Den utfordrande formidlingssamtala

. i kategorien Nr. 3 - 2012

18-24_Formidling  

Det er grunn til setje spørjeteikn ved kvaliteten på formidlingstenestene som vert levert ved norske folkebibliotek.

Av Rita Mundal, biblioteksjef i Lom

Når eg kjem inn på Vinmonopolet, vil eg gjerne få anbefalt ein god vin. Eg har gjerne lyst til å prøve nye vinar. Iblant er det maten eg skal eta til som bestemmer, iblant er det veret eller humøret. Eg vil gjerne at beteninga skal kunne anbefale dei rette vinane utifrå dei ynskja eg formidlar. I forhold til å kjøpe vin i ein daglegvarebutikk eller bensinstasjon, slik ein tl dømes kan gjere i Danmark, set eg pris på fagkunnskapen ein møter i dei norske vinmonopola.

Situasjonen er overførbar til bibliotekverda. Biblioteka bør vera ein stad der det er naturleg å prate om bøker, ein stad du kan gå for å få forslag om bøker som passar til ver og humør, bøker som liknar på andre bøker du har likt, bøker med same tema eller tone. Biblioteka bør vera ein stad det er naturleg å gå for å få rettleiing i å finne eigna bøker også til fritidslesnad ut i frå dei ynskja lånaren uttrykkjer. Litteraturformidling bør vera ein naturleg del av kvardagen for ein bibliotekar.

 

Det store spørsmålet

“Can you recommend a good book?” Does any other question strike such fear in a librarian´s heart as this?” Dette spørsmålet tek Joyce G. Saricks opp til drøfting i boka Readers´ advisory service in the public library (Saricks, 2005 s. 98). I denne artikkelen har eg sett fokus på formidlingssamtala, ei samtale om bøker som går føre seg mellom lesaren og formidlaren. Gjennom samtala skal formidlaren finne ut kva bøker som appellerer til lesaren. Ut i frå opplysningane som kjem fram i samtala, skal formidlaren koma med forslag til bøker som kan passe for lesaren. Formidlingssamtala er ein del av den totale litteraturformidlinga som skjer i biblioteka. Eg har tatt for meg kva som ligg i omgrepet litteraturformidling og sett på formidlingsmandatet som er pålagt biblioteka. Eg har også sett på korleis formidlingssamtala blir utført i praksis og har besøkt fire bibliotek for å sjå korleis dei løyste denne formidlingsoppgåva.

 

Kva er litteraturformidling?

I artikkelen ”Litteraturformidling og dannelse” (Smidt 2009) reflekterer Jofrid Karner Smidt rundt begrepet litteraturformidling. Ein viktig del av formidlinga, er å gjera noko fysisk tilgjengeleg for andre. Eit bibliotek kan seiast å vera litteraturformidling i seg sjølv, sidan det stiller bøker og lydbøker til disposisjon for brukarane. Men formidling er også å gjera noko mentalt tilgjengeleg for andre t.d. gjennom utstillingar, nettsider, forfattarbesøk og bokprat for grupper eller enkeltpersonar. Formidlinga har ei praktisk side som går ut på å meistre handverket. Ein kan lære seg teknikkar for litteraturformidling på nett, for å lage utstillingar og for munnleg litteraturformidling.

Til grunn for alt dette ligg ei haldning. Smidt uttrykkjer det slik: ”Litteraturformidling er - før alt dette - en holdning, en åpen, spørrende og våkent kritisk holdning” (Smidt 2009 s. 59) og ”Å være formidler er å være interessert i en annen erfaring, enten den er uttrykt i litteraturen, eller hos de personene som kommer til biblioteket […] Du kan kalle det en form for trygg ydmykhet.” (Smidt, 2009, s. 59)

 

Formidlingsmandatet

Åse Kristine Tveit har sett på korleis litteraturformidling er omtalt i paragrafer og planar for folkebiblioteka (Tveit, 2004). I folkebiblioteka er arbeidet med formidling lovpålagt. Ho syner til proposisjonen Lov om folkebibliotek som slår fast at folkebiblioteka har eit særskilt ansvar for å ”utbre kjennskap til så vel norsk som utenlandsk fag- og skjønnlitteratur” (Tveit 2004 s. 31). Tveit syner vidare til stortingsmeldinga Kjelder til kunnskap og oppleving frå 1999 som seier det så sterkt som at formidling representerer det endelege målet for all verksemd i arkiv, bibliotek og museum.

Bibliotekreform 2014 gjer også formidlingsmandatet klart: ”Folkebibliotekene må fortsatt ha litteraturformidling og lesestimulering som hovedområde for barn og voksne” (Bibliotekreform 2014, 2006, s. 19). ”Litteraturformidling er en av folkebibliotekenes sentrale oppgaver. For å styrke formidlingen skal det iverksettes et eget program for litteraturformidling”. Det er også skissert at det skal satsast på utvikling og drift av nettbaserte formidlingstenester for å synleggjera mangfaldet og breidda av litteratur. Dette programmet skulle vore ferdig i 2008, men fire år seinare er ikkje programmet lansert enda.

I vår digitale tid der e-bøker tek over for papir, er det på sin plass å tenkje på biblioteka sin funksjon i nåtid og framtid. Som i dømet over med vinmonopolet, må biblioteka også fokusere på kvalitet i formidlinga. Vi må vektleggje god kunnskap om produkta våre og søkje å utvikle formidlingskompetansen. Tveit uttrykkjer det slik: ”Litteraturformidlerens rolle omfatter både faglige kunnskaper om litteraturen som tilbys, og en evne til å artikulere denne kunnskapen i en form som er tilpasset den enkelte leser eller gruppa av lesere en står overfor, på en slik måte at det skapes leselyst” (Tveit 2004). Dersom lånarane blir vande til å ta del i gode formidlingssamtaler på biblioteka, blir dette ein grunn til å oppsøkje biblioteka fysisk.

 

Formidlingssamtala

Eg har tatt utgangspunkt i boka Readers’ advisory service in the public libraray for å sjå nærare på formidlingssamtala. I boka brukar Saricks omgrepet ”readers’ advisory interview”. Ho definerer det som ei samtale mellom formidlar og lesar om bøker (Saricks 2005 s. 75). Målet med samtala er å avdekkje lesaren sin litterære smak og kva type bøker han føler for å lesa på det tidspunktet samtala går føre seg. Formidlaren lyttar og kjem med forslag til aktuelle titlar basert på opplysningar lesaren har gjeve. Formidlinga skal ha fokus på lesaren og det er lesaren sine opplysningar som skal avgjera kva bøker som blir valt.

Formidlaren bør foreslå meir enn 1 – 2 bøker og unngå uttrykk som ”god” og ”velskrive” for å beskrive kvaliteten ved bøkene. Det er meir informativt å prate om korleis forfattaren brukar språket eller om det som er spesifikt ved boka. Er det bøker som har vunne prisar eller er kritikarfavorittar, er det betre å gje slike opplysningar enn å kalle dei gode. Formidlinga er vellykka når lesaren får som vane å samtale om bøker på biblioteket, og dette blir ein pågåande dialog mellom lesar og formidlar.

 

Korleis tenkje på og samtale om bøker?

I sin readers’ advisory-praksis legg Saricks vekt på appell-elementa ved bøker i formidlingssamtala. Når formidlaren les bøker eller utdrag frå bøker, skal han tenkje på kva som kan appellere til lesaren og søkje etter å finne den beste eigenskapen ved boka. Saricks deler appell-elementa inn i fire grupper: Tempo, personskildring, handling og ramme for forteljinga.

Tempo: Bøker kan ha ulike typar tempo eller driv. Personar og handling kan avdekkjast fort eller sakte. Det kan vera ei eller fleire handlingsrekkjer. Det kan vera mykje action eller meir skildringar av personar og miljø. Dialogar, korte setningar, korte avsnitt og korte kapittel, aukar tempoet i ei bok. Bøker der historia utfaldar seg langsamt og har fleire lag, kan ha eit lågare tempo, men like fullt ha driv. For formidlaren er det viktig å avgjera kva som skapar drivet eller spenninga i boka og formidle dette til lesaren.

Personskildring: Korleis er personskildringa i boka? Blir personane presentert med det same som stereotypar eller utviklar dei seg gradvis gjennom boka? Er dei lette å identifisere og kjenne seg att i? Er det fokus på ein hovudperson eller er det samspelet mellom fleire som er i fokus? Kven har synsvinkelen? Er personskildringa det viktigaste i boka?

Type handling: Kva type handling er det i boka? Er det personar eller hendingar som blir vektlagt? Er forteljinga prega av ytre handling og action eller er handlinga meir på det indre planet med eit psykologisk perspektiv? Går handlinga føre seg på fleire plan? Ut i frå desse spørsmåla kan ein seie noko om kva type handling det er i boka. Ytre handling og action vil appellere til ein del lesarar, medan andre likar betre ei psykologisk tilnærming.

Miljø/stemning: Kva atmosfære er det som rår i boka? Korleis er tonen? Kva inntrykk eller kjensle gjev boka? Er ho romantisk, spenningsfylt, ekkel, feel-good, magisk eller humoristisk? Er miljøskildringar detaljerte eller minimale. Påverkar dette tonen? Utspelar historia seg på eit spesielt bakteppe? Skapar forfattaren eit eige univers eller kunne historia gått føre seg kvar som helst? Ut i frå desse spørsmåla vil ein kunne finne element i bøkene som appellerer til lånarane sin litterære smak. Saricks har utarbeidd ordliste over appell-elementa. Eg har omsett ein del av dei til norsk og lagt dei ved.

 

Suksessfaktorar i formidlingssamtala

Det er store likskapar mellom referanseintervjuet og formidlingssamtala, og mange av suksessfaktorane er samanfallande. Det er viktig å sette tonen med eit imøtekomande kroppsspråk, sjå brukaren og vise at du er tilgjengeleg med smil og augekontakt. Dette gjer brukaren komfortabel og det blir lettare å ta kontakt. Neste steg på vegen er å få informasjon frå brukaren og oppmuntre han til å beskrive bøker han likar. Døme på spørsmål kan vera: Likar du mykje action? Likar du å bli godt kjent med karakterane? Føler du for å lesa same type bøker nå eller har du lyst til å prøve noko anna? Målet er å få fram kva det er i bøkene som appellerer til lesaren.

Etter at formidlaren har fått nok informasjon frå lesaren, skal han koma med forslag til nye bøker. Her foreslår Saricks å prate om bøker ut i frå appell-elementa med utgangspunkt i preferansane lesaren har gjeve uttrykk for i samtala. Ho rår formidlaren til å foreslå fleire bøker slik at lesaren kan velja. Her vil den faglege kunnskapen om litteratur hos formidlaren og evna til å uttrykkje fagkunnskapen i eit forståeleg og truverdig språk for lesaren, vera avgjerande suksessfaktorar. Siste fase i samtala er oppfølgingsspørsmål, om bøkene verkar interessante, om lånaren har nok å velja i og oppmuntre han til å koma attende for å koma med reaksjonar på bøkene og for å få nye forslag.

Suksessen i formidlingssamtala ligg ikkje først og fremst i at lesaren tek med seg og les bøkene han får foreslått. Formidlingstenesta er vellykka når lesaren oppfattar biblioteket som ein plass der det er naturleg å utveksle erfaringar om litteratur, der han kan få forslag til bøker og tilgang til ressursar for å finne fram til passande bøker, der han blir oppmuntra til å koma attende og dele reaksjonane på bøkene han har fått foreslått, og når det å dele boktips på biblioteket har blitt ein innarbeidd vane for lesaren og formidlaren.

 

Formidlingssamtala i praksis

I fjor vår besøkte eg fire folkebibliotek for å sjå korleis formidlingssamtala fungerer i praksis. Biblioteka ligg i to ulike fylke på Vestlandet. Eg hadde på førehand valt ut tre opplysningar eg ville gje dersom det kom spørsmål om kva bøker eg likte, Utrenskning av Sofi Oksanen, Hvit tiger av Aravind Adiga og eg ville oppgje at eg likte Knausgård. Her var det ein norsk, ein finsk og ein indisk forfattar som skulle gje formidlaren eit utgangspunkt for samtala, og med det større valfridom til å foreslå bøker enn om eg berre hadde nemnt ein tittel. Bøkene er frå ulike delar av verda og sjølvsagt veldig forskjellige, men tankane og skildringane av personane sitt indre liv er viktig i alle bøkene. I Hvit tiger og i Utrenskning var det å få innsyn i framande kulturar noko eg sette pris på.

Bøkene er skrivne av språkleg bevisste forfattarar, dei er kritikarroste og har vunne litterære prisar. Eg tenkte ikkje over dette da eg valde dei ut, og det var ikkje eit poeng frå mi side, men sett ut i frå formidlaren sin ståstad, har dette noko å seie for kva bøker det blir naturlege å foreslå i formidlingssamtala. Eg referere her frå eit av bibliotekbesøka.

 

Samtale i ”Bibliotek 1”

”Bibliotek 1” ligg i ei kommune med nær 7.000 innbyggjarar. Det var romsleg og relativt moderne med 3 opening-the-book utstillingshyller for nye og nyleg innleverte bøker i inngangspartiet. 1 person var på jobb da eg besøkte biblioteket. Bibliotekaren var opptatt med ein annan lånar da eg kom inn. Eg nytta ventetida til å gå rundt og sjå meg litt om. Etter om lag 10 minutt stilte eg meg opp framfor skranka og bibliotekaren lurte på om eg ville ha hjelp.

Bibliotekar: Treng du hjelp?

Lånar: Ja, eg lurte på om du kunne anbefale ei bok til meg?

Bibliotekar: Det kjem nå så an på kva du likar det, da (litt latter).

Lånar: Dei siste bøkene eg las som eg likte var Utrenskning av Sofi Oksanen, Hvit tiger av Aravind Adiga og så likar eg Knausgård.

Bibliotekar reiser seg og går til utstillingshyllene medan ho pratar om at ho også likar Knausgård. Ho unnskylder seg med at bibliotekaren som les alle Kulturfondbøkene har fri. Ho peikar på Lakunen som står utstilt og seier at ein del likar denne. Spør om eg har lese Paasilinna.

Lånar: Ja, og eg likar humoren hans.

Bibliotekaren går att og fram mellom utstillingsreolane, går bak skranka att og begynner å bla i ein perm (eg ser at det er lister med kulturfondbøker). Etter eit par tre minutt med blaing, ringjer ho bibliotekar 2 som har fri. Ho tek ikkje telefonen. Blar vidare og finn En dåre fri som ho foreslår for meg. Men boka er utlånt. Bibliotekar 2 ringjer opp att. Bibliotekar 1 spør om ho har lese noko bra i det siste, kulturfondbøker eller noko. Bibliotekar 2 foreslår Nesten til stede. Bibliotekar 1 avsluttar samtala med å fortelja at ein lånar har spurt etter ei god bok og at lånaren likar Oksanen. Dei blir einige på telefonen om at da vil Nesten til stede passe bra. Bibliotekar 1 seier det same til meg etter at telefonsamtala er avslutta. Ho seier at boka er velskrive. Eg takkar og låner boka.

 

Refleksjonar kring formidlingssamtalene

Ein skulle kanskje vente at formidlingssamtala representerer noko av kjerneverksemda i biblioteka, at denne samtala er ein innarbeidd og bevisst del av litteraturformidlinga, men Saricks hevdar: ”Most patrons do not expect to find a readers’ advisory service in the library…For the most part, readers’ advisory interviews do not just happen.” (Saricks 2005 s. 86). Mange lånarar vil ikkje bry bibliotekarane med å be dei om hjelp til å finne fram til ei passande skjønnlitterær bok. Saricks viser til studium som syner at lånarane er redde for at spørsmål som gjeld skjønnlitteratur kan bli oppfatta som ”fjollete” eller som ”bortkasta tid” av bibliotekarane. (Saricks 2005 s. 86).

Saricks har erfaringa si frå folkebibliotek i USA, men mykje talar for at dette er overførbart til norske forhold. Sjølv om ein kunne vente både ut i frå mandat og ut i frå at bøker og litteratur er det viktigaste produktet i biblioteka, må ein ta med denne dimensjonen i evalueringa som følgjer. Formidlingsintervjuet har ikkje hatt stor merksemd i det norske bibliotekmiljøet. Det har ikkje vore sett fokus på denne delen av formidlingspraksisen. Eg har til dømes ikkje funne formidlingssamtala eller formidlingsintervjuet omtalt i norske bøker eller artiklar. Som Saricks hevdar er det mange lånarar som vegrar seg for å be om forslag til skjønnlitterære bøker dei kan lesa. Det er ikkje ein innarbeidd del av åtferda blant lånarane. Med dette som bakteppe, kan ein kanskje ikkje vente at biblioteka har ein bevisst og velfungerande praksis for å handtere slike førespurnader.

Inntrykket eg sit att med etter formidlingssamtalene som fann stad på dei fire biblioteka, stemmer overeins med det biletet Saricks teiknar. Det verka ikkje som om biblioteka hadde ein bevisst og innarbeidd strategi for formidlingssamtalene. På eit av biblioteka ringde t.d. bibliotekaren til ein kollega for å få hjelp, på eit anna leitte bibliotekaren etter lister med bokanbefalingar. I tre av fire bibliotek fekk eg inntrykk av at førespurnaden om bokforslag var ubehageleg og vekte nettopp ”fear in the librarian’s heart”. Eg fekk ikkje inntrykk av at nokon av biblioteka gjekk aktivt ut og tilbaud denne formidlingstenesta.

 

Imøtekommande

Eg var mest tilfreds med formidlingssamtala på bibliotek 3. Her hadde bibliotekaren det travelt, men tok kontakt når ho vart ledig. Ho smilte og spurte om ho kunne hjelpe meg. Ho verka som om ho hadde oversyn over bøkene som var utstilte i biblioteket, og fann raskt fram til bøkene ho foreslo. Forslaga verka ikkje tilfeldige. Sjølv om ho ikkje sa så mykje, verka ho truverdig i anbefalingane. Ho ga inntrykk av å ha god kjennskap til bøkene. Ho var også den einaste som var inne på eit par av appell-elementa ved bøkene. Ho brukte ”lun” og ”seriøs” for å omtale bøkene, og ho meinte at dei ville passe til min litterære smak. Ho verka til å ha kjennskap til dei bøkene eg likte og brukte dette som utgangspunkt for forslaga, noko ho også ga uttrykk for. Dette kunne vera flaks sidan det var same type bøker som ho likte sjølv. Uansett var det denne formidlingssamtala eg syntes fungerte best, og eg gjekk ut att med lyst til å lesa boka eg hadde lånt.

 

Lite imøtekommande

I bibliotek 2 og 4 var mottakinga direkte lite imøtekommande. Bibliotekarane såg ikkje opp på lånaren som kom inn i biblioteket. Dei var opptekne med andre oppgåver. Eg følte at eg nærast demonstrativt måtte stille meg opp framfor skranka for å bli sett. Mottakinga oppmuntra ikkje til å ta kontakt for å få bokforslag. Eg følte at eg var til bry, at det var eit ork å finne bøker som kunne passe, og at dei hadde viktigare saker å ta seg av sjølv om det ikkje var andre brukarar som venta på hjelp. I bibliotek 2 fekk eg kjensla av at det å finne ei passande bok, var noko eg burde klare sjølv. Bibliotekaren synte meg merkinga i ryggen på bøkene. Eg fekk inntrykk av at eg da burde kunne finne meg bøker sjølv. Dersom eg hadde vore ein vanleg lånar, hadde eg sannsynlegvis ikkje tatt kontakt med personalet på desse biblioteka i det heile. Om eg hadde gjort det, ville eg avslutta samtala lenge før eg gjorde og funne meg bøker på eiga hand. På begge desse biblioteka vart formidlingssamtalene også avslutta med at eg fann bøker sjølv. Dette var dels fordi eg følte det ubehageleg å opphalde bibliotekarane lengre, og dels fordi eg hadde mist trua på at dei skulle klare å finne passande bøker.

Korleis vart det prata om bøker i formidlingssamtalene? Alle bibliotekarane spurte i starten av samtala om kva bøker eg likte. Dette var eg forberedt på og hadde planlagt svaret. I det heile vart ordet ”likar” mykje brukt i samtalen, både i spørsmål, for å referere til andre som likte bøkene og i eit par tilfeller når bibliotekarane fortalte om sin eigen litterære smak. Ingen spurte utdjupande spørsmål om kva det var eg likte med bøkene. Når eg gjekk gjennom samtalene, fann eg få adjektiv som skildra bøkene. Adjektiva som vart brukte var ”god”, ”lun”, ”bra”, ”velskrive” og ”seriøs”. Som eg var inne på tidlegare, er uttrykk som ”god” og ”bra” relativt inkjeseiande sidan det varierer frå lesar til lesar kva dei meiner med ”ei god bok”. Som Saricks seier, er det likevel lett å gå i denne fella. Dette er innarbeidde uttrykk for mange av oss som kan vera lette å ty til og vanskelege å leggje av seg.

 

Avgjerande med kunnskap om litteratur

Eit avgjerande punkt i formidlingssamtala, er som nemnt kunnskapen vi sit inne med om produkta vi skal formidle. Det er nok først og fremst dette som skapar angst hos bibliotekarane. Det er pinleg å avsløre manglande kunnskap om produkta vi tilbyr. Sjølv om ein har stor kunnskap om bøker og litteratur, kan det vera vanskeleg å koma opp med gode forslag ut i frå kva bøker lånaren seier at han likar. Sjølv for dei som har lang praksis og har jobba systematisk med litteraturformidling, kan dette by på problem. Dei fleste har vi vel opplevd å bli heilt tome for forslag. Mange føler på tidspresset. Bøkene du har lese i det siste er som regel utlånt fordi du har formidla dei til andre lånarar. Kanskje ligg det ultimate kravet om rett bok til rett lånar til rett tid i bakhovudet hos formidlaren. Dette er faktorar som kan medverke til at formidlingssamtala blir noko vi fryktar og til at vi ikkje greier å formidle den kunnskapen vi verkeleg sit inne med på ein god måte.

Med dette som atterhald, meiner eg likevel at det ut i frå formidlingssamtalene er grunn til å frykte at det har vore for lite fokus ikkje berre på formidlinga, men også på litteraturkunnskapen blant bibliotekarane. I undersøkinga mi er utvalet veldig lite. Biblioteka eg besøkte er relativt små. På små bibliotek er arbeidsoppgåvene meir varierte, noko som går på bekostning av spesialisering. På større bibliotek kan personalet konsentrere seg om liten del av verksemda og spesialisere seg blant anna på formidling. På biblioteka Saricks syner til, har dei t.d. eit eigne team som har ”readers’ advisory service” som spesialfelt.

Trass dei formildande omstende som er nemnde, meiner eg at det er grunn til setje spørjeteikn ved kvaliteten på formidlingstenestene som vert levert ved norske folkebibliotek representert ved dei fire biblioteka i undersøkjinga. Det tyder på for dårleg kunnskap om produkta vi formidlar når personalet ikkje ein gong er oppdaterte på bestseljarar som Paasilinna og Knausgård. Det vitnar om eit manglande fokus på formidling når bibliotekarar må ringe kollegaer eller forgjeves leitar i permar for å koma opp med boktips. Enda verre er det at dei ikkje ser lånaren og ikkje tek initiativ til å ta kontakt.

 

Konklusjon

Bibliotekreform 2014 slår fast at litteraturformidling er ei sentral oppgåve for folkebiblioteka og eit satsingsområde i framtida. Ut i frå det klare mandatet bør satsinga gjera seg merkbart meir synleg på alle nivå i biblioteksektoren. På nasjonalt nivå bør planane som er skisserte i reforma om å utvikle eit eige program for litteraturformidling gripast tak i og gjennomførast. Utviklinga av ein nasjonal nettstad tilsvarande litteratursiden.dk der nasjonale ressursar vert samla og gjort tilgjengeleg for eit samla bibliotek-Norge, bør realiserast. Det bør leggjast stor vekt på formidling i bibliotekarutdanninga, både den munnlege, den digitale og den delen av formidlinga som omfattar utstillingar.

Dei nasjonale føringane bør koma til uttrykk på fylkesnivå og spegle verksemda i fylkesbiblioteka. Fylkesbiblioteka bør opptre som regionale utviklingsaktørar som set formidling på dagsordenen. Dette bør koma klart til uttrykk i fylkeskommunale-, regionale- og kommunale bibliotekplanar. Gjennom å arrangere kurs eller tilby andre former for kompetanseheving, kan fylkesbiblioteka medverke til at kvaliteten på formidlingstenestene rundt om i folkebiblioteka vert heva.

Ei klarare satsing og sterkare vektlegging av formidling på nasjonalt og fylkeskommunalt nivå, bør til sist koma til syne i verksemda på dei kommunale folkebiblioteka og i siste instans koma bibliotekbrukarane til gode. Ein del av dei større og kanskje nokre av dei mindre folkebiblioteka, har sikkert gode rutinar for dette arbeidet allereie, men som bibliotekbesøka avslørte, gjeld ikkje dette alle. Formidling bør vera ei prioritert oppgåve som det blir sett av tid til i kvardagen. Det bør utarbeidast konkrete tiltaksplanar for formidling i folkebiblioteka. Aktuelle tiltak kan vera å delta på kurs eller studium for å auke kompetansen innan formidling, jobbe bevisst for å skape eit miljø for bokprat i biblioteket, gå aktivt ut og tilby litteraturformidling overfor brukarane, setja fokus på formidlingssamtala med utgangspunkt i appell-elementa hos Saricks, setja av faste tider for personalet til å lesa bokomtaler og halde seg oppdaterte på ny litteratur, aktivt bruke ressursar som Bok i P2 og gode nettbaserte formidlingstenester som t.d. litteratursiden.dk, delta på bokpresentasjonar som presentasjon av årets kulturfondbøker, setja av faste tider til prøvesmaking av produkta våre t.d. ved å lesa korte utdrag frå ein del av dei nye bøkene som biblioteket tek inn.

Med ei tydelegare og meir bevisst satsing på formidling i alle ledd i folkebiblioteksektoren, vil det einskilde bibliotek stå betre rusta til å møte brukarane med den nødvendige kompetansen i formidlingssamtala. Biblioteka vil betre kunne rettleie brukarane i jungelen av litteratur i digital eller trykt form. Med ein bevisst og innarbeidd formidlingpraksis, vil biblioteka kunne leve opp til visjonen om å vera ein stad folk går for å prate om og få forslag til eigna bøker. Den dagen litteraturformidling er ein naturleg del av kvardagen for ein bibliotekar, kan han møte brukarane med ”trygg audmjuk” haldning utan ”fear in her heart”.

 

Ordliste

Tempo/driv: Halsbrekkande, fengslande, roleg, fortetta, lett, oppslukande, i ro og mak, fartsfylt, kontrollert, oppjaga, bedageleg, avslappa, raskt, storslagen.

Personskildring: Detaljert, distansert, dramatisk, eksentrisk, stemningsfull, trofast, fortruleg, intim, fengslande, underfundig, spennande, innadvent, naturtru, fleire synsvinklar, sær, original, realistisk, gjenkjenneleg, seriekarater, levande, stereotyp, einsformig, godt teikna.

Type handling/oppbygning: Actionprega, personsentrert, kompleks, heimleg, episodisk, tydeleg valdeleg, familiesentrert, kvardagsleg, godlynt, lun, saksorientert, fleire nivå, litterære referanser, mange handlingstrådar, mystisk, mytisk, open slutt, avklarande slutt, handlingssentrert, mange vendingar, overraskande, pikant, vilter, erotisk, provoserande, tragisk.

Miljø/stemning/stil: Bittersøt, guffen, mørk, detaljerte miljøskildringar, stemningsfull, eksotisk, på kanten, varm, kald, mange historiske detaljar, humorisktisk, frodig, magisk, melodramatisk, truande, mystisk, marerittaktig, manande, suggererande, nostalgisk, filosofisk, politisk, psykologisk, romantisk, urban, bygdepreg, sensuell, krass, tidlaus, optimistisk, spennande.

Stil: Streng, nøktern, uformell, klassisk, fargerik, kompleks, konverserande, direkte, dramatisk, elegant, forseggjort, ekstravagant, liketil, usjenert, grasiøs.

 

- - - -

 

Litteraturliste

[Bibliotekloven] Lov om folkebibliotek. Ot.prp. nr. 14 (1985-1986).

Bibliotekreform 2014 (2007). [Oslo]: ABM-utvikling. – Del 1: Strategier og tiltak

Saricks, J. G. (2005). Readers’ advisory service in the public library. Chicago: American library assosiation

Smidt, J. K. (2009). Litteraturformidling og dannelse – eller Stieg Larsson ”for alle penga” Bok og bibliotek, 67/2009, (3), 58-62. http://www.bokogbibliotek.no/index.php?option=com_content&task=view&id=1136&Itemid=28

St.meld. nr 48 (2002 – 2003). Kulturpolitikk fram mot 2014

Tveit, Å. K. (2004). Innganger. Om lesing og litteraturformidling. Bergen: Fagbokforlaget.

Digitale og andre ressurser:

http://www.litteratursiden.dk/

Notat frå forelesning ved Høgskolen i Oslo våren 2011 i studiet Litteraturformidling

- - - -

Artikkelen er skrevet av Rita Mundal og bygger på en asteroppgåve i Litteraturformidling ved Høgskolen i Oslo, våren 2011.


Legg til kommentar


Sikkerhetskode
Vis ny kode