt til det blir øydelagt. For private arkiv, etter bedrifter, organisasjonar eller personar, er dette det vanlege i vårt land. Berre ein liten del av privatarkiva blir bevart. Offentlege arkiv skal derimot i følgje arkivlova avleverast til ein arkivinstitusjon. Når dette skjer, kjem det neste steget i seleksjonsprosessen. Arkiva blir tatt i mot og plassert i magasina, men det er ikkje gitt at dei blir ordna og registrert med ein gong. Som svaret til Arne Skivenes så glimrande illustrerer, er arbeidet med tilgjengeleggjering av arkiv svært ressurskrevjande, og dei fleste arkivinstitusjonar slit med eit stort ”ordningsetterslep”. Arkivinstitusjonane må difor prioritere kva som skal ordnast og gjerast tilgjengeleg, og dette valet vil også vere prega av sosiale og kulturelle forhold.

I tillegg til denne vanlege seleksjonsprosessen skjer det også at arkivmateriale blir øydelagt fordi nokon ønskjer å skjule sine spor. Men dette er unntaket, som eg sa i intervjuet: Den vanlegaste grunnen til at arkiv går tapt er at arkiveigaren eller samfunnet ikkje prioriterer å ta vare på dei.

Står så desse synspunkta i motsetning til ein planmessig bevaringspolitikk, slik John Herstad synest å meine? Er ser det ikkje slik. Tvert om, i erkjenninga av at arkiv er selektive minne ligg det ei utfordring om å utvikle bevaringsstrategiar som i størst mulig grad dokumenterer dei vesentlege funksjonane i samfunnet. Dette er ei felles utfording for det statlege Arkivverket, dei ikkje-statlege arkiva og for ABM-utvikling.

Debattstil og fagleg dialog
John Herstad ønskja ikkje å svare på spørsmåla frå Bok og Bibliotek, og sende i staden eit ope brev til redaktøren. Brevet innleier han med følgjande karakteristikkar:
synspunkta mine ”er lite konsistente og velfunderte” og dei avdekkjer ”utilstrekkelig forståelse av og innsikt i hva norske arkivfolk har stått for og står for”. I tillegg gjer Herstad eit poeng av at eg i dag har dei same arkivfaglege synspunkta som eg hadde før eg vart tilsett i ABM-utvikling. Herstads debattstil er hans eige val. Men eg oppfattar den som lite konstruktiv, og den bidrar neppe til å fremje ein arkivfagleg debatt – noko som vi sårt treng her i landet.