Facebook, ikkje noko for biblioteka

. i kategorien Bok og Bibliotek nr. 2 - 2018

 

debatt 11Facebook har om lag ein milliard brukarar. Og biblioteka har kasta seg på for å vere til stades der alle dei andre er. Det er kanskje forståeleg at bibliotekfolk i ein travel kvardag nyttar Facebook for å nå ut til brukarane og å informere om kva som skjer på biblioteket og forsømmer å oppdatere heimesidene sine. Men det er misforstått og tankelaust og kan lett gjerast noko med.

Denne uheldige praksisen har i liten grad vore emne for diskusjon og kritikk. Det var difor med glede eg las redaktør Odd Letnes sin artikkel Glem Facebook, sats på egne hjemmesider, frå desember i fjor.Her tek Letnes eit klart og prinsipielt oppgjer med bruken av Facebook i biblioteka; han peiker på den skarpe motsetnaden mellom samfunnskontrakten til biblioteka og det hemningslause jaget etter pengar som styrer Facebook. Han etterlyser eit oppgjer i biblioteka mot pengemaskinen Facebook.
Før eg går vidare vil eg minne om samfunnskontrakten til biblioteka slik den er formulert i Bibliotekloven, §1: «Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.» Fremje opplysning og kultur, vere ein uavhengig møteplass.
Eg skal i denne artikkelen følgje opp det redaktøren skriv og legge til nokre nye moment i kritikken. Så vil eg problematisere praksisen at biblioteka nyttar Facebook som kontaktflate mot publikum. Eg vil tipse om nokre grep som biblioteka kan – og etter mitt syn bør – gjere om dei framleis ei tid vil nytte Facebook. Vidare, korleis er det med overvaking og sensur på Facebook? Til slutt vil eg peike på at Facebook i lag med andre store IT-selskap er med på å snyte nasjonalstatane for enorme summar og tvinge fram drastiske kutt i offentlege budsjett.

Kvifor brukar biblioteka Facebook i slikt stort omfang? Det som liknar mest eit argument, er omkvedet at «biblioteket må vere der folk er». Og alle er då på Facebook. Vidare: Er Facebook eit effektivt verkty for å nå ut til folk med informasjon om biblioteket, skape interesse og kome i kontakt med publikum? Det er Facebook så langt i frå. Det skal eg straks grunngje nærare:
I 2011 tok det no nedlagde US-magasinet D-Lib Magazine opp nettopp dette. Magasinet granska bruken av Facebook på 20 amerikanske fagbibliotek. Mellom dei biblioteka ved Yale University og MIT (Massachusetts Institute of Technology). Vi kan ikkje leggje all tyngd i ei gransking. Men resultatet i denne er eintydig negativt. Det er usannsynleg at Facebook tener til å marknadsføre biblioteka på ein effektiv måte.
Alle data i granskinga viser lite samspel mellom biblioteka og brukarane på biblioteka sine Facebook-sider. Det er ikkje nokon grunn til å la seg forføre av høge tal på «likes» og kommentarar. Dei fleste tilbakemeldingane kjem frå det som vert kalla Facebook-groupies, dvs. folk som er villige til å bruke mykje tid og krefter til å kommentere ting på internett. Mellom fem og ti prosent er slike groupies. Resten er for det meste kollegaer og yrkesbrør som gjerne kommuniserer i ein personleg tone, langt frå det som har med yrket å gjere.

Nokre råd for bibliotek som enten vil fase ut institusjonens Facebook-side eller halde fram med sida i tryggare former, råd inspirert av fri programvare-guruen Richard Stallman:
– Ein bør ikkje ha link frå heimesida til Facebook, men omvendt. Heller ikkje bør Facebook nemnast på heimesida.
– Legg ikkje ut full omtale av til dømes arrangement eller nyhende i biblioteket på Facebook, bruk heimesida. Nemn heller ikkje alle nyhende.
– Ta eit medvite grep og bruk Facebook-sida som eit utstillingsvindauge slik at brukarane blir slusa til heimesida. Det minkar lojaliteten til Facebook, og knyter brukaren nærare til biblioteket.
– Det bør stå på Facebook-sida at biblioteket ikkje ønskjer å kommunisere ved hjelp av Facebook messenger. Gløym ikkje å fortelje korleis kommunikasjonen skal skje, gjerne via telefon eller e-post.
– Eit godt råd er å bruke Facebook på nettlesaren. Unngå for all del Facebook-applikasjonen på nettbrett eller telefon.
– Vidare bør ikkje personnamn eller bilete av personar brukast på Facebook-sida. På den måten får Facebook mindre informasjon. Alt dette for å flytte folk vekk frå Facebook, minske folks tilknyting til pengemaskinen og tidstjuven og utlevere færre persondata.

Hausten 2016 vart forfattaren Tom Egeland stengd ute frå Facebook fordi han delte eit bilete av «napalmjenta» frå Vietnam-krigen; biletet som viser ni år gamle Phan Thi Kim Phuc og andre forbrente vietnamesiske born etter eit amerikansk åtak med napalm i 1972. Det er eit av dei best kjende pressefoto som nokon gong er teke. Fotograf Nick Ut vann Pulitzerprisen. Dette reiste ein debatt som gjekk i aviser og på Facebook. Anine Kierulf, ekspert på spørsmål knytt til ytringsfridom, kritiserte Facebooks vilkårlege praksis. Dei kritiske innlegga hennar blei strokne.
Overvaking og sensur er noko som står biblioteka fjernt. Men det rører ved sjølve kjernen i Facebook. Selskapet vart starta av Mark Zuckerberg & Co. Vi veit at amerikansk etterretning har tilgang til Facebook sine serverar og nyttar opplysningane til å kartlegge personar og menneskelege relasjonar. Målet var og er å utvikle teknikkar for å manipulere folkeopinionen.

Hausten 2017 hadde journalist Joacim Lund i Aftenposten ein artikkel som eg vil tru er av spesiell interesse for offentlege institusjonar. I vårt tilfelle biblioteka. Han viser at Facebook i lag med andre IT-gigantar er dyktige på å snyte nasjonalstatane for enorme skatteinntekter og plassere pengane i skatteparadis. Ikkje til pengebingar i det fjerne Karibia, men til Jersey i Den engelske kanal. Og det skjer medan land i heile Europa kuttar i offentlege tenester. Han skriv:
«Apple er ikke alene om å sluse pengestrømmene inn til skatteparadiser. Mange internasjonale selskaper gjør det, blant andre Google, Facebook og Amazon, som nå alle er blant verdens mest verdifulle selskaper. Skattetriksingen er ikke nødvendigvis ulovlig heller, selv om den skaper store, store problemer for nasjonene disse selskapene opererer i. Det største problemet er at skatteinntekter forsvinner, og det i en tid med store offentlige underskudd og kutt i offentlige tjenester i hele Europa. Vi elsker produktene disse selskapene selger oss, selvsagt, de er i verdensklasse, men medaljen har en bakside. Nasjonene trenger inntektene, og når pengemaskinene ikke legger igjen noe, sendes regningen videre til småbedrifter, lønnstagere og pensjonister. Og det skremmende er at skattetriksingen sprer seg ved at disse selskapene entrer stadig nye næringer med voldsom teknologisk kraft.»

Facebook er eit multinasjonalt selskap som ved skattetriksing og bruk av skatteparadis med stor kraft svekkjer grunnlaget for at biblioteka skal halde fram som offentleg finansierte, fri institusjonar. Det betyr at Facebook i lag med dei før nemnde IT-gigantane er eit alvorleg trugsmål mot bibliotekas eksistens. Facebook er med på å drage teppet unna biblioteka slik vi kjenner dei. Eit sterkare argument for straks å forlate Facebook og satse på aktiv bruk og oppdatering av eigne heimesider – helst ved bruk av fri programvare – er ikkje eg i stand til å finne.

- Av Finn Sindre Eliassen, skribent

Kjelder:

Odd Letnes: http://www.bokogbibliotek.no/glem-facebook-sats-pa-egne-hjemme-sider

D-lib Magazine: http://www.dlib.org/dlib/november11/gerolimos/11gerolimos.html

Richard Stallman: https://stallman.org/facebook-presence.html

Joacim Lund: https://www.aftenposten.no/meninger/kommentar/i/OR9pk/Google_-Facebook_-Amazon-og-Apple-raner-nasjoner–Joacim-Lund

 

Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode