Stein Slyngstad ny direktør i ABM-utvikling
tirsdag 17. november 2009
aktuelt.jpgStein Slyngstad tiltrer som ny direktør for ABM-utvikling, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum for en åremålsperiode på seks år frå 1. desember.

 

- Stein Slyngstad har solid erfaring frå store kulturinstitusjonar som har gjennomgått omstillingsprosessar. Han har eit sterkt engasjement for å ta fatt på utfordringane ved ABM-utvikling, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

     Stein Slyngstad (f. 1960) er utdanna siviløkonom. Han har erfaring frå leiande stillingar i fleire kulturinstitusjonar. Han var direktør for Stavanger Symfoniorkester og Stavanger Konserthus frå 1992 til 1997. Frå 1997-2001 var han dagleg leiar for Henie Onstad Kunstsenter og han var direktør ved Norsk Filmfond frå 2001-2007.

     Åremålsperioden som direktør ved ABM-utvikling går frå 1. desember 2009 til 30. november 2015.

     ABM-utvikling er eit statleg samordningsorgan for arkiv, bibliotek og museum. Institusjonen skal drive strategisk utviklingsarbeid for å samordne, effektivisere og styrkje dei tre sektorane. Det siste året er det lagt fram tre stortingsmeldingar som omtalar utfordringane innanfor arkiv, bibliotek og museumsfeltet: bibliotekmeldinga, digitaliseringsmeldinga og museumsmeldinga. ABM-utvikling vil i samarbeid med andre sentrale aktørar ha ei viktig rolle i oppfølginga av desse meldingane.

 

Kilde: Pressemelding fra Kulturdepartementet

 

 

Kommentarer
Legg til S RSS
Skriv kommentar
Navn:
Email:
 
Website:
Tittel:
UBBKode:
[b] [i] [u] [url] [quote] [code] [img] 
 
 

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert ( tirsdag 17. november 2009 )