Gborg-BokBibliotek.gif

, 

NyeBoker.png






Last ned nr. 3-2010

  • Last ned Bok og bibliotek som PDF-fil

Sist kommenterte

Besøksstatistikk

493,955Besøkende:
138Besøkende i dag:
807Besøkende i går:
521.97Visitors per day: Ø
3,740,850Sidevisninger
492Sidevisninger i dag:
2,965Sidevisninger i går:
4,002.36Page views per day: Ø
7.67Page views per visitor: Ø
185For denne siden:
Nytt elektronisk arkivtidsskrift Utskrift
tirsdag 26. januar 2010

aktuelt.jpgABM-media lanserer 1. april et nytt arkivtidsskrift på nett. Det skal romme alt fra aktualitetsstoff til fagfellevurderte artikler.

- Vi ønskjer å vere eit tidsskrift for alle som arbeider med eller har interesse for arkiv, forteller redaktøren, Gudmund Valderhaug.

 

Bok og Bibliotek: Hvorfor trenger vi et nettidsskrift om arkiv?

 

Gudmund Valderhaug: Eg forstår kvifor du spør. Vi har jo allereie tre arkivtidsskrift; Norsk Arkivråd gir ut Arkivråd, det statlege Arkivverket  har Arkivmagasinet og dei kommunale arkivinstitusjonane gir ut Arkheion, så kva skal vi med eit fjerde? Årsaka er vel at desse tidsskrifta har sine spesifikke målgrupper. Arkivråd er først og fremst til for medlemsmassen i Arkivrådet, Arkivmagasinet for Arkivverkets brukarar og Arkheion for arkivmedarbeidarar i kommunane. Det nye tidsskriftet må ha ei klar arbeidsdeling i høve til desse tre. Det oppnår vi med å fokusere på teoretiske og metodologiske arkivfaglege problemstillingar og prioritere publisering av fagfellevurderte vitskaplege artiklar. Formålet til, og grunngjevinga for, tidsskriftet er å styrke den vitskaplege tilnærminga til faget og vere ein uavhengig arena for fagleg utvikling og debatt.

 

BoB: Hvilke deler av arkivsektoren skal tidsskriftet dekke?

 

Valderhaug: Målet er å dekkje heile spennet i arkivfaget, frå arkivdanning til bevaring og formidling av eldre arkiv. Dei siste tjue åra har vi sett ei eit omfattande teoretisk og metodisk nybrottsarbeid for kunne forstå, handtere og bevare elektroniske arkiv som autentisk dokumentasjon. Samtidig har påverking frå tenkjarar som Foucault og Derrida ført til auka kritisk refleksjon kring arkivet som konstruksjon og uttrykk for samfunnsmessige makttilhøve, og om samfunnsrollene til arkivinstitusjonane. Begge desse perspektiva - arkivet som system og arkivet som samfunnsfenomen - må få ein tydeleg plass. Vi ønskjer å vere eit tidsskrift for alle som arbeider med eller har interesse for arkiv.

 

BoB: Hva slags typer stoff ønsker du å formidle?

 

Valderhaug: Eg har ein ambisjon om å få dei "praktiserande arkivarane" i forvaltning og depot til å bidra med artiklar. Det finst mange høgt kvalifiserte kollegaer som har viktige erfaringar, folk som har arbeida med metodeutvikling i t.d. arkivdanning, arkivbeskriving, digitalisering og formidling. Dei sit med kunnskapar som fortener vitskapleg systematisering og publisering. Eg vil elles legge vekt på å publiserte artiklar av utanlandske forfattarar.

       

BoB: Hvordan vil bedømningen skje av de forskningsbaserte artiklene?

 

Valderhaug: Fagfellevurderinga vil foregå slik at artiklane blir vurdert anonymt av to fagfellar som har spesiellkompetanse innanfor artikkelemnet. Desse kan så tilrå publisering av artikkelen som den er, publisering med bestemte endringar, eller at den blir refusert.

 

BoB: Har du noen kjepphester som redaktør?

 

Valderhaug: Som sagt vil fagfellevurderte arkivvitskaplege artiklar stå sentralt. Men samtidig gir sjølve nettpubliseringa av tidsskriftet oss høve til å vere aktuelle på ein måte som dei tradisjonelle papirbaserte tidsskrifta ikkje har hatt. Vi vil for det første publisere dei vitskaplege artiklane kontinuerleg, etter kvart som dei er ferdige. Men vi vil også publisere aktualitetsstoff, dvs arkivrelaterte nyheiter, aktuelle kommentarar og debattinnlegg. Og vi vil gi lesarane høve til å seie si meining direkte, i kommentarfelt under artiklane. Dette vil ikkje gjelde dei fagfellevurderte artiklane. Kommentarar til desse må gå via redaksjonen.

 

Gudmund Valderhaug er førsteamanuensis (50%) ved arkivutdanninga på HiO, og har bak seg en rekke frilansoppdrag i arkiv- og kulturarvsektoren. Han var arkivsjef for Interkommunalt arkiv i Hordaland 1990-2002, og avdelingsdirektør ABM-utvikling i 2003-06. 

 

- - - -

 

Vi kommer tilbake med tidsskriftets URL når lansering nærmer seg 1. april.

 

- Odd Letnes, red.

 

 

 

Kommentarer
Legg til S RSS
Skriv kommentar
Navn:
Email:
 
Website:
Tittel:
UBBKode:
[b] [i] [u] [url] [quote] [code] [img] 
 
 

3.26 Copyright (C) 2008 Compojoom.com / Copyright (C) 2007 Alain Georgette / Copyright (C) 2006 Frantisek Hliva. All rights reserved."

Sist oppdatert ( tirsdag 26. januar 2010 )
 
< Forrige   Neste >